PÅ TRENINGSSENTER: Lagidrett? Det er tryggare å tre på seg tightsen og peise seg ned til senteret, skriv artikkelforfattaren. Foto: NTB Scanpix
PÅ TRENINGSSENTER: Lagidrett? Det er tryggare å tre på seg tightsen og peise seg ned til senteret, skriv artikkelforfattaren. Foto: NTB ScanpixVis mer

Debatt: Trening

Kor kjekt er det eigentleg å trene på treningssenter?

Truleg vil ei sosial lagøkt der du treff kjentfolk, ler og slit deg ut nulle ut utallige fysiologiske og mentale terapitimar.

Meninger

På opptaksprøva til Norges Idrettshøgskole for vel ti år sidan var det eit klart skilje blant jentene. Halvparten var gode i turn og dans og hadde tights. Resten var ven med ballen og hadde joggebukse eller shorts. Nå, ti år seinare, har alle tights og er på treningssenter.

Statistikk frå Norges Fotballforbund kan fortelje at etter fylte 19 år sluttar heile 82 prosent av jentene på fotball. Blant gutane er nedgangen óg stor, men her er prosentdelen som held fram med idretten likevel det dobbelte. Store deler av nedgangen kan seiast å vere naturleg. Overgangen til vaksenlivet tek med seg visse endringar, og det er ikkje like lett å komme seg på trening mandag og torsdag, akkurat klokka 19.00. Studie, ungar og karriere krever sitt.

Folk held likevel fram med å trene. Når ein ser på antall treningssenter rundt i landet, kan vi tenke at det er her folk ender opp. Hardt hoppande på elipsemaskinen i fargesprakande tights. Eller kanskje ikkje så hardt, for antal støttemedlemmar (dette er dei som betalar kontingent og alltid skal starte å trene neste måndag) seier vel eigentleg noko anna? For kor kjekt er det eigentleg å trene på treningssenter? Er ikkje det bare noko som må bli gjennomført, for å nyte kjensla etterpå? Og ikkje minst, er gevinsten like stor som å gå på ei sosial fotballtrening?

All trening er god trening. Det er viktig å vite. Men som fotballspelaren vi alle elska, Erik «Myggen» Mykland, seier: «Ein skal ikkje vere nødt til å høyre på musikk mens ein trener for å få det heile overstått. Ein skal kose seg og gløyme alt rundt.»

Truleg vil ei sosial lagøkt der du treff kjentfolk, ler og slit deg ut nulle ut utallige fysiologiske og mentale terapitimar. Fysisk aktivitet er ikkje bare fysisk, for full effekt er det også sosial og mental aktivitet.

Men kva er eigentleg grunnen til at så mange forsvinn frå organisert idrett når dei blir vaksne? Kanskje kjenner dei seg ikkje gode nok. For kor kult er det eigentleg å spele fotball som vaksen kvinne? Vår Ada Hegerberg, verdas beste fotballspelar og nyleg vinnar av Champions League, viser oss at fotball og damer er kult.

Det er litt lågare i divisjonane at imaget sviktar. Det er nemleg her fleire tenker at det bare er dei lesbiske machodamene som finst. I 2017 treng du bare ein tur på byen for å få bekrefta ein slik fordom: «Fotball, seier du? Du ser ikkje slik ut». Det kjennes ikkje alltid like kult ut å spele på lågt nivå. Då er det tryggare å tre på seg tightsen og peise seg ned til senteret.

Ein anna vanleg grunn til å stoppe med lagspel, er at kroppen etter diverse fødslar og livserfaring blir meir skrøpeleg.

Dette er likevel ikkje gyldig grunn til å avslutte aktiviteten på eit lågt nivå. Litt roleg løkkefotball har dei fleste kne ikkje vondt av. Problemet er bare at det ikkje nyttar når du er heilt aleine. Vi treng fleire atletar på lågt nivå inn i lagidretten.

Nok ein grunn til i satse på breiddeidrett, ikkje bare i ung alder, men karriera ut. Helse-Noreg treng det.

Så er bare problemet: Korleis i lovens navn skal du komme i gong med ein sosial kjekk lagidrett når du er 40 pluss? Svaret er sjølvsagt: du må aldri slutte. Vi må ikkje gi opp hobbyen vår, enn om vi blir 16 eller 25 år. Vi må hjelpe kvarandre. Motiver sambuaren din til å komme seg på den økta. Ikkje brems. I framtida vil det kanskje redde både helsa hennar og forholdet ditt.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook