Krevjande dikting

Diktar med sin eigen agenda.

BOK: Dette er ikkje ein poet som skriv for å tekkast nokon eller er ute etter å gje deg lette og opne linjer inn til sitt univers. Det er like fullt noko overtydande ved den alvorstunge og seriøse tonen som får ein til å venta seg noko av tekstane. Ja, bruka ekstra tid på dei og grava seg ned i dei.

det er noko stumt

ute ved enden av ord

                          ei opning mot det useielege

kometteikn ut i mørkret

her kan ein ikkje tala om deg

eller noko

Uendelege rom

Me møter ei dikting som krinsar kring dei grunnleggjande vilkåra for mennesket og for kommunikasjonen, som diktinga jo er ein del av, men samstundes tek innover seg uendelege rom og fungerer på mange plan. Det hender under lesinga at det oppstår ei slags kreativ uro i ein, ei merkeleg vibrering som tyder på at diktet bankar mot sjelas gongong!

Hellesen skriv på ein måte som yt motstand, og som gjev frå seg lysglimt i gnissinga mellom lesarens frustrasjon og diktarens insistering og kompromissløyse.

på stadig nye skjener

ein kupékropp i geografisk svolt

djupare inn i framandt land

Kommunikasjonen set han mellom anna inn i ein insektmetafor der ord er egg og larvar, men det hender at dei store og symbollada orda kan skapa ein avveg og gje oss ei kjensle av å ha kome inn i erfaringslause rom. Andre gonger er det nært og konkret:

du samlar plast

eg trur på kreft

vi går i dei same gatene

Konkrete bilete

Det er utvilsamt ein stor vilje til å satsa, og han oppnår mykje alt i første boka, men på grunn av at det kan verta langt mellom måltida der han gjev sansane mat med konkrete bilete, og fordi han skriv seg inn mot dei store, opne, abstrakte, ugripelege spørsmåla, kan me kjenna det som det symbolske vert ståande som ein vegg diktaren slår mot for å skapa ein gjenklang i oss. Av og til oppstår den gjenklangen og sjelas gongong vibrerer, andre gonger ikkje, og lesaren sit att med ei gåte.

Nokre gonger kjennest det som om språket vert uregjerleg og går sine eigne absurde vegar. Det kan verka vagt og udefinerbart og i ferd med å gli ut. Men hovudtyngda av desse dikta er verd lesararbeidet og gjev frå seg noko, men ofte noko anna enn meining. Han skapar nye spenningspolar, mellom «lyst og rote», «vanvit og nærleik» til dømes, og han skriv rått og vakkert om døden, «straumar ingen språk kan likne», så ein kjenner det lenge etterpå.

«Ingenting»

Det er også noko med å sjå døden som opning at «alt stoppar/bare for å/byrje» og måten han set saman vatn og sfæriske rørsler slik at me opplever samanhenger og kjenner korleis ei åre vert dyppa i verdsrommet, og at lange seige tak tek oss attende til den eksistensielle einsemda, der du «er så aleine med dette å vere aleine» og der språket og kommunikasjonen, som jo diktinga er ein del av, låser oss inne i «eit stivna vere/i ei tenkjande/næringskjede» .

berre ingenting

og dette

ingenting

vil noko

anna