Klyve, Odveig

Slik ble jeg forfatter:

- Då den første boka mi kom ut i 1993 var dette etter ein lang prosess, der det nødvendige i det å skriva var heile drivkrafta. Det er det framleis. Det å finna eit uttrykk gjennom skrift er for meg ein måte å pusta på. Det har vore viktig å lesa og skriva sidan eg lærte bokstavane. Men fyrst etter mange år med studiar og arbeid (ikkje berre med litteratur),var eg klar for å gå ut med det eg skreiv. Eg har tru på litteraturen, og særleg poesien som ei motrørsle til det kjappe, effektive og overfladiske.

Beste leseropplevelse:

- Eg har mange gode lesaropplevingar. Ein av dei tidlege var "Fuglane" av Tarjei Vesaas. Eit verk som gjev rom både for poesi og forteljing.

Mine litterære forbilder:

Eg har mykje å læra av så ulike forfattarar som - Ingeborg Bachmann, Olav H Hauge, Paul Celan, Marie Redonnet, Marguerite Duras, Gunnar Ekeløf og Raymond Carver. Eg blir stadig inspirert av å lesa desse og mange andre.

- Slik liker jeg å jobbe:

Det er viktig for meg å prøva ut idear i skrift utan å snakka om dei. Det er ei form for utforsking som krev ro. Eg likar å jobba i konsentrerte periodar med kortare avbrot som kan hjelpa meg til å få avstand til det eg skriv. Då kan eg lettare vurdera og revurdera undervegs.

(Dagbladet.no 11.09.00)