Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Meninger

Mer
Min side Logg ut

Kortreist populisme

Sylvi Listhaug var lenge noregsmeister i populisme. I det siste har senterpartileiaren glatt dytta henne ned og tronar øvst på populismepallen.

Trygve Slagsvold Vedum. Foto: Hans Arne Vedlog / Dagbladet
Trygve Slagsvold Vedum. Foto: Hans Arne Vedlog / Dagbladet Vis mer
Meninger

Fredag var Jonas Gahr Støre og Trygve Slagsvold Vedum gjestar i Politisk kvarter i NRK. Temaet var korleis ta vare på gamle og opprette nye arbeidsplassar i kjølvatnet av koronakrisen. Det vi kunne slå fast i etterkant av programmet, var at begge to er for å ta vare på gamle og opprette nye arbeidsplassar.

Spaltist

Jarl Wåge

er debattant, skribent og tidligere vinner av forteller-konkurransen «Storyslam». Foto: Sunniva Halvorsen

Siste publiserte innlegg

Debatten blei forøvrig ei selsam oppleving. Begge må ha mediestrategar som tydelegvis har innprenta dei om det er viktig å framstå som folkelege. Dei formeleg kappast om å trekkje inn menneskje dei hadde møtt land og strand rundt. Gjerne med namns nemnelse. Vi fekk høyre om industriarbeidarar her, fiskeforedlarar der. Om lokale ostar og norsk skinke.

Bodskapen vae enkel: «Kjøp norsk i staden for utanlandsk». Vedum var mest kategorisk. Feriane skal òg vere kortreiste. Rorbuferie i Lofoten, Rafting i Sjoa, Solnedgangsafari i Ytre Nordfjord er heilt sikkert innanfor. Slagsvold Vedum hadde ironisk nok planlagt ferie utanfor i sommar. Til Barcelona med storfamilien. Men pyttsann. Prinsipp er til for å brytast, og dessutan berga han seg innanfor att sidan han måtte koronaavlyse Barcelona.

Det strategane gløymde under pep-talken, er at folkelegheit ikkje er noko ein kan kle på seg som eit nytt plagg. Kjem det ikkje innanfrå, blir det kleint og pinleg.

Eg har lenge sett på Trygve Slagsvold Vedum som ein dyktig og likandes politikar. Ved forrige kommuneval gjennomførte han ein suksessrik valkamp og tok Senterpartiet til nye høgder.

No har langspurten starta mot neste stortingsval, og plutseleg tykkjer eg han har skifta ham. Det er nesten så eg må skru av radioen når han kjem i eteren. Sylvi Listhaug var lenge noregsmeister i populisme. I det siste har senterpartileiaren glatt dytta henne ned og tronar øvst på populismepallen.

Han har mellom anna kasta seg på snakke-foraktfullt-om-«eliten»-og-«politisk korrekte»-trenden. Til dømes dei innanfor Ring 3 i Oslo som kan sykle til jobben og vil ha vegetarmat i staden for kjøt. Så lenge ingen, ei heller Vedum, klarer å definere klart kven som er elite og kva som til ei kvar tid er PK, blir dette berre hersketekniske grep for å putte andre i bås. Det komiske er at Vedum, storbonde på Hedemarken, partileiar, stortingsrepresentant og tidlegare regjeringsmedlem ikkje inkluderer seg sjølv i ein eller annan elite.

Frp kan på neste landsmøte komme til å vedta å bli eit «parti for patriotar» og at dei i langt større grad enn no skal satse på «styrking av nasjonalstaten». Om Senterpartiet har vedtatt liknande satsingsområde, har det i tilfelle gått meg hus forbi. Men vedtak eller ei; Slagsvold Vedum har uansett komme Frp i forkjøpet. I beste populiststil har han fanga opp at nasjonalisme trendar det politiske miljøet akkurat no.

«Nasjonalstaten» har blitt eit vedumsk mantra. Sjølvsagt klarte han å skyte det inn fleire gongar i Politisk kvarter. Og at vi må kjøpe norsk. Ein kan få inntrykk av at han meiner Noreg er sjølvforsynte. At vi kan klare oss med det vi produserer her til lands. Det er nesten så han gløymer at mange norske arbeidsplassar eksisterer fordi dei produserer for eksport eller fordi dei vidareforedlar utanlandske produkt.

Det er sjølvsagt musikk i øyra til kjerneveljarane at han vil satse på norske, kortreiste produkt. Ja, i alle nordmenn sine øyre. Vi er avhengig av norske produkt, og vi må, i den grad det er muleg, støtte våre produsentar.

Men så enkelt er det ikkje. Utan handelsavtalar med andre land, både når det gjeld eksport av norske varer og import av utanlandske, vil ikkje Noreg, slik vi kjenner det i dag, overleve.

Om vi vil vifte med ein raud klut framfor Slagsvold Vedum, er det bare å seie «EØS-avtalen». Ein forpliktande, gjensidig handelsavtale Noreg har med dei 27 medlemslanda i EU. Ein avtale SP-leiaren hadde skrota i morgon den dag om han hadde hatt høve til det. Og han er ikkje åleine. Ein koalisjon av Rødt, SV og den ytterste høgre politiske flanke er på linje med SP i dette.

Det vil seie at dei er viljuge til å kaste over bord ein avtale som heilt sikkert kan bli betre, men som samtidig gjer at vi har forutsigbare ordningar for handel med dei fleste land i Europa.

Å bryte og forkaste avtalen vil innebere at Noreg må gå i forhandlingar med tjuesju ulike europeiske land for å komme fram til individuelle avtalar med kvart enkelt av dei. Ein kan knapt klare å forestille seg kor enormt tid- og arbeidskrevjande det vil vere og for eit byråkrati som må til for å få alle avtalane i hamn.

Det var bare på dette området Jonas Gahr Støre og Trygve Slagsvold Vedum var direkte ueinige i Politisk kvarter. Støre er for EØS, og i fylgje Vedum difor heilt sikkert ikkje så opptatt som han av å styrke nasjonalstaten.

Programleiaren, som sat ho og såg inn i ei glaskule, overraska med følgjande utsagn: «Eg bare minner om at dokker to skal samarbeide i regjering om kort tid». Spådde ho riktig om at dei to hamnar regjeringsforhandlingar ved neste korsveg, skal nasjonalisten Slagsvold Vedum (som til og med klarte å få slengt med eit «Alt for Norge» på slutten av programmet) og internasjonalisten Gahr Støre måtte gå nokre intense rundar for å komme fram til ein felles plattform.

Lyst til å diskutere?

Besøk Dagbladet debatt!