NYTT FELT: Kvifor er de så ivrige etter å brenne opp desse unike råmateriala? spør artikkelforfatteren. Her får olje- og energiminister Terje Søviknes omvisning på plattformen etter den offisielle åpningen av Ivar Aasen-feltet i Nordsjøen i februar. 
<span style="background-color: inherit;">Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB Scanpix</span>
NYTT FELT: Kvifor er de så ivrige etter å brenne opp desse unike råmateriala? spør artikkelforfatteren. Her får olje- og energiminister Terje Søviknes omvisning på plattformen etter den offisielle åpningen av Ivar Aasen-feltet i Nordsjøen i februar.  Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB ScanpixVis mer

Kom heim, Søviknes!

Den nye ordføraren i Os gjer ein strålande jobb, det er ikkje det. Men vi kan ikkje ha ein energiminister som bare ser olje, der andre ser mogelegheiter.

Meninger

På landsmøtet framstilte du det som om Frp er dei einaste som ser verdiane i petroleumssektoren, at Frp er dei einaste som vil ta vare på viktig kompetanse.

Sjølvsagt er det ikkje slik. Både kompetansen og arbeidarane har plass i næringslivet i framtida. Men kompetansen og erfaringane som er utvikla på sokkelen kan ikkje berre nyttast på denne måten. Om ein veit korleis mel og gjær fungerer, så kan ein gjera meir enn å baka brød. Det finst tallause høve så lenge ein kjenner prinsippa. Noreg har lukkast med å byggje ei sterk næring og mykje kunnskap. Det tyder vi er i stand til å løyse nye, store oppgåver saman. Det gjeld å finne måtar å nytte spisskompetansen på som fremmar livet på jorda, ikkje øydelegg det. Dette er den einaste staden vi har å leve.

Klimaendringene skjer, og dei er menneskeskapte. At Noreg har fått ned utsleppa frå oljeproduksjonen er ikkje nok når det er sjølve bruken som er hovudproblemet. For det er her på jorda olja skal brukast, Terje?

Nils-Anders Nøttseter
Nils-Anders Nøttseter Vis mer

Kvifor er de så ivrige etter å brenne opp desse unike råmateriala? Energi til bilar, oppvarming og industri kan vi få frå andre kjelder. Kva med at vi brukar olja til det den er best til, som smørning, plast og asfalt, i staden for å brenna han opp?

Britiske Carbon Brief syner at vi bare har fire år igjen om vi skal halda oss innanfor klimamåla i Parisavtalen. Målsetnaden er ikkje blitt slik for moro skuld. Forskarane er einige om at vi må halde oss innanfor grensa dersom det framleis skal vera godt å bu på jorda. Klarar vi ikkje dette blir det vanskeleg å veta kva konsekvensane vert, men flyktningar skal du i alle fall få sjå mange av då!

Difor, kjære Terje, er det best at du kjem heim igjen til hausten. Dei problema vi står overfor kan vi ikkje betala oss ut av med oljepengar. Overlat styringa til nokon som har løysingar for ei ny tid. Sjølv om Framstegspartiet klamrar seg til ei bakstreversk verkelegheitsforståing, kan ikkje vi som samfunn gjere det. Vi skal ta vare på arbeidarane, men òg på planeten.

Du var god som ordførar, men som energiminister er du farleg einspora. Det er nok no. Kom heim.

Med helsing din politikarkollega frå heimbygda.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook