Kreftramma kvinner som sexobjekt

Eg er i målgruppa. Slik eg oppfattar det, var ikkje målet med kampanjen å oppfordre kreftpasientar til å vere meir aktiv. Det var å vekke oppsikt.

Bare for merksemd:  I Aktiv mot krefts nye kampanje, med åtte kvinner som alle er kreftsyke eller har vært det, gjenskapes musikkvideoen til hitlåten «Call on me». Video: Aktiv mot kreft For meg er det vanskelig å forstå kvifor også kreftramma kvinner skal gjerast om til sexobjekt, skriv artikkelforfattaren. Bildet er screenshot fra Aktiv mot kreft-videoen.
Bare for merksemd: I Aktiv mot krefts nye kampanje, med åtte kvinner som alle er kreftsyke eller har vært det, gjenskapes musikkvideoen til hitlåten «Call on me». Video: Aktiv mot kreft For meg er det vanskelig å forstå kvifor også kreftramma kvinner skal gjerast om til sexobjekt, skriv artikkelforfattaren. Bildet er screenshot fra Aktiv mot kreft-videoen. Vis mer
Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

Kjære Aktiv mot kreft,

Eg er midt i målgruppa for den nye musikkvideoen dykkar: Eg er kvinne, eg er ung, og eg har kreft. På spørsmål om kvifor de har laga ein slik video, så seier de at de vil at eg og andre kreftpasientar skal bli oppmuntra til å vere fysisk aktiv, trass sjukdommen, og at vi skal føle oss vakker, trass arra vi har på kroppen. Det er imidlertid ikkje den kjensla eg sit igjen med. I staden så brenn eg inne med ei rekke frustrerte tankar.

Seksualisering og objektivisering av kvinner er dessverre ein vanleg måte å oppnå merksemd på. Det er eit problem fordi det har ein uheldig effekt på oss og vår åtferd. Det påverkar korleis menn ser på og behandlar kvinner, og det påverkar korleis kvinner tenker om seg sjølv og kva det er som gir dei verdi. For meg er det vanskelig å forstå kvifor også kreftramma kvinner skal gjerast om til sexobjekt.

Å ha/ha hatt ei kreftdiagnose fører for mange til blant anna symptom på utmattelse, stress, angst og depresjon: kroppar som ikkje orkar like mykje som før, og tankar som tyngar. Kvifor må det, også mot desse damene, rettast eit press om å vere vakker, sprek, fit og fresh? Om å vere fjasete og glad? Om å vere eit supermenneske som ikkje let seg stoppe av noko, ei heller av ein potensielt livstruande sjukdom? Kva med å heller oppmuntre til å vere raus med seg sjølv, til å senke krava og til å kome seg ut på ein rusletur, utan at ein skal måtte gå rundt i korte, stramme shortsar og kroppsnære, utringa toppar? Kvifor må også desse damene bli utsatt for eit overfladisk skjønnheitsideal og ei forventning om å bry seg om det, når det allereie svirrar eksistensialistiske tankar og frykter rundt i hovudet deira?

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer