BOK: Kolbein Falkeid opplever det som få poetar opplever. I sitt syttiande år må gigantboka med samla dikt prentas i nytt opplag, han vert portrettert på TV i beste sendetid, og han vert hylla med store oppslag i avisene.
Den aldrande poeten med sitt kvite skjegg har også nådd langt ut over lyrikklesarkrinsar med sine songtekstar til gruppa Vamp. Og det er sjølvsagt ikkje tilfeldig at det er Falkeid som opplever dette.
Det vanlege
Å lesa gjennom titlane på diktsamlingane hans i «Samlede dikt», er å vekkja opp leseopplevingar frå heile mitt diktlesande liv. På ny slår det meg at han har ein merkverdig evne til å formidla på ein forståeleg måte opplevingar som er henta opp frå djupet av folks vanlege erfaringar.
Han formulerer desse gjennom poetiske bilete som brått løftar dei vidare mot gåtene. Når ein les den store mengda forståelege dikt han har gitt oss, får ein lyst å helsa poeten med eit sitat han sjølv har nytta, nemleg desse orda av Harry Martinson: «Jag älskar dig därför att du måste arbeta så hårt, och för att du är så enkel.»
Hav av dikt
Alle som har prøvd å skriva dikt veit at det så langt frå er enkelt å skriva forståeleg om innfløkte ting, slik som grunnleggjande livserfaring. Falkeid har klart det. Gong på gong.
For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn
Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.
Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.
Gå til innlogging medVi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.
Vi bryr oss om ditt personvern
Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.
Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger