Konsentrasjonssvikt på pensum

Blind bruk av IKT er ein suveren måte å styrke forskjellsskulen på.

VILJESTYRKE: Eg veit noko anna som også er absurd: å la elevane utøve sjølvkontroll i form av å motstå fristelsen det er å spele, vere på Facebook og fikle med mobilane, og slik la dei svi av den viljestyrken det var meininga at dei skulle bruke på andre oppgåver, skriv Agnes Ravatn i laurdagskommentaren. Illustrasjon: Flu Hartberg
VILJESTYRKE: Eg veit noko anna som også er absurd: å la elevane utøve sjølvkontroll i form av å motstå fristelsen det er å spele, vere på Facebook og fikle med mobilane, og slik la dei svi av den viljestyrken det var meininga at dei skulle bruke på andre oppgåver, skriv Agnes Ravatn i laurdagskommentaren. Illustrasjon: Flu Hartberg Vis mer
Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

Det kjendest som eit lite hjarteinfarkt, då det for eit par år sidan gjekk opp for meg at i norske klasserom har elevane i fullt alvor datamaskinar med internett!! Det var det mest kontraintuitive eg nokosinne hadde høyrt. Etterpå blei eg flau over at eg var blitt ein sur, gammal krok som synest at alt nytt er skadeleg, og at alt var betre under krigen.

Etter det igjen, vende eg tilbake til den opphavlege reaksjonen: men det er jo fullstendig vanvittig at læraren skal stå der framme ved tavla og konkurrere med Facebook og gudane veit kva ungdomen driv på med for tida. Og det norske folk lurer på kvifor me gjer det middelmådig på PISA-testane?

Er det slik det skal vere no? At kvinner går gjennom ubeskriveleg smertefulle fødslar, foreldre held på å gå frå vitet og kvarandre av søvnmangel i småbarnfasen, skiftar tusenvis av bleier, hentar og leverer i barnehagen til beina sviktar under dei, bruker all si tid på å fore ungen med næringsrik mat, utviklande leiker og kvalitetsbarnelitteratur, alt dette som foreldre gjer for å sikre barna sine eit så godt startnummer som muleg i livet, før ein sender dei på skulen - der alt blir øydelagt?

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer