KRAFTPRIS: No risikerer vi spesielt høg kraftpris til hausten/ vinteren, med låge nivå i kraftmagasina, og kven vil tene på det? spør artikkelforfattaren. Her fra Tunhovddammen, ein del av kraftverket Nore I, langs Numedalslågen Foto: Lise Åserud / NTB Scanpix
KRAFTPRIS: No risikerer vi spesielt høg kraftpris til hausten/ vinteren, med låge nivå i kraftmagasina, og kven vil tene på det? spør artikkelforfattaren. Her fra Tunhovddammen, ein del av kraftverket Nore I, langs Numedalslågen Foto: Lise Åserud / NTB ScanpixVis mer

Tørkesommeren:

Krafteksporten går for fullt, trass i klaging over halvtomme magasin

Det ser ut til at høge kraftprisar er styrande for produksjon og eksport, ikkje omtanken for å ha nok vatn i magasina mot hausten.

Meninger

Dagbladet skriv på leiarplass 30.07 at utanlandskablane er eit gode i tørkesommaren, slik at vi kan importere kraft.

Kraftselskapa vil ha oss til å tru på dette, men ser vi på NVEs kraftrapportar, finn vi full netto eksport av kraft, nesten kvar einaste veke i år.

Veke 29 viste stor netto eksport, og fram til då hadde Noreg eksportert 4,6% av produksjonen. Rapporten for veke 30 viser en eksport på 277 GWh, og totaleksporten har no kome opp i 4 TWh. Eksporten går altså fortsatt for fullt, trass i all klaginga på at det nesten er tomt i magasina.

Det ser ut til at høge kraftprisar er styrande for produksjon og eksport, ikkje omtanken for å ha nok vatn i magasina mot hausten. Ein ansvarleg kraftpolitikk i denne tørkesommaren ville ha vore å stanse eksporten og eventuelt importert litt for å sikre oss. No risikerer vi spesielt høg kraftpris til hausten/ vinteren, med låge nivå i kraftmagasina, og kven vil tene på det?

Dersom det blir kraftkrise til hausten på grunn av ein uansvarleg krafteksport, kan ikkje det bli brukt som argument for ytterlegare nedbygging av naturområde med vindkraft og vasskraft og heller ikkje for fleire utanlandskablar – vi har nok kraft og nok kapasitet til eksport og import.