Krenkende registrering

FUNKSJONSHEMMA: I vår vart diskriminerings-registeret IPLOS innført i Noreg, dette nye obligatoriske registreringssystemet for individbasert pleie- og omsorgsstatistikk. Helse- og omsorgsminister Sylvia Brustad meiner dette registeret vil gje eit godt grunnlag for faglege og administrative avgjerder. Kanskje har ho teoretisk rett, men den praktiske sida opplevest sårande og diskriminerande av dei registrerte. Trass dette er alle norske kommunar pålagde å innføra systemet. Bordskikken, toalettvanar og temperament hjå funksjonshemma vert førde inn i Sylvia Brustads sentralregister. Her vert brukarane vurderte på ein skala frå 1 til 5 etter om dei til dømes «et mat på ein kulturelt akseptabel måte», «vaskar seg nedantil i samband med do-besøk» eller «vel klede i samsvar med klimatiske og sosiale tilhøve». Slike spørsmål vert av dei fleste oppfatta som krenkande og respektlause.

NOREGS Handikapforbund, ULOBA og andre brukarorganisasjonar er sterkt kritiske til IPLOS. Dei krev gjennomgripande endringar i sjølve innhaldet. Det handlar ikkje berre om at dette er eit uetisk dokument der spørsmåla fremjar eit skamleg menneskesyn. Fokus på individuelle sosiale eigenskapar pluss eit visst samfunnsperspektiv er totalt fråverande. IPLOS tek heller ikkje omsyn til relevante område i Sosial- og Kommunehelseslova. Fagforbund og einskilde stortingspolitikarar frå ulike parti stør oss. Eit relevant spørsmål vert stilt mellom anna av Datatilsynet: Kvifor skal dette registeret skipast utan samtykke frå brukaren? Lyt ikkje så omfattande og sensitive register lovheimlast? Vi undrast òg over at spørsmåla i hovudsak gjeld hjelpebehov i eigen heim og ikkje tenestebehov i samband med sosiale aktivitetar, utdaning eller arbeid. At IPLOS-registeret har vorte planlagt i lang tid frå det offentlege, utan at nokon i departement eller direktorat har reagert, er særs urovekkjande. Protestar, demonstrasjonar frå brukarane og samtalar med departement og Helsedirektorat har ikkje fått dei leiande til å endra syn på IPLOS. Dei vil ikkje høyra.

ALLE NORSKE borgarar som søkjer kvardagsassistanse for å leva eit meiningsfullt liv, vert i IPLOS reduserte til pasientar, utgiftspostar og objekt. Deira ressursar er uinteressante. Paradokset er at i det året antidiskrimineringslova vonleg vert røyndom i Noreg, kjem denne nedverdigande kartlegginga av personar som på eit eller anna vis er avhengige av hjelp for å meistra kvardagen. Dette er offentleg finansiert diskriminering! Går dei raudgrøne inn for det?