LAGEVAREMINISTER: Det skal eit stort under til om Anders Anundsen står opp att frå dei politisk døde tredje dag og får all makt over utvisingssaker i himmel og på jord. Foto: NTB Scanpix
LAGEVAREMINISTER: Det skal eit stort under til om Anders Anundsen står opp att frå dei politisk døde tredje dag og får all makt over utvisingssaker i himmel og på jord. Foto: NTB ScanpixVis mer

Korsfesta politikk

Du skal halde deg unna hønsegarden og gullegga.

Kommentar

DENNE PÅSKA har dei små tullepartia halde fram med å plaga lagervareminister Anders Anundsen. Han fekk ikkje palmer i hendene søndag, fekk ikkje politisk fotvask torsdag, og langfredag blei ein tøff dag. Han er pint under Hans Fredrik Grøvan og Abid Raja, sjøl om dei vil spara hans politiske liv. Men som hans farisearske partifelle Jan Arild Ellingsen så evangelisk har formulert det: "Hvis de nå skal tvinge ham til å ta asylbarna tilbake, så er det ensbetydende med å korsefeste hans politiske ståsted". Det skal eit stort under til om Anundsen står opp att frå dei politisk døde tredje dag og får all makt over utvisingssaker i himmel og på jord.

MENS MULLA KREKAR slapp å bli forvist til Kyrksæterøra, Arfan Bhatti var på ferie i Hellas og Barabbas gjekk fri, er det mange som toar sine hender etter å ha dømt Anders Anundsen til mistillit.  Arbeiderpartiet har slutta seg til kravet om å få han politisk hengd som soning for Grete Faremo og oransjemannen Pål Lønseth sine synder i asylpolitikken. Salig er dei dobbelmoralske, for dei skal arva makta.

PÅSKEEGG har røter både i heidensk, romersk, jødisk og kristen tradisjon. Ein myte vil ha det til at Møya Maria ga egg til dei romerske soldatane som korsfesta Jesus Kristus for at dei skulle vera mildare mot han. Då tårene hennar fall på egga, fekk dei vakre flekkar i fleire fargar.

Artikkelen fortsetter under annonsen

I EIT ANNA eggande eventyr kom Maria Magdalena til Jesu grav for å stella den døde lekamen. Ho hadde med seg ei korg med egg som niste. Då ho oppdaga den tome grava, blei egga regnbogefarga. Derfor dekorerte påskeegg. Egget har også vore eit symbol på oppstandelsen: Sjøl om det verkar hardt og kaldt, er det nytt liv inni. Derfor er egget eit vårteikn.

I VERDAS RIKASTE land et vi 21 millionar egg i påskedagane, og i år er det nok av dei. Særlig frå Freia med marsipan og frå Hval med palmeolje, eller i varianten «Stekt kylling» frå Rune Forsberg, Sandefjords svar på Willy Wonka. Det var verre før påske i 2004. I Stortingets spontane spørjetime tok Frp-tannlegen Øystein Hedstrøm opp det tragiske faktum at det var 3,3 millionar egg for lite til å tilfredsstilla behovet hos egghungrige nordmenn. Visepresident Inge Lønning lurte på om landbruksminister Lars Sponheim kunne koma opp med eit gullegg. Det var då Sponheimen talte seg inn i parlamentarisk språkhistorie: «Jeg kunne kanskje ha svart at hver mann burde ha sin høne, så hadde dette vært løst.»

SLIK STÅR DET skrive i Stortingstidende, men den relativt frittgåande og konsekvent språklig samansette odelsguten i Ulvik med lærdom frå pikeskolen i Halden, sa det nok heller slik: «Kvar/hver mann si/sin høne, så hadde dette problemet vore/vært løyst/løst.» Når Sponheimen, som gjerne omtalte seg sjøl i opphøgd tredjeperson, blei skulda for knoting, svara han at han var den einaste på Stortinget som knota frå bokmål til nynorsk.

EIT DIKT til slutt, av Sponheimen sin sambygding, Olav H. Hauge. Han mana til varsemd i hønsegarden når der er dropar i austavind, og det gjeld også i den politiske retorikken:

I hønsegarden skal du
halda deg undan

hanen og gromhøna,
blunk ikkje,

lyft ikkje fot!
Berre eit nikk frå deg

er eit ormebit.