Krevjande poesi

Stramt og verknadsfullt frå original diktar

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

BOK: Om ein ikkje visste betre, kunne ein mest ha halde det for usannsynleg at ein poet av Arvid Torgeir Lie sitt format skulle kunna utvikla seg så langt som han har gjort i eit lite språkmiljø som vårt. Det har skjedd ei fordjuping i stoffet og verda, og ei fortetting av det språklege uttrykket som er så gjennomført og overtydande at heile den nye boka framstår som eit originalt språkleg univers, men med klare og skarpt kritiske referansar til den verd av ting, geografi og media me omgjev oss med.

Utfordring

Den nærast interne ordbruken, kan nok også lukka dikta hans for mange, ved første gongs lesing og få dei til å verka hermetiske, slik ein René Char-tekst kan vera. For det skal ein ikkje underslå; desse dikta er ei utfordring. Slik sett eksemplifiserer denne boka aleine noko av situasjonen til den norske poesien i eit større offentleg rom; dei er krevjande, og dyrebare. Ein må lesa og lesa mange gonger, så opnar dei seg. Orda gjev kvarandre meining. Lesaren får styrka seg med eigne erfaringar og lesebriller, så får desse underleg harde og strålande dikta som minner om krystallar og diamantar, frigjera sin energi slik dei kan.

Les artikkelen gratis

Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer