Debatt: Kraftkablene

Klimakortslutning frå Hongset

22. februar skriv Hogne Hongset at kraftutveksling mellom Noreg og nabolanda våre er «en feilslått energipolitikk». Men det er jo verdt å spørre kven den har vore feilslått for?

STØRSTE I EUROPA: Ein av dei viktigaste tinga me kan gjere, er å erstatte kol, olje- og gasskraft med sol- og vindkraft. Då treng me kraftutveksling, skriv innsendaren. Bildet er fra et av Europas største kullkraftverk, Belchatow ved Lodz i sentrale Polen 28. november. Foto: kacper Pempel / Reuters / NTB Scanpix
STØRSTE I EUROPA: Ein av dei viktigaste tinga me kan gjere, er å erstatte kol, olje- og gasskraft med sol- og vindkraft. Då treng me kraftutveksling, skriv innsendaren. Bildet er fra et av Europas største kullkraftverk, Belchatow ved Lodz i sentrale Polen 28. november. Foto: kacper Pempel / Reuters / NTB ScanpixVis mer
Meninger

Har det vore mislukka for dei som sel fossil energi, eller dei som vil erstatte fossil energi med fornybar?

Det er verdt å merke seg at Hongset er tidlegare informasjonssjef i Equinor, og spesialrådgivar i Industri Energi som har åtvara mot fleire kablar til utlandet fordi det trugar norsk gasseksport.

Men Noreg skal jo ikkje fortsette å eksportere klimaproblem i framtida, me skal bidra til å løyse klimakrisa!

Ifølge FNs klimapanel har me 11 år på å halvere utsleppa i verda for å unngå katastrofale klimaendringar. Ein av dei viktigaste tinga me kan gjere, er å erstatte kol, olje- og gasskraft med sol- og vindkraft. Då treng me kraftutveksling. Sol- og vindkraft er, i motsetning til vasskraft, ikkje mogleg å regulere. Vasskrafta speler derfor ei nøkkelrolle i eit fornybart kraftsystem.

For at Tyskland skal kunne bygge meir sol- eller vindkraft må dei vite at dei har straum også når sola ikkje skin og vinden ikkje blæs. Heller enn at dei då må skru på eit kol- eller gasskraftverk, er det meir fornuftig at dei kan få straum frå ein kabel frå Noreg, produsert med utsleppsfri vasskraft.

Hongset skriv at kablane ikkje har noko positiv effekt for klima. Men i Danmark er det klart at vasskraft frå Noreg har gjort det mogleg å legge ned kolkraft og satse på vind. I Danmark har ein kutta ti millionar tonn CO2 frå energisektoren på denne måten – like mykje som 1/5 av dei årlege norske utsleppa!

Til gjengjeld kan Noreg kjøpe billig straum tilbake når danskane har overskot av straum, som dei ofte har når det er mykje vind. Det er uforståeleg at Hongset meiner dette har vore «helt unødvendige kabler», når faktum er at klimaet på denne måten har blitt spart for store utslepp.

Ein annan feil i innlegget til Hongset, er å gi kablane skulda for at straumprisane går opp. Det er høgare pris på klimakvoter som gjer forureinande kolkraft i EU dyrare. Fornybar energi som sol og vind har derimot ein svært billig kostnad, og vil på sikt bidra til å senke straumprisane når me kvittar oss med kol- og gasskraft og blir eit lågutsleppssamfunn.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen?

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukens viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag. Nyhetsbrevet kan inneholde annonser. Du kan når som helst melde deg av.