Kritisert: Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) får kritikk for synet på homofile. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
Kritisert: Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) får kritikk for synet på homofile. Foto: Heiko Junge / NTB scanpixVis mer

Kom deg ut av anti-homoparaden, Ropstad

Vil du vere min minister òg, så får du komme deg ut av anti-homoparaden som har trampa med jernhæl over homofile her i landet så lenge eg har levd. Og det er lenge.

Meninger

«Du, Jarl, kjem til å hamne i helvete,» sa ein kollega til meg ein dag under lønsjen. Grunnen til at eg plutseleg sat med einvegsbillett til ein langt varmare stad enn eg hadde tenkt meg, var at eg praktiserer (!) homofili. Ho hadde riktig slags tru og dermed ein sjølvsagt rett til å dømme levande og døde.

Spaltist

Jarl Wåge

er debattant, skribent og tidligere vinner av forteller-konkurransen «Storyslam». Foto: Sunniva Halvorsen

Siste publiserte innlegg

Det har gått ein anti-homoparade gjennom Kristeleg Folkeparti sin historie. Sex generelt (som ikkje er mellom ekte heterofile folk i ektesenger) og homosex spesielt, har ridd partiet som ei mare. Ikkje noko har vore betre eigna til å samle kristne i ein brei front enn homosaka. I dag er det ikkje noko som splittar kristne meir enn den.

Det var først då homofile byrja å bli ein del av det generelle samfunnsbildet, at anti-paraden verkeleg manifisterte seg. Tidleg på 1950-talet blei det ymta frampå om at homofili ikkje lenger skulle være straffbart. I 1954 publiserte eit samla bispekollegium eit hyrdebrev for å åtvare det norske folk mot homostyggedomen. Dei skreiv mellom anna:

«Homofile handlinger får gjelde som de perverse og forkastelege ting de er. Vi står overfor en fare av verdensdimensjoner.» Om det heile ikkje hadde vore så tragikomisk, hadde eg nok tillete meg å suge på «jeg-en-fare-av-verdensdimensjoner-karamellen».

I 1972 blei homoseksualitet avkriminalisert i Noreg. Kristeleg Folkeparti var einstemmig imot. Dei meinte nok det var tryggast for verdsituasjonen at dei perverse blei oppbevarte bak lås og slå. I 1973 uttalte pastor Nils M. Moll at det riktige ordet på homofili er homomani, som betyr galskap. Same år hevda biskop Dagfinn Hauge at han personleg såg på homofili som eit handicap på lik linje med nedsett syn, psykose og kleptomani. Så det så.

Mange kristne var heller ikkje fornøgde med at at homofile blei «friskmelde» i 1978 då homofili blei stroke frå lista over psykiske lidingar. Men mangel på diagnose har aldri hindra enkelte i å sykeleggjere oss perverse. Det kjem i alle fall stadig tilbod om helbreding.

På 1990-talet deltok eg i debattprogrammet «Holmgang» på TV2. Tema: kristendom og homofili. Pastor Jan Åge Torp, sjølverklært homohelbredar, var ein av deltakarane. Han hadde med seg ein mann som han viste fram og insisterte på var blitt heterofil ved Guds hjelp. Homodjevlane hadde vel rett og slett flykta.

Medan eg sit og skriv dette, tikkar det inn meldingar om TilHelhet. Ein organisasjon som tilbyr «re-integreringsterapi» til homofile. Misjonskirken Norge, som Kjell Ingolf Ropstad sitt kyrkjesamfunn i Oslo er ein del av, er tilknytta TilHelhet. Når folk bruker tid og krefter på å «reintegrere homofile» til heteroverda, får eg ein ubendig trong til å minne om Jesus sine ord om at det ikkje er dei friske som treng til lækjedom.

Situasjonen for homofile i Noreg har utvikla seg slag for hardt utkjempa slag. Det aller meste til det betre, sjølv om transpersonar no står midt i skotvekslingane og treng støtte meir enn nokon gong. Etter kvart har mange kristne kome fram til at Gud ikkje hatar homofile. Ein hard kjerne, som tydelegvis treng hakkekyllingar, meiner framleis at vi har open billett til helvete. Men om vi tek til vet, lever i sølibat og sluttar med den helsikes praktiseringa (!), blir det kanskje ein plass til oss òg i paradis.

I 1993 kom partnarskapslova, kjempa fram av homoaktivistar og politikarar hovudsakleg på venstresida. Gud hjelpe meg for nokre debattar det blei. Kjell Magne Bondevik, leiar i KrF på den tida, kjempa med nebb og klør imot at homofile skulle få lovregulere samlivet sitt. Eitt av argumenta mange brukte, var at partnarskap ville undergrave og øydeleggje det heterofile ekteskapet. Utan at nokon heilt forstod korleis det skulle gå til. KrF gjekk sjølvsagt einstemmig imot lova.

Nøyaktig dei same argumenta høyrde vi då det i 2008 blei vedtatt at ekteskapslova også skal gjelde for homofile. Øyredøyvande motstand. Og KrF stemte imot. Igjen. Mange debattantar har stadig, med sørgmodig blikk og Bibelen i hand, fortalt kor uendeleg vondt det gjer dei å måtte dømme homofile nord og ned. «Tørk vekk krokodilletårene,» tenkjer eg då. «Ikkje i nærleiken av så vondt som det gjer kristne homofile som blir rivne i fillebitar av å måtte velje mellom dykkar fordømmande Gud og kjærleiken.»

KrF gjekk også imot at homofile skal få adoptere barn. Ideelle kristeleg-folkepartifamiliar skal sjølvsagt bestå av ei mor, ein far og barn.

Frp har òg vore ivrige deltakarar i anti-homoparaden til KrF. Partiet har stemt imot alle lovforslag som skulle gjere homofile til fullverdige norske medborgarar, sjølv om dei etter kvart har akseptert ekteskapslova.

Anti-homoparadepartiet har no hamna i regjering og fått barne- og familieministeren. Kjell Ingolf Ropstad har sagt tydeleg i frå at han ikkje støttar helbreding av homofile og insisterer stadig på at han er minister for alle.

Det kan vere på sin plass å minne han på at han i 2015 uttalte at det er greit at privatskular krev av sine tilsette at dei ikkje skal inngå likekjønna ekteskap. Han meiner òg at det er opp til trussamfunn om dei vil tilsetje praktiserande (!) homofile prestar. Og barne- og familieministeren-for-alle er imot at homofile skal få adoptere barn.

Ropstad har uttalt at han ikkje vil gå i Gay Pride. Og eg tenkjer at det må han få sleppe. Det ville ha blitt ein klam seanse både for han og Gay Pride.

Men ein ting vil eg, praktiserande (!) homofil, seie til deg, Kjell Ingolf Ropstad:

«Vil du vere min minister òg, så får du i alle fall komme deg ut av anti-homoparaden som har trampa med jernhæl over homofile her i landet så lenge eg har levd.» Og det er lenge.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen?

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukens viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag. Nyhetsbrevet kan inneholde annonser. Du kan når som helst melde deg av.