FEIRET AVTALEN LØRDAG: Eg kunne sjølv sjå at statsråd Tine Sundtoft og dei dyktige medarbeidarane henna gjorde ein god innsats, skriver Solhjell. Foto: Berit Roald / NTB Scanpix
FEIRET AVTALEN LØRDAG: Eg kunne sjølv sjå at statsråd Tine Sundtoft og dei dyktige medarbeidarane henna gjorde ein god innsats, skriver Solhjell. Foto: Berit Roald / NTB ScanpixVis mer

Klimahandlingas tid

Idet støvet har lagt seg, og forhandlingane er over; Korleis skal vi forstå Paris-avtalen, og kva vil den bety?

Debattinnlegg

For første gong på lenge sluttar eit klimatoppmøte med ei kjensle av optimisme og glede. Vi har ein global klimaavtale! Det er mykje i bra i avtalen, og den skal forbetrast med jamne mellomrom. Det er også grunn til å rose den norsk innsatsen. Eg kunne sjølv sjå at statsråd Tine Sundtoft og dei dyktige medarbeidarane henna gjorde ein god innsats.

Men avtalen er langt unna det ideelle. I staden for ein internasjonal avtale som bind opp alle lands utsleppsmål, er det alle lands utsleppsmål som bind opp den avtalen vi har fått.

Det er naudsynt at vi seier det heilt klårt til kvarandre: Paris-avtalen løyser ikkje klimaproblema. Den er eit framsteg. Men berre dersom den vert følgt av handling og radikale endringar av energi- og klimapolitikken i dei fleste land.

På førehand hadde over 180 land meldt inn sine nasjonale klimamål eller ambisjonar til konferansen. Nesten alle land i verda har no ein nasjonal ambisjon, som dei kan bli målt på.

Men samstundes vart det tidlig klart at mange viktige land ikkje ville la seg binde av eit globalt utsleppsmål. Eit land som Kina vil ha klimahandling, dei har gjort eit grundig arbeid med å sette sitt utsleppsmål - men dei har ikkje tenkt å la sin politikk bli bestemt av andre enn seg sjølv. Mange land ser det slik. Dette har ført til at ideen om ein juridisk bindande avtale var død lenge før Paris.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det betyr at det ikkje var klimatoppmøtet i Paris som bestemte kor mykje verdas land skal sleppe ut. Det har landa allereie meldt inn.

Er avtalen nok til å nå 2-gradersmålet? Nei. Svaret krev eit lite resonnement. Vi kan summere kva verdas land har lovd, og få ut det globale ambisjonsnivået. Men mange land har meldt inn måla sine på måtar som gjer eit tolkingsrom, eller med atterhald som gjer at vi ikkje veit nøyaktig kva dei vil havne på. I følgje FN kan vi rekne med at utsleppa i 2030 er 37-52 prosent høgare enn i 1990 som følgje av desse løfta. Det betyr mellom 2.7 og 3.7 grader global temperaturstigning, dersom verda klarar å redusere utsleppa raskt etter 2030. Som vi ikkje veit noko om i dag.

Med andre ord; Dersom vi tolkar alle nasjonale mål for 2030 mest mogeleg positivt, dersom alle politikarar i alle land gjer det dei har lova (!), og dersom verda gjer mykje meir etter 2030, så kan vi hindre at temperaturen stig meir enn 2.7 grader.

Sånn er det. Eg reiste likevel frå Paris meir optimistisk enn på lenge. Av to grunnar.

For det første fordi avtalen inneheld viktige element som må til:

i) Ambisjon. Det manglar ikkje på ambisjonane i avtalen. Verda skal no etterstrebe å halde den globale temperaturstigninga under 1.5 grader, noko dei fleste ekspertar meiner utruleg vanskeleg. Viktig er det likevel. Når vi målet, betyr det mindre katastrofale konsekvensar. Og ein meir ambisiøst mål, betyr sterkare press på alle verdas land.

ii) Oppskalering. Det mest positive med Paris-avtalen er at landa som står bak den sjølv erkjenner at den ikkje kuttar nok utslepp, og at oppskalering må til. Avtalen legg opp til jamleg å bli styrka og forbetra, og heve sitt eige nivå. Gjennom avtalen har verda no eit rammeverk for å få til det. Det er avgjerande viktig!

Avstanden mellom ambisjonane i avtalen og det partane skal gjennomføre for å nå dei, er himmelropande stor. Det er litt som å bestemme seg for å bli olympisk mester, men utan å trene for å bli det. Lite realistisk.

Alle verdas land må difor ut å trene - om vi meiner alvor med ambisjonen og oppskaleringa. For Norges del finst det berre ei rimeleg tolking av dette; Vi må heve våre ambisjonar til å vere i tråd med 1.5graders-ambisjonen. Vi må rekne med å oppskalere våre utsleppsmål for 2030, slik andre land må. Og vi må raskt vedta nye tiltak som kan auke sjansen for at vi når våre eigne mål, både for 2020 og 2030. Mitt råd til klima- og miljøminister Tine Sundtoft vil vere å fremje ei sak om dette for Stortinget, og invitere til eit bredt forlik bak det.

Den andre årsaka til mi optimisme er at handling pressar seg fram, og avtalen kan bidra til det.

I store delar av verda merkar ein allereie klimaendringane. Fleire naturkatastrofar er dyrt, det påfører myndigheiter og forsikringselskap kostnadar. I storbyar som Beijing må ein jamnleg stenge fabrikkar og flyavgangar for å redusere forureininga, i stor grad skapt av kolfyring - som også fører til klimagassutslepp. Avskoging og erosjon går ut over viktig landbruksproduksjon. Dette gjer Kina, USA, Brasil og andre land ei klårare eigainteresse av å kjempe mot klimakrisa. Det skaper handling.

Dei sterke drivkreftene i den globale kapitalismen, basert på fossil energi, har skapt klimakrisa. Dei same kreftene, brukt rett, kan bekjempe krisa.

Her i Paris har mange av verdas største multinasjonale selskap - Coca Cola, Unilever, Sony, Dell, IKEA og meir enn 100 til - lova å gjere eigne utslepp i tråd med 2-gradersmålet innan 2030. Ikkje for å vere greie, men fordi det er i deira interesse.

Byar over heile verda vert no planlagt meir klimavennleg, ikkje minst innan transportsektoren. Det skaper marknad for nullutsleppsbilar, nullutsleppsbussar, baneløysingar og andre former for klimasmart byplanlegging.

Investeringane i fornybar, særleg solenergi, veks i høgt tempo. Dei er mangedobla på kort tid, og potensialet er enormt. Samstundes oppdagar investorar risikoen ved å vere tungt eksponert for fossil energi. Ein avtale som bygger på oppskalering - gradvis sterkare innsats - vil styrke denne tendensen.

Men det skjer ikkje av seg sjølv. Politisk handling må til for å avskaffe subsidier av fossil energi, og prise karbon høgare. Politisk handling må til for å la olje bli liggande, og regnskog bli ståande. Store solkraftverk er billege i drift, men treng kapital til store investeringar for å bli realisert. Politisk handling, til dømes gjennom vårt petroleumsfond, kan bidra med kapital.

Paris-avtalen er for svak, og kanskje vil den bli hugsa for det. Men; den kan også bli vendepunktet. Starten på ei ny tid.

Handlingas tid.