Kompetent kalkulatør i symbolsk kamp

Harald Eia har vore ute ei storbynatt før, men aldri med rumpa så bar.

FORFALL: Frå hjernevask til hjerneskade i Storbynatt. Eia held ikkje orden på regimenta og nivåa lenger, meiner Dagbladets Andreas Hompland. Foto: Lars Eivind Bones.
FORFALL: Frå hjernevask til hjerneskade i Storbynatt. Eia held ikkje orden på regimenta og nivåa lenger, meiner Dagbladets Andreas Hompland. Foto: Lars Eivind Bones.Vis mer

DET HAR VORE EIN FEST å følgja sosiologen Harald Eia gjennom høgdepunkt i komisk hjerneføde etter at han melde endelig overgang til teatersporten. Sjøl om mange sosiologar følte seg avslørte og skitna til, må det innrømmast at også hjernevasken var eit laudabelt stykke arbeid - substansielt og kommunikasjonsfaglig.

DERFOR HAR DET VORE TRIST å følgja forfallet frå hjernevask til hjerneskade i Storbynatt. Eia held ikkje orden på regimenta og nivåa lenger. Forskjellen mellom satire, sjikane og tull og tøys har gått i oppløysing. Programmet driv ikkje avansert harselas med systemiske latterligheter og kulturelle oppskruddheter. Det er våsete og grip til enkle triks for å drita ut intervjuobjekt og andre figurar. Enten har ikkje Eia fleire metanivå å gå på, eller så har han gått surr i dei. Han er avkledd, og med det siktar eg ikkje til at han avslutta eit av programma i forrige veke med sitt gamle glansnummer: Å dra ned buksa og visa rumpa. Det fungerte like meta-dårlig som tungekysset mellom programleiarane. Eia er i ferd med å bli Lei'a.

DÅ PRODUSENTEN blei sendt ut i den aktuelle krigen for å forsvara programmet mot Anders Heger og andre kritiske og elitistiske surprompar som gode fiendar, hadde han ingen eiaske metanivå å gøyma seg bak. Han gjentok som eit mantra at humoren er god og vellykka fordi 400.000 ser programmet, noen titusen trykker på Liker-knappen på Faceboook og hundrevis stiller opp til tulledemonstrasjon utanfor egen bolig. Det er flate målestokkar i forhold til det som har vore Eias styrke, nemlig det finurlige spelet mellom ulike nivå og virkeligheter.

DÅ EIA LEIKA FORSKINGSJOURNALIST i underhaldningsavdelingas regi, skjulte han sin og Ole Martin Ihles kunnskap bak ein mur av naivitet og dumskap. Det er ein god strategi - både humorfaglig og kommunikasjonsfaglig. Han sa han var ute i same oppdrag som han hadde vore som komikar: Å sparka oppover mot sjølgode betrevitarar og hegemoniske maktmenneske med einerett på sanninga, in casu samfunnsvitarar og kjønnsforskarar av den sosial-konstruktivistiske skulen med liten sans for biologisk determinantar.

Om ambisjonen var å sparka oppover, gjekk det ikkje slik. Han hamna i vertigo der ein mistar følelsen og forståelsen av kva som er opp og ned. Han enda med å sparka nedover på vegne av den massive tyngda i tradisjonelle syn på arv og slekt og at sånn er naturen, og særlig kvinner og menn. Det blei også grundig understreka av dei positurane han inntok: Ærbødig og entusiastisk lyttande til amerikanske biologar, og først forførande og så kaldflirande til norske sosiologar og kjønnsforskarar.

DENNE POSITUREN er gjenkjennelig i Storbynatt og pregar den nye Eia: Dei fiffige og gøyale påfunna med det hetsande kaldfliret. Eller som han lar seg trøysta med av Bård når han spelar at alt er tapt og meiningslaust: «Men jeg er god til å drite ut folk».

Og det skal han ha. Ofte med snert og vidd og mange lag i ertinga, men andre gonger på dei mest plumpe måtar. Han elskar rolla som den vesle guten som ropar at keisaren er utan klær, men han gjer det også når keisaren er fullt påkledd og det er han sjøl som er naken.

Nå kan ein ikkje sjå bort frå at Harald Eia kan sjonglera med så mange metaballar at han prøver å ta høgde for det også: At han driter seg ut på liksom for at innbilte elitekritikarar skal tru at han gjer det for å gleda oss. Og at han på den måten lurer oss dobbelt. Det er noe av det han prøver på med å bli hysterisk over dokketeaterfigurar og går fullstendig berserk når tryllekunstnarar ikkje vil avsløra kordan dei gjer triksa sine. Sjøl synest eg han har avslørt sine, og det er ikkje eit vakkert syn. Han er komikkens avkledde svar på Tore Torell.

HARALD EIAS HJERNE er ikkje aleine. Det skal vera ein krig der ute, ein kamp om tolkingsskjema og forklaringsmakt og kva som er sant. I den såkalla kulturkrigen har den nye vinen slått seg inn på spelplassen som andre orrhanar. Alfahannane er godt nøgde og meiner dei har vunne så mange slag med biologien som våpen at dei har sigra i den hegemoniske kampen mot den forrige generasjons sosiale forklaringsmåtar.

Når sant skal seiast, er dei slett ikkje så biologiske av seg at det gjer noe; dei har bare funne eit gjennomtrengelig punkt hos motstandarane. Det paradoksale er jo at dei kryssande nettverka av sjølutnemnde kulturkjemparar, face-book-høgre og «den nye kultureliten» i underhaldningsbransjen er djupt involvert i symbolsk tekst-produksjon. Det som knyter dei saman, er det som på svensk så vakkert heiter «ömsesidigt onanerande». Det gjer dei for åpen skjerm i kvarandres TV-studio og på kvarandres bloggar.

I TYSDAGENS STORBYNATT fortalte blodsbrørne Bård og Harald at dei stal fritt frå Ingvar Asbjørnsens Elling då dei konstruerte Thomas André-figuren. Som Eia sa: «Vi sender alltid ut signaler med det vi gjør, for alt har et budskap.»

Ja, nettopp, og dei signala er jo slett ikkje bare, eller først og fremst, fysiologiske og biologiske og evolusjonære, men symbolske og sosiale. Thomas André-figurens vaklande følsomhet for dei sosiale signala er ein strålande leik med at den sosiale virkeligheta vi lever i, er eit symbolsk univers av teikn, tolkingar og mistolkingar.

Og det er jo dette som har vore kjernen i Eias komiske metode. Det er mulig at flørten med evolusjonsbiologien førte han inn i det komiske forfallet. Ein kan jo ta det som ein indikasjon at Eia og Ihle har fått årets Mensa-pris for å ha gjort ein fortenestefull innsats for dei med ekstraordinært høg IQ, men med uregistrerbar sosial intelligens.

KOR MANGE MASKER Eia trur han kan bera utanpå kvarandre og kor mange roller og nivå og metanivå han kan sjonglera med, veit eg ikkje. Heller ikkje om han er skapt sånn, om det var sosiologien og etnometodologien på Blindern som gjorde han slik, eller om han nå er blitt sånn. Men når komikkens metanivå blir mange nok, er det nærmast uunngåelig å mista fotfestet og oversikten og falla tilbake til basale, til skrik og skrål, til grimasar og rumpehumor, til å vera skikkelig rampete og barnslig 44-åring.

FOR Å PARAFRASERA tittelen på Eias hovudoppgave i sosiologi: Han var ein kompetent kalkulatør som lykkast så godt i den symbolske kampen om humor-hegemoniet at han villa utvida det til å omfatta dei filosofiske vilkåra for sanning i striden om det menneskelige.

Det må konstaterast at etter at han konverterte frå sosiologisk inspirert leik med språk og symbolske signal til hjernemedisin, genetikk og evolusjonsbiologi, har han ikkje klart å ta seg inn igjen. Då degenererte han som komikar. Med sitt forfall har han demonstrert at sosiologien er best - også til komikk. Og takk for det.