SJØLVISAR: Frå generasjonen som òg har gitt oss nettsider som «Selfies at Funerals», ei samling instagram-sjølvportrett der diverse ungdom poserer med sexytriste fjes framfor dei opne kistene med besteforeldra oppi, kan me no presentere det naturlege framhaldet: Holocaust-selfien! Agnes Ravatn skriv om den nye trenden. Illustrert av Flu Hartberg.
SJØLVISAR: Frå generasjonen som òg har gitt oss nettsider som «Selfies at Funerals», ei samling instagram-sjølvportrett der diverse ungdom poserer med sexytriste fjes framfor dei opne kistene med besteforeldra oppi, kan me no presentere det naturlege framhaldet: Holocaust-selfien! Agnes Ravatn skriv om den nye trenden. Illustrert av Flu Hartberg.Vis mer

Kor lågt kan DU synke?

Turistfella du ikkje vil gå i denne sommaren.

Meninger

Sjølvportrettet viser eit ungt, smilande ansikt. I bakgrunnen er restane av ein konsentrasjonsleir. Teksten under står på norsk: «Jeg er faktisk jøde. #juden #arbeitmachtfrei #treblinka #zyklonB #feelgood».

Eit anna viser to unge gutar i skinnjakker framfor hovudporten til Dachau. Under: «#chillin in #dachau #concentrationcamp #asianboy #zara #leather #mensfashion #style #fresh».

Eit tredje: to venninner som poserer tett inntil kvarandre, med sexy dådyrblikk og kysselepper: «Being sad at the Holocaust Memorial».

Ok. Akkurat då ein trudde verda ikkje kunne bli meir skammeleg. Frå generasjonen som òg har gitt oss nettsider som «Selfies at Funerals», ei samling instagram-sjølvportrett der diverse ungdom poserer med sexytriste fjes framfor dei opne kistene med besteforeldra oppi, kan me no presentere det naturlege framhaldet: Holocaust-selfien!

Magasinet The New Yorker skreiv nyleg om eit aukande, ubehageleg internettfenomen: ungdom som på klassetur til tyske konsentrasjonsleirar tar upassande sjølvisar (selfies) og publiserer dei på Instagram. Samlinga inkluderer ei lang rekke deilig-sjølvisar (forførande soveromsblikk i krematoriet - første kommentar: «omg you beauties <3), moro-sjølvisar (haikande på skinnegangen ved Birkenau) og sjølv-her-er-det-eg-som-er-hovudpersonen-sjølvisar (alvorleg/trist/tenksamt ansikt i gasskammeret). Så mykje for påstandane om at Generasjon Alvor har overtatt for ironigenerasjonen.

Debatten var i gang: Bør fotografering i konsentrasjonsleirar kort og godt forbys? Helst ikkje. For kvar tulling som held to tomlar opp under Arbeit Macht Frei-portalen, er det hundrevis som ikkje gjer det, og ein studie av ungdom som besøker Auschwitz finn at flesteparten, trass i sterk ambivalens, endar opp med å ta nokre bilete frå inni leiren likevel for å ikkje nokon gong gløyme.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Men det er verd å spørje seg kva den hårreisande upassande holocaust-sjølvisen eigentleg uttrykker. Er det ungdommeleg nihilisme i si reinaste form? Ungdommens unike evne til å fokusere på det positive (#treblinka #newsneakers)? Er det Generasjon Eg Eg Eg som spankulerer rundt i ei verd der alt er ein passande kulisse for ei Instagram-oppdatering?

Det er artig korleis massemedia rutinemessig fordømer alt det som ungdommen måtte komme opp med av kulturelle nyvinningar. Før var det rock’n’roll og skateboard, i år er det Instagram-sjølvportrettet som varslar vår sivilisasjons nært føreståande undergang. Det er særleg unge jenters akselererande sjølvisproduksjon som er fordummande, destruktiv sjølvbesettelse. Jenter er på få år blitt forvandla til overflatiske narsissistar, manisk opptatte av trening, kosthald og hjerter frå sine like sjølvoppslukte venninner. I timesvis står dei og prøver å knipse seg sjølv frå den perfekte vinkelen, når dei i staden burde sende inn Chuck Berry-platemeldingar til musikkavisa PULS.

Veldig overraskande, dette, etter at same massemedia i generasjon etter generasjon har innprenta i lesarar og sjåarars medvit at kvinners primære oppgåve er å bli sett på. Jenter skal bli tatt bilde av, jenters verdi skal vurderast i korleis dei ser ut, og jenters nakne kroppar skal brukast til å illustrere alt mellom himmel og jord i elles seriøse (knis) aviser. Men jenter må for all del ikkje ta bilde av seg sjølve. Då raknar visst alt.

Forskinga på sjølvis-fenomenet - ja, det finst - fortel imidlertid at å publisere sjølvportrett er jenters - og gutars - måte å ta kontrollen tilbake på. Å sjølv bestemme korleis dei skal framstå - sjølv om det er på badet under grelle lysrøyr og med ope dolokk - gir ei kjensle av kraft. Den undersjangeren av sjølvisen som ber namnet uglie, der målet er å poste eit så stygt sjølvportrett som muleg, er òg med på å understreke at ungdom ikkje berre er viljelause slavar av skjønnheitstyranniet, men òg kritiske, leikande aktørar.

Men kva så med den langt på veg uakseptable holocaust-sjølvisen? Ein del må nok tilskrivast den uheldige kombinasjonen idioti og manglande evne til innleving. Men andre halvdelen kan betraktast som parodi på den tradisjonelle deilig-sjølvisen. Så politisk ukorrekt at ein må bite seg fast i bordkanten for å ikkje ramle av stolen, men like fullt eit opprør mot Instagram-glansbilda, eit svalestup i bad taste og ein demonstrasjon av suverenitet på same tid.

Og som alltid overstråler dei vaksnes dumskap ungdommens råskap. Vaksne sjølvisar på upassande stader er nemleg heller ingen mangelvare, verken i konsentrasjonsleirar (to smørblide kvinner, Auschwitz-brakkene i bakgrunnen, og biletteksten «With the wonderful woman who inspired my love for the holocaust!»), ved Minnesmerket over Europas myrda jødar i Berlin (mann i forførerisk positur: #holocaust #nice #hot #boy #newbalance) eller Ground Zero (kvinne besatt av det faktum at ho har raudt hår: #wtc #neverforget #redhair# #ginger #gingersrule #redhead #carrottop). Prøv deg fram med litt forskjellige søkeord, og du vil ha sikra deg nattsvart underhaldning for heile sommaren.

Så, god ferie, hugs fjellvettreglane, men endå viktigare: nettvettreglane.