Kontrastar og overgangar

Despard har ein særegen stil prega av tette koplingar mellom kontrastar.

Annabelle Despard er tilbake. Ho har med dei to diktsamlingane «Fisken tenker sitt» (1995) og «Tyngdekraft» (1997) funne sin eigen stemme. Hennar særpreg har noko med tette koplingar mellom kontrastar å gjøre.

«Ser patos inkarnert i en burger» står det i eit av dei nye dikta. Når desse tinga får oss til å oppdaga noko, eller kjenna noko igjen, fungerer det. Og det oppnår Despard ofte. Dei gongene kontrastane fell frå kvarandre, vert me ståande og sjå på dei, og diktet løyser seg opp. «Vi hører hybridenes flerstemte hyl» vert flotteri.

Men her er mest å gle seg over. Folk som ikkje les lyrikk, går glipp av eit leikande eventyr her. Overgangar er tema. Fødsel og foreldre som glir unna. Vaksne som blir foreldre, blir eldre, mister sin næraste, sørgjer, og ser seg tilbake som gjennom eit fortrylla land. Ho balanserer det kompliserte og samansette med det enkle og konkrete. «Alt er i bevegelse, jorda skjelver» heiter eit dikt som byrjar slik: «Havet spiser hoteller og små gule sommerhus.»

Mange dikt fokuserer på korleis me konserverer ting, men ikkje kan fanget det levande. «På etnografisk museum står ingen jeg kjenner.» Dette problemet er også privat: «La meg i det minste bevare / luktene dine på glass: armhulene / ullgenseren, [...] /Jeg må ta latteren opp på bånd.» Diktet er Despard sin måte å halda fast rørslene på.

Språket er et levende hav

Jeg går ned med min øse i måne og morild