DIKEMARK: På Dikemark sykehus i Asker får pasienter psykiatriske diagnoser behandling. «Dei som trur at Breivik får leva herrens glade dagar på sterkavsnittet, kjenner dårleg til psykiatrien», skriver artikkelforfatteren. Foto: Geir Bolstad
DIKEMARK: På Dikemark sykehus i Asker får pasienter psykiatriske diagnoser behandling. «Dei som trur at Breivik får leva herrens glade dagar på sterkavsnittet, kjenner dårleg til psykiatrien», skriver artikkelforfatteren. Foto: Geir BolstadVis mer

Kollektiv avstraffing

PST utnyttar Breivik-saka for å få større tilgjenge til verkemiddel for å trakassera psykisk sjuke.

Tysdag 29. november 2011 kan verta ståande som det store tilbakeslaget i kampen for rettane til psykisk sjuke. Anders Behring Breivik vart erklært psykotisk på handlingstida, og i dagane etter vart det tydeleg at halve landet miste hovudet fullstendig. Det kom mellom anna krav om lovendringar som ville råka psykisk sjuke lovbrytarar - frå ei lang rekkje presumptivt oppegåande personar.

På NRK Dagsrevyen 6. desember kom det fram at PST føreslår å oppretta eit spesialteam med politibetjentar frå PST og psykiatriske sjukepleiarar som skal oppsøkja psykisk sjuke for å undersøkja om trugsmål dei har sett fram er reelle. PST utnyttar Breivik-saka for å få større tilgjenge til verkemiddel for å trakassera denne gruppa, og dette utdraget frå PST si ugraderte trusselvurdering for 2005 syner at det ikkje er fyrste gongen dei manar fram fordomar:

«Akutte endringer i sykdomsbildet hos personer med alvorlige psykiske lidelser kan raskt få betydning for farligheten og handlingsdyktigheten til disse personene, også uten at det foreligger noe varsel i form av trusler eller medisinske observasjoner.»

Eg vonar det ikkje vert like lettvint for psykiatrien heretter å karakterisera påstandar om overvaking som teikn på psykose. Å endra lovverket i retning meir restriksjonar og meir langvarig innesperring av psykisk sjuke for å hemna seg på Breivik, vil resultera i kollektiv avstraffing av psykisk sjuke i mange år framover, utan at hovudpersonen vert råka av desse lovendringane. Det er trist å vera vitne til aukande forakt mot menneske med psykiske lidingar berre på grunn av at Breivik har fått psykosestempelet. Pressefolk har brukt uttrykk som «Gal manns verk?», men det er ikkje noko som går utover han åleine; skulle det vera tilsvarande greitt å kalla Mullah Krekar for «halvpakkis» og «muslimjævel»?

Dei som trur at Breivik får leva herrens glade dagar på sterkavsnittet, kjenner dårleg til psykiatrien. Han vil verta utsett for tvangsmedisinering om han ikkje tek medisinen sin friviljug. Tvangsmedisinering med nevroleptika (og elektrosjokk under tvang) er det grovaste overgrepsverktyet staten rår over. Denne tvangsbehandlinga bør verta forboden, både når det gjeld lovlydige og kriminelle psykisk sjuke, og Breivik sin diagnose er ikkje noko akseptabelt grunnlag for lovendringar som medfører meir innesperring av menneske med psykiske lidingar, same kva «Den rettsmedisinske kommisjon» eller nye sakkunnige kjem fram til. Når folk kjem til seg sjølve att, vonar eg dei ser dette.