Konflikt eller dialog?

RELIGIONSDIALOG: Vi må fokusere på liberale reformkrefter i islam og kristendom - sjølv om det er dei konservative kreftane som er på offensiven.

Møtet mellom kristne og muslimar handlar om relasjonar og rom. Rom kan opnast gjennom dialog, eller stengast gjennom ein identitetspolitikk som skaper stereotype bilete av den andre og idealiserte bilete av ein sjølv. Forfattaren Amin Maalouf har sagt: «Det ser ut som om vi er på veg inn i ein tidsalder prega av vald og konflikt. Vi kan nok sjølve tenkje oss utvegar som verkar tilforlatelege, men dei som går inn for dialog og brubygging blir skuva til side. Vi er i ei verd der partane i konflikten demoniserer kvarandre og kanskje er dette er noko vi må leve med i 20 til 30 år framover.»

MAALOUF SI VURDERING kan lesast med negativt eller positivt forteikn - anten som eit uttrykk for styrken i den konfronterande identitetspolitikken som han sjølv har skildra i boka «Identitet som dreper», eller som ein meir optimistisk spådom om at dagens identitetspolitikk ikkje har rådd grunnen i meir enn eit par tiår og heller ikkje har framtid i seg. Kva trend som vil få overvekta - agitatorisk identitetspolitikk eller opplyst dialog - er avhengig av om muslimar og kristne kan greie å skape nokre felles rom der begge partar kan puste fritt. Mykje av det dei to seier om kvarandre, er stengande. Fordommar om den andre florerer på begge sider og er ofte djupt rotfesta i den folkelege kulturen. Somme tider blir fordommar til konspirasjonsteoriar, som når kristne og muslimar mistenkjer kvarandre for å ha ein hemmeleg plan om å ta over kontrollen i bydelen, landet eller verda.

EIT FELLESTREKK ved fordommar og konspirasjonsteoriar er at dei trivst best i stengde rom. Om ein skal få bukt med dei, må dei luftast ut - i opne rom. I mi eiga forsking på forholdet mellom islam og kristendom har metaforen «rommet imellom» blitt sentral. Rommet imellom har både ein personleg og politisk dimensjon. På det personlege planet er utfordringa til kristne, muslimar og andre at ein unngår å redusere kvarandre til eit saksforhold, eit «det». I Martin Bubers dialogfilosofi er skiljet mellom dei to relasjonstypane Eg-Du og Eg-Det fundamental. Dersom samtalen om religion blir redusert til ein diskusjon av meiningar, gjer vi vald på den andres integritet, ved å redusere hans eller hennar tru til ein ting i verda. Først når vi motstår freistinga til å redusere kvarandre til eit Det og (på tvers av meiningsforskjellar) taler til kvarandre som eit Eg og eit Du, skjer det eit ekte møte. Med Bubers ord: «Bortanfor det subjektive, hitanfor det objektive, på den smale kammen der Eg og Du møtest, der er mellomrommets rike.» For Buber er det noko religiøst ved det levande rommet imellom, som han fleire stader omtaler som åndsfylt: «Ånd er ikkje i Eg-eget, men mellom Eg og Du - den er som den lufta du andar i.» Bubers refleksjonar om åndsfylte møte i mellomrommets rike er inspirerande for alle som arbeider for religionsdialog, men kan fort bli ein luftig utopi. For å motverke dette, må rommet imellom fyllast med politisk innhald. Politisk sett handlar det om å skape felles rom i samfunnet som både tilhengarar av ulike religionar og meir sekulært innstilte borgarar er saman om. Men å skape felles rom er lettare sagt enn gjort. For mange av romma i samfunnet (media, kultur, religion) er dominert av bestemte grupper, som pregar den rådande talemåten der.

DEN NORSKE einskapsskulen er kanskje det beste eksemplet vi har på eit fellesrom. Men einskapsskulen må gjenskapast på eit fleirkulturelt grunnlag, noko som den kristne føremålsparagrafen kan blokkere fordi den sementerer den kristne majoriteten sitt tradisjonelle overtak i det norske samfunnet. KRL-faget er eit ambisiøst forsøk på å skape eit felles rom for samtale om etikk og religion i skulen. Faget har ei kvantitativ overvekt av kristendomsstoff. Men mykje tyder på at barn og unge frå livssynsminoritetane set meir pris på faget enn kva protestane frå foreldre og trussamfunn kunne tyde på - kanskje fordi dei opplever det felles faget som opnande, utanfor trussamfunna sin kontroll som dette rommet faktisk er. Å skape felles rom for etikk- og religionsdialog har også ei anna viktig side. Medan den rådande identitetspolitikken får oss til å tru at vi er først og fremst kristne og muslimar og berre i andre omgang menneske, vil vi i ein dialog i opne rom oppleve at meiningsforskjellane ofte går heilt på tvers tru og livssyn. Vi veit det, men har enno ikkje tatt den fulle konsekvensen av det: I dei fleste avgjerande etiske og politiske spørsmål (frå samliv via sosial rettferd til internasjonal politikk) er meiningsforskjellane innanfor religionane vel så store som mellom dei. Tilsvarande store er sjansane for alliansebygging på tvers av trusgrensene - i det opne rommet som sivilsamfunnet og politiske organisasjonar representerer. Alle slike alliansar - kva anten dei har konservativt, liberalt eller radikalt forteikn - vil vere kontroversielle, men kan likevel opplevast som opnande i forhold til den stengande identitetspolitikken som gir alle åndenød.

VED SIDAN AV dei åndelege og politiske aspekta ved rommet imellom kan metaforen også gi eit nytt innsteg til religionsforskinga. Interreligiøse studiar er i ferd med å bli eit etablert omgrep i universitetsverda og signaliserer eit ønskje om å forske på det som skjer i det levande møtet mellom ulike religionar og livssyn. Dette er det få tradisjonar for både i teologien og religionsvitskapen, der ein stort sett har konsentrert seg om å studere éin religion om gongen. Den faglege diskusjonen har handla om korleis ein kan kombinere eit engasjert innanfrå-perspektiv med eit meir kritisk utanfrå-perspektiv på fenomenet religion. I interreligiøse studiar, dvs. studiar av forholdet mellom religionane, blir forskingsoppgåva enda meir kompleks. For kven er innanfor eller utanfor det felles rommet der dei aktuelle brytningane mellom folk med ulik tru og livssyn skjer? Er vi ikkje alle, forskarar eller ikkje, aktørar i det spenningsfylte mellomrommet?

I SÅ FALL må vi også kunne gjere greie for vår eigen posisjon i landskapet. Sjølv ønskjer eg, både som forskar og dialogaktivist, å fokusere på liberale reformkrefter i islam og kristendom. Ikkje fordi eg meiner at det er desse som er sterkast, tvert om er konservative krefter på begge sider på offensiven globalt sett. Men både som observatør og forskar må ein vakte seg vel for å bli gissel av dei tendensane som til ei kvar tid har mest makt og oppslutnad mellom folk flest. Derfor blir den akademiske utfordringa å finne balansen mellom distansert og engasjert forsking, i sjølvkritisk medvit om eigne posisjonar.