Konkret og mytisk

Vidt forskjellige dikt viser poetens store register gjennom gys og gleder.

Det er stor aktivitet i poesiverkstaden til Terje Johanssen. Dei fem siste åra har han gjeve ut fem nye diktsamlingar, eit utval på tysk, eit utval på norsk og to gjendiktingar. Når ein så tek fatt på årets diktsamling, tenkjer ein at denne kanskje vil visa teikn på utmatting eller forsering. Men tvert imot. «Forskjellig musikk» har noko av den same sterke blandinga av det enkle og det kompliserte som ein ser i Robert Bly si «The Night Abraham Called to the Stars». Det er avklara gleder som kjem deg i møte i enkle og strålande dikt med brå kast. Mange har eit medvit om tid og undergang: «Jeg lytter til hjertets offerslag,/ en mulig utsettelse av jordens undergang». Også diktet «uoppnåelig musikk» har ein slik tematikk: «Det er nok meningen jeg skal skapes om til engel,skulderen gjør allerede vondtsom når en vinge slår rot.» Men samstundes kjem det noko avslappa fram, der diktaren «surrer (..) tankeløst omkring, tung,/halvt i søvn, halvt i lek - » og der han faktisk kan utbryta: «Jeg er lykkelig og feirer dagene» og han skriv vakre dikt om kattar og spindelvev. Kompleksiteten har kanskje først og fremst å gjera med det store tilfanget av erfaring og kunnskap som så naturleg vert samanstilt. Alt fell på plass i dikta, plukka opp frå område som kan stå langt frå kvarandre.

Diktet «Gjeteren» og ikkje minst «Hva er jorden til for?» er særs gode dikt der han fletter den konkrete røynda nennsamt saman med eventyrlege mytiske bilete som ber denne diktaren sitt eige bumerke. Fleire dikt smyg seg inn blant dei beste Terje Johanssen har skrive. Eit par ting som «Anoreksi» og «Fallende, forvandlet», vert nok for abstrakte, men elles er det faste dikt med variasjon og mangfald frå Italia og Norden. Dikta rører seg i utkanten av blikket vårt, «ved kanten av terrorens hjerte» som han skriv ein stad. «Terrorens hjerte» får ein lydmessig gjenklang i «en rottes vakre lille hjerte» og ting står fram både som minneverdige diktunivers, og spelar saman i komplekse rørsler i landskap, døger og framtid. Brått kan han slå inn i oss med mørke bilete som er uimotseielege og skapa ei uro og ein trong til ein heilt ny type opprør: «Verden er en tilfeldig ekstremist, den gjør deg/til forbryter eller helgen, den lytter ikkje/til små barn og elskende - »