PINSEVENNAR?:  Erna Solberg var sterk i trua på at dei små tullepartia etter kvart ville søka ly i hennar famn, saman med Siv Jensen. Slik har det slett ikkje gått. Foto: ANT Scanpix
PINSEVENNAR?: Erna Solberg var sterk i trua på at dei små tullepartia etter kvart ville søka ly i hennar famn, saman med Siv Jensen. Slik har det slett ikkje gått. Foto: ANT ScanpixVis mer

Koselig med peis

Erna Solberg trur ikkje lenger på tungetale og pinseunder.

Kommentar

DENNE VEKA har Hadia Tajik frå Bjørheimsbygd bekrefta at ho ikkje er tvangsgift. Ekteskapet er heller ikkje arrangert, rimeligvis, for verken familie eller parti ville ha funne på å matcha henne og Stefan Heggelund, Høgres skjeggete og litt lurvete godklump.

I VELMAKTSDAGANE hadde Arbeiderpartiet betre kontroll på familiepolitikken i nomenklaturen, med AUF som autorisert sjekkemiljø og ekteskapsbyrå. Men ein skanse fall då den eigenrådige dottera til partiets sosial- og forsvarsminister Gudmund Harlem slo seg saman med Høgremannen Arne Olav Brundtland. Han blei gift med Gro og etter kvart omvendt til Arbeiderpartiet. Der har nok Hadia Tajik ei større utfordring med sin mann.

PINSEUNDERET var då Den heilage anden kom som tunger av eld og materialiserte seg som duer som sette seg på akslene til dei truande. Alle kunne forstå kvarandre, sjøl om dei talte ulike tungemål og partilektar.

NORSK POLITIKKS mest kjente pinsetale heldt Senterpartiets hestehandlar Johan J. Jakobsen i Setesdal i 1983. Høgrebølga hadde vunne valet i 1981, men Kåre Willoch måtte danna mindretalsregjering fordi Kristelig Folkeparti selde førstefødselsretten for ein rett linser. I protest mot lova om sjølbestemt abort ville dei vera «vekkerop i fri stilling». Men då Jakobsen i sin pragmatiske tungetale åpna for å regjera saman med Høgre, klarte ikkje Kristelig Folkeparti å knipa igjen lenger. For Høgre var det også greitt å få kvitta seg med noen mislykka statsrådar. Den nye regjeringa er seinare blitt omtalt som Willoch II av alle andre enn Kåre Willoch som insisterer på at det bare var ei omdanning og utviding av den gamle.

Artikkelen fortsetter under annonsen

DEN SAMLANDE og runde Erna Solberg har vore pinsevenn i denne tradisjonen sidan ho danna regjering. Ho var sterk i trua på at dei små tullepartia etter kvart ville søka ly i hennar famn, saman med Siv Jensen. Slik har det slett ikkje gått. Ånden fra Nydalen er åpenbart svakare enn Den heilage anden. PARLAMENTARISK oppklaring: Eit daddelvedtak er å skjula mistilliten bak eit fikenblad.

DÅ VENSTRELEIAREN Trine Skei Grande pussa opp sitt jomfrubur på Grønland, kvitta ho seg med ein «sånn jævla Frp-peis». Den ga ho til Anders Anundsen, slik at han er i beredskap til å brenna Tønsberg Blad når dei skriv noe han ikkje liker. På den måten står han utan å frysa som ein bauta i stormen med breitt fokusområde.

EG VEIT IKKJE HEILT kva ein Frp-peis er, men det høyrest vulgært og vidunderlig ut — ein studie i utsøkt dårlig smak. Derimot har denne spalta eit forhold til hest-peisar. I tradisjonen etter Henry Valen er «førbainna hæstkuk» eit sentralt begrep i norsk statsvitenskap. Og «jævla peislest» var favoritt-skjellsordet til sjølvaste Storoksen, privatdosent og gammelredaktør Arve Solstad i Dagbladet. Han brukte det som vennlig sjikane av medarbeidarar, men også om politikarar han meinte var duglause — og dei var mange.