TV-SERIE: I NRK-serien «Ut av skapet» møter du Rebekka, Ola, Sigrid, Jonathan og Therese, som alle er på vei ut av skapet. Mens de går gjennom prosessen bor de sammen i et kollektiv i Oslo. Programleder er Heidi Marie Vestrheim (i midten). 
Foto: Mastiff/NRK<div><br></div>
TV-SERIE: I NRK-serien «Ut av skapet» møter du Rebekka, Ola, Sigrid, Jonathan og Therese, som alle er på vei ut av skapet. Mens de går gjennom prosessen bor de sammen i et kollektiv i Oslo. Programleder er Heidi Marie Vestrheim (i midten). Foto: Mastiff/NRK

Vis mer

Debatt: Legning

Komme-ut-prosessen kan vere like smerteleg i dag som for ein generasjon sidan

Den dagen ingen homofile treng å komme ut av skap fordi dei ikkje treng å skjule seg i skap, fyrst den dagen er homokampen over.

Meninger

Noman Mubashir (42), muslim, norskpakistanar og kjend frå ei rekke tv-program på NRK, har stått fram som homofil. «På tide,» vil mange hevde. Sjølv forklarer han at det har tatt tid fordi det å vere homofil er uforeinleg med å vere muslim og pakistaner. Han fortel òg at det var kong Harald si kloke, rause og vakre tale i hageselskapet kongeparet heldt i Dronningparken nyleg, som inspirerte han til å ta steget ut av skapet.

«ALDRANDE SOPAR»: Jarl Wåge.
«ALDRANDE SOPAR»: Jarl Wåge. Vis mer

For tida går tv-serien «Ut av skapet» på NRK. Der fylgjer vi fem ungdomar som har det til felles at dei er homofile, at dei ikkje har fortalt det til familien og at dei skal gjere det i beste sendetid. Vi får sjå kvalene dei har, nervøsiteten. Angsten for å såre dei dei er aller mest glade i, for å bli avviste og utstøtte, er påtakeleg.

Denne aldrande soparen blir tårperse foran skjermen fordi eg ser at komme-ut-prosessen kan vere like smerteleg i dag som for ein generasjon sidan. Og det er så gjenkjenneleg alt saman. Skamkjensla, sjølvforakten, redsla for vere annleis.

Mange hevdar at homokampen er ferdigkjempa. Vi har oppnådd full likestilling. Homofile kan gifte seg og adoptere barn. Gallupar viser stor aksept for den skeive delen av befolkninga. Likevel er ein slik tankegang skremmande nærsynt og kunnskapslaus.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Homokamp må utkjempast internasjonalt, nasjonalt og lokalt. På den internasjonale arenaen har situasjonen for homofile blitt forverra i mange land. I kristen-ortodokse Russland er det forbod mot å drive «homofil propaganda». Det betyr eigentleg at det er forbode å vere åpen homofil. Homofile er nærmast rettslause. Dei kan bli utsette for vald på åpa gate utan at politiet løfter ein finger.

Unge, ortodokse russarar uttalte nyleg på tv at dei skulle ynskje det var tillatt å steine homofile, og dei ville gjerne vere dei som kasta den fyrste steinen.

Enda verre står det til i kristne Uganda. Der har nasjonalforsamlinga vedtatt ei lov som forbyr homofili. Dermed er homofile utan juridiske rettar og kan kastast i fengsel om dei skulle finne på å ha sex med ein av same kjønn.

Aller verst er det i totalitære, islamistiske statar. Der èr det dødsstraff for å vere homofil og faktisk tillatt å steine til døde dei som er det. Og om ikkje myndigheitene tek seg av det, er det godt muleg at homofile blir utsette for æresdrap av nærmaste famile. Æresdrap; eit ord som forresten bør fjernast frå det norske vokabularet og erstattast med «skamdrap».

På det nasjonale plan er situasjonen mykje betre, men alt er ikkje bare gloria her heller. Leiar for Islam Net, Fahad Quereshi, gjekk nyleg tilbake på eigne utsagn om at det bør vere dødsstraff for homofile i Noreg. «Vi må følge norsk lov,» er han raus nok til å innrømme. Takk skal han pinadø ha. Det er bare å prise seg lukkeleg over at ein ikkje er dømd til å bu i ein av hans idealstatar.

Ein annan framståande norsk muslim, Mohammad Usman Rana, har gått i tospann med fundamentalistiske kristne her til lands. Dei er skjønt einige om at homofile ikkje kan ha sex. Om det skjer, skal syndarane for evig pinast i eitt eller anna helvete. Desse karane dømer i fullt alvor to til tre hundre tusen nordmenn og nokre hundre millionar homofile på verdsbasis til livslangt sølibat. Det heile er så absurd, frekt og freidig at om dei hadde framført det frå ei standup-scene, så hadde vi gapskratta. Men dette er mørkemannalvor.

Desse sexhemma(nde) karane, mange av dei velutdanna og oppdaterte på andre område, meiner altså i fullt alvor at dei av ein eller annan merkeleg grunn har blankofullmakt til å bestemme kven som har lov å ha sex og kven ikkje. Dei er pompøse nok til å innbille seg at dei er talerør for ein jødisk apostel som etter sigande skreiv diverse brev på vegne av Gud for nesten to tusen år sidan eller for ein arabisk profet som vandra rundt på jorda på 600-talet og var penn for sin Gud. Faktum er at ingen av dei hadde imponerande kunnskap om seksualitet. Og om det dei skreiv ned var, som dei hevdar, inspirert av Gud, så hadde med skam å melde ikkje guden deira heller så mykje innblikk i temaet.

Lokalt viser det seg at det òg er nødvendig å føre kampen vidare. Under årets homodagar på Sørlandet brende ei gruppe høgreekstremistar regnbogeflagg, kom med trugsmål og fotograferte deltakarar i Pridemarsjen. Hatideologien deira reknar homofile som Untermenschen, på nivå med skadedyr. Og skadedyr skal utryddast. Difor må alle gode krefter sloss mot at denne ideologien får fleire tilhengarar.

Biskopar nektar å prestevigsle homofile prestar. Prestar nektar å vigsle homofile brudepar, Jehovas Vitner støter sine unge homofile ut i det ytterste mørke, og karismatiske kristne insisterer stadig på å helbrede homofile som om det er ein sjukdom dei er råka av.

Den dagen ingen homofile treng å komme ut av skap fordi dei ikkje treng å skjule seg i skap, fyrst den dagen er homokampen over. Då er ein føresetnad at homofobar, religiøse og ideologiske, får ordna opp i eigne sexfrustrasjonar. Inntil det skjer, er det berre å stå på barrikadane og kjempe vidare.