Lukker dører: «Den nye regelen med fire i matte for å koma inn på lærarhøgskulen vil stengja ute mange potensielt dyktige lærarar», skriver innleggsforfatteren. Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB scanpix
.
Lukker dører: «Den nye regelen med fire i matte for å koma inn på lærarhøgskulen vil stengja ute mange potensielt dyktige lærarar», skriver innleggsforfatteren. Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB scanpix .Vis mer

Debatt: Lærerkrav

Kravet om ein firar i matte må ein vera både prest og profet for å skjønna

Norsk skule treng eit kollektivt tilbod med gode lærarar i alle fag, ikkje berre i realfag.

Meninger

I nesten eit halvt hundreår har eg vore lærar i norsk skule på fleire ulike nivå – frå barneskule, ungdomsskule, gymnas og lærarhøgskule. Såleis har eg fått god røynsle frå ungdom i alle aldrar. Ein god dose med empirisk kunnskap for å seia det på fagspråket.

Asbjørn Almås, lærer.
Asbjørn Almås, lærer. Vis mer

Det er eit mønster som har teikna seg klart av. Elevar som har øyre for språk, slit ofte med realfag, og dei som er flinke i realfag, har vanskar med filologiske fag.

Den nye regelen med fire i matte for å koma inn på lærarhøgskulen, vil derfor stengja ute mange potensielt dyktige lærarar. I vidaste forstand dekkjer denne sterile karakteren berre ei smal stripe av lærarens oppgåver.

Langt viktigare er personleg utstråling, formidling og ikkje minst evna til å byggja sosiale relasjonar som skapar kontakt langt utover den pedagogiske kvardagen. Norsk skule treng eit kollektivt tilbod med gode lærarar i alle fag, ikkje berre i realfag.

Med det noverande kravet til lærarutdanning, vil ein søkjar med tre i matte og snittkarakter på over fem få avslag. Eit slikt pedagogisk krav må ein minst vera både prest og profet for å skjøna. Like meiningslaust som å selja iskrem til eskimoar.

Sjølv om eg fekk karakteren mykje godt i matte til examen artium ein gong for lenge sidan, har eg aldri merka nokon overføringsverdi.

Eit klart meir rettferdig og funksjonell opptaksmetode, ville vera å bruka gjennomsnittskarakterane med dobbel vekting av både norsk, engelsk og matte. I eit større pedagogisk perspektiv ville dette truleg resultere i aukande interesse og innsats i desse basisfaga hos potensielle søkjarar til lærarutdanninga på vidaregåande skule. Utan tvil vil dette gje eit mangfald og ein positiv dimensjon som vil styrkja morgondagens skule.

Med dagens ordning går politikarane på ville vegar, skapar ein skule som ikkje fungerer på grasrota og kan i verste fall enda opp i kaos med ein skrikande mangel på kvalifiserte lærarar. Av alle tvilsame pedagogiske utspel frå politikarar opp gjennom åra, er kravet om karakteren fire i matte definitivt det verste.

Kjære Torbjørn Røe Isaksen, det er lov å snu før du køyrer i grøfta.

For framtida er det berre å håpa at dei styrande vil lytta meir til oss som har gått løypa før gjennom eit langt liv i norsk skule og ser terrenget - ikkje berre kartet.