Kongelege gåver - og KrF si sjel

Gåver har blitt eit tema. Kongefamilien vert tilbydd og tek imot hestar og seglbåtar frå privatmenn. Kristeleg Folkeparti finansierer konferansane sine med pengegåver frå Statoil, Norges Rederforbund og Vesta.

Korleis skal vi sjå på dette? Meiningane er delte. Talsmenn for slott og parti seier dei finn gåvene uproblematiske, så lenge ein ikkje har forplikta seg formelt til gjenytingar. Andre er usamde.

Sikkert er at det nærmast burde reknast for tenesteforsøming av antropologar og andre samfunnsforskarar å ikkje medverke til større oppklåring i dette ordskiftet. For gåvegjeving er eitt av dei store tema i samanliknande og tolkande samfunnsforsking, og i dei historiske kjeldene.

Det viktige med ei gåve er vanlegvis ikkje overføringa av ein gjenstand i og for seg. Å gje er ei handling med ei sosial meining, særlig i form av plikter: plikt til å gje, plikt til å ta imot, plikt til å gje attende.

«Alltid vil gåve ha vederlag» og «ein skal løne gåve med gåve». Så seier Edda-kvadet «Håvamål», kanskje frå 1100-talet. Det same seier den store moderne forskaren på feltet, Marcel Mauss: «Kvar gåve krev ei motgåve.» Etter Gulatingslova og annan eldre germansk rett var det til og med eit rettskrav at gåve skulle lønast med likeverdig motgåve. Utan slik motgåve («laun») hadde mottakaren ingen sikra eigedomsrett til gåva; ho kunne med lov i hand takast attende av gjevaren. Såleis vart det frå ein økonomisk synsstad ingen særleg skilnad på om ein gard, ein annan eigedom eller ting vart «gjeven» eller «seld». I begge tilfelle skulle avhendaren ha likeverdig vederlag, etter Gulatingslova.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Men motgåva kunne ha ulike former. Dersom bytet av økonomiske verdiar ved gåve og motgåve var markert ulikt, vart det med dette oppretta eit over- og underordningsforhold mellom gjevar og mottakar. I dei norrøne sagane, som fortel svært mykje om gåver, heiter det at mottakaren av gåva vert «mindremann», dersom motgåva ikkje er materielt likeverdig. I denne samanhengen var gåvegjeving eit hovudmiddel i skaping av makthierarki, i auken av kongemakta eller statsdanninga. Den islandske Landnåmaboka seier at det er «småmannsleg å ta imot land i gåve». Tanken er her den allment føydale, at mindremannen (vasallen) tek imot jord av den mektigare (herren), med den føresetnaden at vasallen vert tenestepliktig. Berre slik kunne jord-«gåva» lønast.

I Laksdøla knyter kong Olav Trygvason til seg den islandske hovdingen Kjartan Olavsson ved å gje han ei drusteleg kappe. At Kjartan skulle tene kongen, var den underforståtte motgåva. Men islendingane hadde vore uavhengige av den norske kongen. Difor meinte dei andre islendingane at det nærmast var ei skam for Kjartan å ta imot kappa.

Sidan kongar og andre hovdingar regulært knytte til seg folk som undergjevne og tenestepliktige ved å gje dei store gåver, som ikkje kunne lønast likeverdig materielt, vart det helst rekna for landsforræderi å ta imot gåver av utanlandske kongar. Snorre fortel i «Heimskringla» mykje om korleis den danske kong Knut den mektige vann Noreg frå Olav den heilage, ved å gje store gåver til norske stormenn. Kong Olav let drepe den unge hovdingen Tore Olvesson på Egge - steson til Kalv Arnason og systerson til Tore Hund - for at Tore Olvesson hadde teke imot ein stor gullring av kong Knut. Slik førde denne kongegåva fram til Stiklestad, der Kalv og Tore Hund var hovdingar mot kong Olav.

Den som ikkje ville verte mindremann og tenestepliktig, måtte såleis avvise ei gåve han ikkje kunne gje materielt vederlag for.

Gåver var ikkje berre eit viktig middel til å byggje opp kongemakta, staten, men sameleis eit hovudgrunnlag for kyrkja. Den norske kyrkja åtte mot slutten av katolsk tid innpå halvdelen av jorda, den produktive kapitalen, i landet. Kyrkjegodset var aller mest samla ved gåver, frå høg og låg. Gåvene til kyrkja var i siste instans til Gud sjølv. Og folk hadde den tru om Vårherre, at han hadde såpass folkeskikk at han løna gåve med motgåve. Så den som ga jord til kyrkja, fekk det motkravet at Storemannen då såg mellom fingrane med ymse synder.

Slik var det i gammalnorsk tid, og i dei enklare samfunna som antropologar som Mauss, Malinowski og Firth studerer. Men korleis er det no? Antropologane systematiserer at gåvegjevaren tek sikte på ein av tre ting: anten å vinne ein økonomisk eller politisk fordel, eller å auke sin sosiale status, eller å vinne ein religiøs fordel, slik som dei som ga jord til kyrkja. Og dette gjeld ikkje berre fortid og enkle samfunn. Ein psykolog som C.G. Jung hevdar at det er ein del av den tidlause, menneskelege natur at «der er, uttrykkeleg eller underforstått, eit personleg krav kobla til kvar gåve». Og er ikkje dette tydeleg nok? Ventar ikkje kvar sjuåring julegåve av den han gjev til? Tek ei ung dame imot ein dyr middag på ein fin restaurant, for ikkje å tale om ein minkpels, utan alle førestillingar om «gjengåve»? Samanliknande forsking klassifiserer då også gåveutveksling som ei av hovudformene for handel. Vi har gåvehandel og marknadshandel. Skilnaden er at gåvehandelen tek sikte på eit fleirsidig tilhøve mellom partane, medan marknadshandelen er einsidig, og avgrensa til den eine transaksjonen, i prinsippet.

Kva med Rimi-Hagen og hinderhesten, i dette perspektivet? Skilnaden frå det gamle er at tilhøvet mellom konge og privatmann er snudd på hovudet. Knut den mektige og Olav Trygvason knytte privatmenn til seg ved store gåver, og bygde slik opp statsmakta. Rimi-Hagen knyter til seg kongehuset ved tilsvarande gåver, og byggjer slik opp kolonialbutikken. Det er lett nok å sjå kva han får igjen, auka status, og dermed konkurransefordel. Snorre ville ha sagt, at dersom kongen ikkje ville bli «mindremann» ved ei gåve utan materielt, likeverdig vederlag, måtte han avslå gåva.

Når forholdet mellom konge og privatmann er snudd på hovudet sidan Olav Trygvason si tid, uttrykkjer det heile samfunnsendringa. I Olav 1s «føydale samfunn» låg makta hos sverdberaren, kongen, og han ga gåver til privatmannen. I våre dagar ligg makta hos den som handlar med vaskepulver og aksjar, og kræmaren gjev gåver til kongen.

Giftarmålspolitikken er ein sentral del av gåvetemaet. «Gåve» heitte på gammalnorsk «gift» eller «gipt», som på engelsk. Noko av det viktigaste ein mann hadde å gje, var ei dotter. Det han ville ha av svigersonen, var først og fremst politisk støtte. Han prøvde difor alltid å få ein svigerson som var mektigare enn han sjølv. Difor var han villig til å betale ei svær medgift, i tillegg til brura. Når kong Håkon Håkonsson i 1258 gifte bort dottera Kristin til ein prins av Castilla, var det uttrykk for at kongen hadde politiske interesser i Middelhavsområdet, som mogeleg korstogsleiar. Sameleis som den norske kongen no tek imot gåver av privatkjøpmenn, veit vi at det har blitt kongeleg giftarmålspolitikk å gifte prinsesser og prinsar, ikkje på det utanlandske statsnivået, som etter gammal tanke sikra landet viktige allierte, men inn i norske konfeksjons- og transportfirma (skipsreiarar). Det er to sider av det same. I staden for at kongedømet og kongehuset før vart brukt til å fremje felles politiske interesser for heile nasjonen, statsdanninga og utanrikssambanda, vert kongehuset gjennom gåve- og giftarmålspolitikken no delvis eit reiskap til å fremje konkurransekrafta til einskilde norske kjøpmenn.

Men kongehuset er ikkje gratis. Slottet vert no oppussa for ein del hundre million kroner, med meir. Spørsmålet kan vere kor lenge det norske folket vil eller bør rekne seg interessert i å betale for konkurransefortrinn for einskildkjøpmenn?

Spørsmålet er enklare, når det gjeld gåver til politiske parti. Eit parti, ulikt kongedømet, er ikkje eit samlande symbol, men eit uttrykk for partiinteresser - derav namnet. Difor kan det vere greitt nok at NHO betaler Høgre, LO Arbeidarpartiet, og at Statoil og Rederforbundet finansierer KrF. Kravet er her eit anna, at det er ope for alle kva som skjer, og at det vert ope erkjent kva verknader det har. Vi har krav på å vite, når ein stortingsrepresentant for Høgre talar, at der høyrer vi ein advokat for NHO. Sameleis må ikkje KrF fare med slikt tomt snakk som at dei ikkje gjer seg til ein viss grad avhengige av dei økonomiske patronane sine. Det er verre enn tomt snakk og krenking av sunn fornuft; det er falske vitnesbyrd, og kan gje partileiarane spesielle problem, til og med i det hinsidige.