MODERNE? Kvifor må kommunar få fleire kvadratmeter for å vera moderne i motsetnad til nasjonar der stabile grenser er eit kvalitetsteikn? spør Geir Pollestad (Sp). Foto: Vidar Ruud / NTB Scanpix
MODERNE? Kvifor må kommunar få fleire kvadratmeter for å vera moderne i motsetnad til nasjonar der stabile grenser er eit kvalitetsteikn? spør Geir Pollestad (Sp). Foto: Vidar Ruud / NTB ScanpixVis mer

Kor mange kommunar bør Noreg ha? 400 eller 50?

Regjeringa vil ikkje seie kor mange kommunar dei meiner er passande. Dei seier berre at det er for mange i dag.

Meninger

Spør du regjeringa kor stor ein norsk kommune er, så vil dei svare «for liten».

Det som forundrar meg er at dei svarer «for liten» uansett kor stor kommunen er: Ein kommune med tusen innbyggjarar er for liten, seier regjeringa. Den må difor slå seg saman. Ein kommune med 5000 innbyggjarar er for liten, seier regjeringa. Den må difor slå seg saman. Ein kommune med 25.000 innbyggjarar er for liten, seier regjeringa. Den må difor slå seg saman.

Og det er heller ikkje fred å få for dei verkeleg store kommunane. Dei må også gjera øvingar for å bli større. Regjeringa har ikkje noko mål om kor store kommunar må vera. Berre dei vert større.

Kor mange kommunar bør Noreg ha? Det må bli færre, seier regjeringa. Dei vil ikkje seie kor mange kommunar dei meiner er passande. Dei seier berre at det er for mange i dag. 420? 300? 200? 100? eller 50?

Eg har og undra meg over argumentet om at grenser må endrast over tid. Det er visstnok slik at det er gammeldags å ikkje endre kommunegrenser. Kvifor må kommunar få fleire kvadratmeter for å vera moderne i motsetnad til nasjonar der stabile grenser er eit kvalitetsteikn?

Er ein konsekvens av at kommunane stadig må verta større at me til slutt skal ende med ein kommune i heile Noreg? Neppe.

Det spørsmålet ein då må stille seg er: Kva er ein kommune?

For meg er det ein arena for lokaldemokrati der ein kan påverke dei sakene som er viktige i kvardagen som skule, helse, kultur, idrett og lokalsamfunnsutvikling.

Deltaking og engasjement trivst best i små einingar. Det er regjeringa som tenkjer for smått, om lokaldemokrati, nærleik og engasjement.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook