SKUMLE SØTSAKER:Har vi mennesker den sjøldisiplinen vi fortjener? Eller må vi sørge for påfyll etter påfyll via aviser, bøker og forskere? Foto: NTB Scanpix
SKUMLE SØTSAKER:Har vi mennesker den sjøldisiplinen vi fortjener? Eller må vi sørge for påfyll etter påfyll via aviser, bøker og forskere? Foto: NTB ScanpixVis mer

Klok av søtskade

Agnes Ravatn om Marshmallow-eksperimenter og bølgen av sjølhjelpsbøker.

Meninger

Av Agnes  Ravatn, forfatter  og skribent.

Store delar av forskinga på sjølvdisiplin dei seinaste tiåra spring ut av Walter Mischels berømte marshmalloweksperiment på slutten av 60-talet. Eksperimentet har nærast fått sin eigen plass i det kollektive, populærvitskaplege medvitet, og overalt der viljestyrke og sjølvkontroll er nemnt, blir eksperimentet halde fram som det store provet på at evna til å utsetje påskjøning er den viktigaste personlege eigenskapen for den som ønsker å leve eit langt, lykkeleg liv.

  Åleine i eit rom
No er tida inne for å moderere denne påstanden. Mischels resultat er nemleg ikkje så eintydige som me som er glade i å formidle enkle og sterke bodskapar, skal ha det til. Først ein rask repetisjon: Barn i fire-femårsalderen blei plasserte åleine i eit rom og fekk servert ein marshmallow.

 Dei fekk beskjed om at dei kunne få ete den store, mjuke sukkerbomba med det same - eller dei kunne vente mens den vaksne var ute eit ærend, og dersom dei greidde å motstå freistinga i mellomtida, skulle dei få to marshmallowar når han kom tilbake. Barna blei filma mens dei sat der fanga i eit umogleg dilemma. [bilde=1, right]

 Nokre kasta seg over mashmallowen med ein gong. Andre venta, mens beina sprella under bordet - men måtte gi tapt etter få minutt. Dei barna som greidde å halde seg på matta heile kvarteret den vaksne var ute, brukte ulike metodar for å undertrykke lysta på sukkertøyet. Dei heldt seg for augo, song, leika gøymsle med seg sjølve - kva som helst som kunne døyve lysta til å stappe den kvite sukkerputa langt ned i halsen.Eksperimentet var i grunnen over med dette.
  Føremålet var å undersøke korleis barn utviste sjølvkontroll. Men nokre år seinare dukka forsøket opp att. Barna som hadde vore med den gongen, var nemleg klassekameratar av Mischels dotter. Etter kvart som dottera fortalde om klassekameratane sine mens åra gjekk, begynte det å teikne seg eit mønster.

Mischel henta fram resultatet frå det gamle forsøket og samanlikna det med korleis barna no greidde seg på skulen.Gjennomgåande var det slik at dei av barna som hadde greidd å vente med å ete sukkertøyet, klarte seg betre på skulen.
  
Utvise sjølkontroll
Mischel følgde med dei vidare inn i vaksenlivet, og det same synte seg: Dei som hadde gitt etter og ete marshmallowen, hadde større problem i yrkeslivet, mindre stabile samliv, høgare kroppsmasseindeks, dårlegare mental helse, nokre hadde rulleblad, og så bortetter.

Ut av dette slutta Mischel at det måtte finnast to ulike prosessar i mennesket som kjempar om førarsetet og sjølvkontrollen: eit «varmt», emosjonelt, spontant og driftsstyrt system som fell for alle fristelsar, og eit «kaldt», kognitivt, strategisk og kjenslemessig nøytralt system - som er i stand til å utvise sjølvkontroll.

I dag ser forskarar ut til å vere einige om at dei to viktigaste faktorane for å bestemme korleis folk vil klare seg her i livet, er intelligens og sjølvkontroll. Og av desse to - og dette er det nye - er sistnemnde klart viktigast. La det vere sagt: Funna til Mischel er blitt reproduserte i mange seinare eksperiment, og evna til å motstå freistingar i kvardagen for på sikt å oppnå dei resultata ein ønsker seg, er opplagt viktig for både indre og ytre harmoni.

Fåfengt forsøk
Men som på dei fleste områda i livet finst det òg på emnet sjølvkontroll eit klasseperspektiv, som er blitt utførleg tagd i hel i den lettbeinte og uforpliktande slik-kan-DU-klare-å-motstå-marshmallowen-journalistikken. Nettavisartiklane og sjølvhjelpsbøkene slår fast at sjølvkontroll er «alt». Å «lære» seg meir sjølvkontroll - det vil seie å lære seg å spare viljestyrken snarare enn å gjere eit fåfengt forsøk på å styrke han - vil utvilsamt gjere livet lettare på mange område. [sitat=1, right]

Å endre rutinar, kvitte seg med dårlege og etablere gode vanar, bli betre til å skjerme seg for fristelsar, disponere kreftene sine og få bukt med det som gjer kvardagen unødvendig stressfylt, vil alt kunne ha ein svært heldig innverknad på tilværet. I løpet av den tida eg har lært meir om sjølvkontroll, har kvardagen min blitt vesentleg endra til det betre; først og fremst fordi eg endeleg langt på veg har greidd å frigjere meg frå nettavisene, e-postsjekkinga og smarttelefonen.

Forsøksbarna
 
Men som sagt: Kva viser Mischels herostratisk vidgjetne eksperiment eigentleg? Eller rettare sagt: også? I 2013 blei resultata frå ein «ny» versjon av det opphavlege eksperimentet publisert i tidsskriftet Cognition. I denne utgåva av det klassiske forsøket var forskarane særleg interesserte i å finne årsaker til at nokre barn ikkje greidde å utsetje påskjøninga. Forsøksbarna, på same alder som dei første marshmallowbarna, blei delte inn i to grupper.

I kvar gruppe skulle barna få lage sin eigen kopp, ved å dekorere eit lite stykke papir som deretter skulle klistrast på eit pappkrus. I den første gruppa fekk dei utdelt ei krukke med gamle, velbrukte, skitne fargestiftar og blei stilte overfor følgande val av den vaksne: Du kan anten bruke desse fargestiftane eller vente på at eg går ut og hentar eit stort sett med heilt nye fargestiftar.

 I den andre gruppa kunne barna få bruke eitt lite klistremerke med éin gong, eller vente på at den vaksne gjekk ut og henta eit nytt brett med fleire og større klistremerke. Barna var åleine med klistremerket eller fargestiftane i to og eit halvt minutt før den vaksne kom tilbake.

Men forskarane ville at barna skulle greie å vente, og derfor var loket til fargestiftkrukka med vilje gjort vanskeleg å opne, og det vesle klistremerket var limt fast til arket med superlim. Alle greidde å vente. Men her kjem poenget: Både fargestift- og klistremerkebarna var igjen delte i to: i eit «påliteleg miljø» og eit «upåliteleg miljø».

I fyr og flamme
 I det første kom den vaksne tilbake med eit gigantisk og fantastisk velassortert brett fylt til randa av kule teiknesaker eller med fleire ark fulle av store klistermerke med Disney-prinsesser eller Toy Story-motiv, og barna blei naturlegvis i fyr og flamme. I det «upålitelege» miljøet, derimot, kom den vaksne tomhendt tilbake, og sa: «Eg er lei for det, men eg tok visst feil. Det er ikkje fleire teiknesaker/klistremerke igjen.

Men du kan jo berre bruke dette i staden?», med eit nikk til dei elendige fargestiftane eller det ørvesle klistremerket. Dermed sat forskarane att med ei gruppe barn som stolte på omgivnadene, og ei gruppe som ikkje gjorde det. Etter at barnet - anten i vill begeistring eller i djupt vonbrot - deretter hadde gjort ferdig det vesle kunstverket sitt, sa den vaksne: «Du blei ferdig akkurat i tide, for no er det godteritid!», for så å legge ein marshmallow på bordet framfor barnet. [bilde=2, left,eight]
Mutters aleine
 
Dei stakkars barna fekk deretter følgande val: «Du kan anten ete denne no med ein gong, eller du kan vente på at eg går og gjer ferdig koppen din! Og då kan du få éin ekstra marshmallow! Men dersom du et denne før eg kjem tilbake, får du berre den eine.

Greier du å vente?» Den vaksne forlét så rommet i heile femten minutt, mens barnet sat mutters åleine med ei stor, kvit, fristande sukkerpute framfor seg. Resultatet: Av barna i det «pålitelege miljøet» greidde 9 av 14 barn å vente heilt til den vaksne kom tilbake.

 I det «upålitelege» miljøet: 1 av 14. Så - korleis skal ein tolke eit slikt resultat? Forskarane sjølve meinte at forsøket viser at barns oppfatning av verda som ein påliteleg stad spelar ei stor rolle når dei skal utsetje påskjøning.

Det handlar om rasjonalitet. Det vil seie: Ein del av barna i Mischels eksperiment som åt marshmallowen med det same, hadde kanskje sine fornuftige grunnar til det. Bakgrunnen for denne nye versjonen av det klassiske eksperimentet var erfaringane Celeste Kidd, den eine av forskarane, gjorde som frivillig i eit herberge for heimlause i California.

Ho las om Mischels eksperiment mens ho arbeidde der, og det slo henne at mest sannsynleg ville alle barna som budde på herberget, ha ete marshmallowen på flekken.

Barns evne
Men sa det eigentleg så mykje om kapasiteten deira for sjølvkontroll? På herberget var det store fellesområde, der fleire familiar budde i lag, og det kunne vere vanskeleg å få ha sine personlege eigedelar heilt i fred. Det «nye» marshmalloweksperimentet seier altså ikkje like mykje om barns evne til sjølvkontroll som barns evne til å gjere rasjonelle val: Éin marshmallow er dårlegare enn to, men betre enn ingen.

 Som Kidd seier: Dersom du er van med at tinga dine blir tatt frå deg, er det å ikkje vente det rasjonelle valet. Kidd og medforskarars funn er konsistent med anna forsking som viser at barn er følsame overfor uvisse rundt framtidige påskjøningar, og med populasjonsstudiar som viser at barn med til dømes fråverande fedrar føretrekker omgåande påskjøningar framfor framtidige, større påskjøningar.

Når marshmalloweksperimentet blir gitt att i dag, har dette sosioøkonomiske aspektet ein tendens til å bli borte. At barn som veks opp under ustabile tilhøve, i snitt får andre resultat når det gjeld arbeid og helse, enn barn som veks opp i trygge omgivnader, forbausar ingen.
   Avsløre barna
Walter Misschel sjølv studerte korleis oppvekstmiljø, tillit og sjølvtillit påverka korleis barn utsette påskjøning, men i attforteljingane av eksperimentet har denne informasjonen langsamt skala av, og bodskapen som er igjen, er gjerne variasjonar over temaet «sjølvkontrollen din bestemmer skjebnen din!».

Konklusjonen er dermed følgande: 1. Nokre av dei som et marshmallowar, gjer det med god grunn. 2. For deg som sit med planar om å ta marshmallowtesten på dine eigne barn: Det kan like gjerne vere at du kjem i skade for å avsløre at barna dine ser på deg som ein løgnaktig og ustabil tulling.

Teksten er et utdrag fra boka  «Operasjon sjølvdisiplin» av Agnes Ravatn.
 

SKRIBENT: Agnes Ravatn.
SKRIBENT: Agnes Ravatn. Vis mer
TOY STORY: Filemen ble en stor suksess, en søtladen story.
TOY STORY: Filemen ble en stor suksess, en søtladen story. Vis mer