DEBATT

Kommentarfeltkommentar

Eg fekk ei surrealistisk kjensle av å vere den som hadde opna opp for kaskadar av grums.

SYMPTOM: - Eg er sikker på at kvar einaste gong eg kritiserer Frp, vil eg bli hata av nokon av dei same menneska som vil elske meg kvar gong eg skriv kritisk om islam, skriver artikkelforfatteren. Han mener også det at Siv Jensen (t.v.) ikke vil unnskylde Ulf Leirsteins (t.h.) oppførsel på Facebook, er symptomatisk.
Foto Knut Falch / SCANPIX .
SYMPTOM: - Eg er sikker på at kvar einaste gong eg kritiserer Frp, vil eg bli hata av nokon av dei same menneska som vil elske meg kvar gong eg skriv kritisk om islam, skriver artikkelforfatteren. Han mener også det at Siv Jensen (t.v.) ikke vil unnskylde Ulf Leirsteins (t.h.) oppførsel på Facebook, er symptomatisk. Foto Knut Falch / SCANPIX . Vis mer
Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Eksterne kommentarer: Dette er en debattartikkel. Analyse og standpunkt er skribentens egen.
Publisert
Sist oppdatert

Kommentarfelt, denne beksvarte, sydande pølen av hat, edder og galle, var ei verd eg heldigvis slapp å forhalde meg til. Trudde eg. Men det var før eg den 2. mai i år fekk ein kronikk kalla «Blåvasking av politikk» publisert i Dagbladet. Der tok eg eit kraftig oppgjer med populismen i Frp og hevda at Siv Jensen aldri kjem til å ta avstand frå populistane i eigne rekker. Dermed braka det laust i kommentarfeltet. Som om eg hadde funne nøkkelen til himmelens sluser.

Meldingar tikka inn fortare enn croupierar i Las Vegas kan telje pengar. Kronikken hadde trakka rundt på ømme Frp-tær. Denne skribenten måtte ikkje innbille seg at han hadde aning om kva han snakka om, og han skulle sanneleg få vite kvar David kjøpte både øl og andre godsaker. I løpet av to dagar hadde blåvaskinga fått meir enn femten hundre kommentarar - i tillegg til alle som var så grove at dei blei modererte bort. Mange rasande innlegg viste meg sporenstreks at ukjært barn også har mange namn.

Eg var kunnsakapslaus. Hjernedaud. Ei skam for skulen eg jobba på. Rektor måtte snarast sparke meg før eg forårsaka uopprettelege skader i unge sinn. Dessutan skreiv eg på fjøsmål som ingen kunne forstå.

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer