HAR TRUKKET SEG TILBAKE: Blomstrandbreen ved Ny-Ålesund på Svalbard er blant stedene hvor klimaendringene har blitt tydelige. Isbreen har trukket seg kraftig tilbake de siste tiåra. Foto: Evan Vucci / AFP / NTB scanpix
HAR TRUKKET SEG TILBAKE: Blomstrandbreen ved Ny-Ålesund på Svalbard er blant stedene hvor klimaendringene har blitt tydelige. Isbreen har trukket seg kraftig tilbake de siste tiåra. Foto: Evan Vucci / AFP / NTB scanpixVis mer

Klimarettsaken:

Klimasaka må ankast til Høgsterett

Kjensla av siger har auka etter å ha skåra det fyrste historiske målet. Men truleg er det enno meir å vinna i ein omkamp i Høgsterett.

Meninger

Klimasaka er ei av dei mest omtalte sivile rettssakene i Noreg på fleire år. Norske miljøorganisasjonar og deira støttespelarar gjekk offensivt ut og saksøkt staten for å få kjent ugyldig tildelinga av 10 petroleumsutvinningsløyve i Barentshavet etter § 112 i Grunnlova. Likevel vann staten saka 2-1.

Skal ein halda seg til fotballterminologien, var det miljøorganisasjonane som fekk godkjent det fyrste og historiske målet i klimasaka. Oslo tingrett slår i klimasaka fast at § 112 i Grunnlova gjev ein rett til å få prøvd og kontrollert lover og forvaltningsvedtak som har vesentlege miljøkonsekvensar.

Jørn Øyrehagen Sunde, professor ved Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen
Jørn Øyrehagen Sunde, professor ved Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen Vis mer

Dette er gledeleg, men ikkje overraskande. Ein slik rett kan ein lesa ut av ordlyden i § 112, av forarbeida, av diskusjonen i Kontroll- og konstitusjonskomiteen og i Stortinget, og av juridisk teori.

Det overraskande er at regjeringsadvokaten hevda noko anna. No er denne retten utrykkeleg slått fast, og det er ingen grunn til å tru at Høgsterett vil koma til eit anna standpunkt i ei eventuell ankesak.

Trass i ein god start for miljøorganisasjonane, gjekk altså staten av med sigeren. Det skjedde etter nokre diskutable dommaravgjerder.

Oslo tingrett slår altså fast at § 112 i Grunnlova er ein menneskerett som kan tena som grunnlag for prøving og kontroll. Då kunne ein forventa at tingretten plasserte regelen i den etablerte modelen for prøvingsrett.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Sidan 1976 har det vore udiskutabelt at terskelen er låg for at ein domstol set til sides lov eller forvaltningsvedtak i saker som gjeld fundamentale rettar. Terskelen er noko høgare for saker som gjeld økonomiske rettar og samfunnsøkonomi, og høgast i saker som gjeld kompetansefordeling mellom statsmaktene og deira organ.

Retten til vern om miljøet etter Grunnlova er altså ein menneskerett. Dermed bør den plasserast i den fyrste kategorien med låg prøvingsterskel. Regjeringsadvokaten ville kanskje ville ha plassert vern om miljø i økonomikategorien, fordi olje- og gassverksemd har samfunnsøkonomiske konsekvensar. Men under eit kvart omstende vil det seia at terskelen for prøving ikkje skal vera for høg.

Hadde tingretten resonnert rundt dette, ville det ha vore langt vanskelegare og krevjande å leggja terskelen så høg som den faktisk gjer i klimasaka. Det ville ha auka sjansen for miljøorganisasjonane vann saka. Ein får håpa Høgsterett brukar tid på dette spørsmålet i ei eventuell ankesak.

Oslo tingrett bygde på Menneskerettsutvalet sin inngåande rapport om Grunnlovsreform frå 2012 då den avgjorde at § 112 er ein bruksregel og ingen faneparagraf. Difor skulle ein forventa at tingretten òg tok med det andre hovudpoenget til utvalet: At grunnlovsvernet om miljøet er for lite brukt.

I følgje Menneskerettsutvalet skuldast dette at terskelen for prøving og kontroll hadde vore for høg, og at den måtte senkast. Det skjedde ikkje i klimasaka. Ein får håpa at Høgsterett tek opp til vurdering heile argumentasjonen til Menneskerettsutvalet i ei eventuell ankesak.

I staden legg Oslo tingrett terskelen for prøving og kontroll etter § 112 i Grunnlova høgt. Den grunngjev dette med særleg tre argument.

For det fyrste vert Menneskerettsutalet sitert på at skal «fortsatt være stort rom for politisk skjønn». Men dette gjeld tiltak staten gjer for å avhjelpa miljøskade som følgjer av andre faktorar enn staten sjølv.

Det gjeld dermed ikkje i samband med at staten i verk tiltak som kan føra til miljøskade, som å tildela petroleumsutvinningsløyve i Barentshavet. Dette såg rett og slett ikkje Menneskerettsutvalet føre seg kunne skje.

For det andre hentar tingretten fram demokratiargumentet – respekt for folkevalte avgjerder. Dette er eit tungt og viktig argument. Men folkesuverenitet og maktbalanse er like viktige i eit demokrati. Ein skal ha eit folkevalt grunnlag for politikken, men politikken skal òg vera underlagt prøving og kontroll.

Legg ein lista for prøving og kontroll for høgt, undergrev ein demokratiet like mykje som om ein legg lista for lågt. Ein får håpa Høgsterett gjer ei vurderinga av dette i ei eventuell ankesak.

For det tredje kjem Oslo tingrett til at utslepp som følgje av petroleumsutvinning i Barentshavet ikkje vil gje eit vesentleg bidrag til det samla norske utsleppet. Men tingretten drøftar ikkje kva som er vesentleg. Ein kvar dråpe er uvesentleg heilt til den siste som gjer at det renn over, og som dermed vert vesentleg.

Det var eit argument miljøorganisasjonane nytta i saka, men som tingretten ikkje drøftar. Dette er òg eit argument som har fått gjennomslag i klimasaker i andre land, og som ein får håpe Høgsterett tek det opp i ei eventuell ankesak.

Oslo tingrett la heller ikkje vekt på førevar-prinsippet. Dette er eit grunnleggjande prinsipp i miljøretten. Tanken er at når faren for irreversibel skade er stor, må ein ha sikker kunnskap før ein set i gang tiltak.

Det er gjennomgåande i klimasaka at tingretten brukar manglande kunnskap og usikkerheit om framtidig utvikling som argument for eit vidt politisk spelerom. Dersom ein tek førevar-prinsippet på alvor, vil det i staden tala for å innskrenka det politisk speleromet. Dette får ein håpe at Høgsterett drøftar i ei eventuell ankesak.

Til sist bør det peikast på at tingretten burde ha tatt inn over seg at prøving og kontroll er nytt og uklart på miljøfelt. Dermed skulle tingretten ha nytta saka til å gje eit bidrag til å avklara kva som er gjeldande rett.

Når retten i staden vel å ikkje drøfta inngåande dei mange spørsmåla ei slik sak reiser, så tvingar den fram nye saker for å få ein inngåande vurdering av kvar terskelen for prøving og kontroll skal liggja. Ein håpe Høgsterett i større rad bidreg til avklaring i ei eventuell ankesak.

Staten spelar alltid på heimebane i sitt eige domstolssystem. Særleg når ei sak gjeld store nasjonale interesser som olje- og gassverksemd. Difor er det ein siger i seg sjølv at kampen er i gang. Kjensla av siger har auka etter å ha skåra det fyrste historiske målet. Men truleg er det enno meir å vinna i ein omkamp i Høgsterett.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook