I ALLE NÆROMRÅDA: Per Sandberg i Dagbladets valgbod i nærområda rundt Stortinget. Han blei også send til nærområda i Libanon. Foto: Lars Eivind Bones
I ALLE NÆROMRÅDA: Per Sandberg i Dagbladets valgbod i nærområda rundt Stortinget. Han blei også send til nærområda i Libanon. Foto: Lars Eivind BonesVis mer

Kollektivt gjennombrot

Hjemmesitting er en halv stemme til dem du liker minst.

Kommentar

DENNE VALKAMPENS største negative overraskelse er Jonas Gahr Støre, den akilles-skada pilegrimsvandraren som la vegen om Sarons dal. Då denne framandkulturelle innvandraren i Arbeiderpartiet steig ned til ordinære politikarar og folk flest, viste det seg at supermannen er ein vanlig, sårbar politikar som taper sine overnaturlige krefter når han blir utsett for krangel, kritikk og kryptonitt.

SKOLEVALET blei ein kolossal triumf for Arbeiderpartiet. Eg er skuffa over ungdommen. Det er forståelig at folk flest lener seg til eit statsberande modellparti når livstida er inne for trygghet for arbeid og inntekt og pensjon, men før det burde dei jo ha vore innom noe meir spennande og utfordrande.

DEN STORE SKOLETAPAREN er Høgre. Det var så ille at Erna Solberg ikkje ville visa seg på valvake med Unge Høire i nederlagets time. Men det skal den store og robuste statsministeren ha: Ho drog til drevlandet Bergen, der det står endå dårligare til. På flyet droppa ho «Candy Crush» og spelte «Game of War» på iPaden.

EIN ANNAN TAPAR er NRK, som har late den poserande Anders Magnus dumma seg ut gjennom heile valkampen, under styring av Kyrre Nakkim. Det blei til slutt så ille med merkelig statistikk og umotiverte avbrot at motpartane Trine Skei Grande og Audun Lysbakken måtte samarbeida for å redda dei barnefattige stumpane.

Artikkelen fortsetter under annonsen

FOTBALLANDSLAGET har endelig vunne igjen. Dei slo ikkje Bulgaria og Kroatia i overdriven tru på private einmannsføretak og individuelle løysingar. Dei berget sigeren med solid defensiv organisering og kollektiv kraft, i tradisjonen etter den røde Drillo og den sosialdemokratiske godfoten til Nils Arne Eggen. Etterpå trappa trenaren, Per-Mathias Høgmo, ned med å driva valkamp for Arbeiderpartiet i Tromsø.

JENS ULLTVEIT-MOE er ein artig og uforutsigbar kapitalist. På eit knapt minutt i Dagsrevyen, frå sin terrasse på Lysakers feitaste tomt, klarte han det bondehæren aldri har makta under kampropet Oss ha gjort kva gjerast skulle: Å ta knekken på Sylvi Listhaugs retorikk om at konsesjonslova må bort for å hjelpa ungdom inn i landbruket til fråflytta småbruk. Burgerkongen er parat til å kjøpa opp matjord — ikkje for å dyrka noe der, men for å spekulera i å få jordene omregulert til tomter for hus og næringsbygg.

DEN SISTE VIKING er Jan Bojer i Miljøpartiet De Grønne. Han var også ein av dei første og har sete i Trondheim bystyre sidan 1991. Før det sat han i Slottsparken, dreiv Gateavisa, laga makrobiotisk mat i Hjelms gate, var kollektivist på Karlsøy i Troms og skreiv bøker om okkultisme og hampens velsigneslar. Han omsette Bob Dylans «The Times They Are A-Changin'» til norsk som «Ei ny tid er i emning». Og slik er det blitt, for Jan Bojer Vindheim kjenner valvinden i ryggen etter 28 år med vannbæring i motvind: «Nå er det sånn at alle våre valgkampinnspill blir til gull uansett hva vi gjør, og andres blir til dritt.»

DET RENNER TÅRER i Oslo gater over alle flyktningane som strøymer til. Noen av dei er så heldige å få plass i Petter Stordalens herberge. Dei andre kan risikera å møta Anders Anundsen som vandrar rundt i sin eigen film og trur han er David Attenborough. Mens Per Sandberg blei send til nærområda i Libanon, heldt Carl I. Hagen fortet med facebook-oppdateringar på seine laurdagskveldar. Var ikkje den mannen forresten feitare før, med vidare nasebor og større mellomrom mellom fortenna? Han skulle vel aldri ha skaffa seg billige operasjonar i Spania?

VALGOMATANE held eg meg langt unna, for dei anbefalar meg alltid å stemma på eit parti eg ikkje liker. Eg har alltid stemt på det same partiet, men det er lenge sidan eg blanda partiets standpunkt og kandidatar og alliansar inn i stemmegivinga. Om partiet skiftar kappe etter vinden, gjer ikkje eg det. For det er det stora, og det er det glupa, at mannen han stend, um merket det stupa. Det er enklast og best slik. Eg slepper å bli vaklevoren og halda meg for nasen når eg legg stemmesetelen i urna. Og eg unngår krysspress, i solidaritet med valforskarane; for dei har det vanskelig nok som det er, når stadig fleire veljarar er på kvilelaus vandring.

SKÅL FOR VALFRIDOMEN. Den er nå blitt så stor at i år kan du kasta deg på segwayen og dra til Polet og kjøpa boblevatn på valdagen. Om ikkje kommunen din blokkerer for den fridomen regjeringa har gitt deg. Snart blir det vel mulig å bunkra på søndagar óg, for oss som bur i store og robuste kommunar, eller i ein kommune som døyper seg om til «turistkommune». Turist i vår eigen, udelte by. KOM I HUG orda til den ubikvitetiske og allestedsnærværende Frank Aarebrot. Dei er eit valforskar-konsentrat av 200 råd på 200 minutt: «Hjemmesitting er en halv stemme til dem du liker minst.»

GODT VAL.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook