MEDALJENE: Medaljer til norske soldater fra Adghanistan i 2010. Statsminister Jens Stoltenberg og forsvarsminister Grete Faremo holdt taler og delte ut medaljer. Foto: Torbjørn Grønning / DAGBLADET
MEDALJENE: Medaljer til norske soldater fra Adghanistan i 2010. Statsminister Jens Stoltenberg og forsvarsminister Grete Faremo holdt taler og delte ut medaljer. Foto: Torbjørn Grønning / DAGBLADETVis mer

Kor mange fekk vi drept i Afghanistan?

Synlighetskompetanse.

Kommentar

DENNE VEKA oppsummerte tidligare reserve-utanriksminister Bjørn Tore Godal det norske engasjementet i Afghanistan. Mål nummer ein var ein suksess: Når det blir krevet, gjer vi som USA seier. Alt anna gjekk ikkje så bra. Det kosta 20 milliardar, 9000 norske militære deltok, ti mista livet og mange blei alvorlig skada. Men som måltal for suksess har vi ikkje fått vita på kor mange vi klarte å drepa. Vegen til Valhall var brulagt med gode og salbare intensjonar. Det var stor kapasitetsbygging av varierande og vikarierande argument for dei krigsliknande operasjonane. Norske politikarar klypte snorer og poserte synlig saman med takknemlige afghanarar i krigen mot burka og for demokrati. Regjeringspartiet SV sin store fredsinnsats på plenen var at dei fekk opp løyvingane som rann ut i korrupsjon.

NÅ SKAL NORSKE soldatar vera med i Jens Stoltenbergs bataljon til dei polske og baltiske grensestrøka mot Russland. Mens andre skal trena opp leigesoldatar i Jordan og bli med dei og kriga i Syria. Som Alf Prøysen ikkje sa det om blanke ark og fargestiftar tel: Og da kæinn du gjøra oppatt æille feil ifrå i går Innstrammings- og ekskluderingsminister Sylvi Listhaug har stor synlighetskompetanse og gjer ein viktig psykososial innsats for den norske folkehelsa. Ho tar på seg dritjobbane slik at for eksempel Harald Eia kan gå rundt som ein anstendig sjølbedragar for alle generasjonar og halda si humanistiske fane høgt med god samvittighet.

FRAMSTEGSPARTIET har brukt den parlamentariske asylrunden til å gå ned med flagget til topps. Noen gonger er det viktigare å tapa tappert og synlig enn å få gjennom mest mulig av sin politikk.

PARTIET FOR FOLK flest går mot at folk flest - eller «publikum», som partiets konstitusjonelle talsmann Helge Thorheim omtaler veljarane - skal ha større innflytelse på kven som blir valde til å representera folk flest på Stortinget. Mens veljarfiskeminister Per Sandberg, som har vore ein tur i Putin-land, har fått det for seg at dei kommunale folkerøystingane er eit rop frå folk flest om at Staten må gripa inn. Sannelig: Framstegspartiet har passert Arbeiderpartiet i konkurransen om å vera mest toppstyrt, sentralistisk og etatistisk.

SANNERSLÅINGA går dårlig, men har kosta flesk. Rundt rekna 20-30 millionar per samanslått kommune. Etter standard kommunevaluta blir det ganske mange barnehage- og sjukeheisplassar. Kunne det ha blitt billigare på anbod?

PÅ INNOVASJONSDAGEN i Hotel Christiania Teater gjorde Anita Krohn Traaseth ein forskjell og leverte ein fyrverkeritale for drømmeløftet . Med stort fokus på synlighetskompetanse. Men vonde tunger driv ein svertekampanje og twitrar om at det er ein rein heime-aleine-fest i Innovasjon Norge der altfor mange har svingode topplønningar. Det er vel godt nok for de svina.

DØDSANNONSEN for Arve Solstad sto på politisk kommentarplass på side tre i Dagbladet. Det var rett stad. Noe anna ville ha vore tøv.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook