TO RETNINGER: KrFs leder, Knut Arild Hareide, og nestleder, Olaug Bollestad tilhører hver sin side i spørsmålet om hvilken retning partiet bør velge. Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix
TO RETNINGER: KrFs leder, Knut Arild Hareide, og nestleder, Olaug Bollestad tilhører hver sin side i spørsmålet om hvilken retning partiet bør velge. Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpixVis mer

KrF har aldri vært skjørere enn nå

Delegatsvalgene gjør at KrF framstår som stadig mer splittet.

Meninger

Knut Arild Hareide har starta ein sårt tiltrengt moderniseringsprosess av Kristelig Folkeparti. Det kan sjå ut som om han vil kvitte seg med partiet sitt mørke-fastland-preg til fordel for ei meir kristentliberal linje. Blant anna har han kome ut av skapet som tilhengjar av ei raudgrøn regjering med Jonas Gahr Støre som statsminister i staden for ei der Framstegspartiet er med.

Spaltist

Jarl Wåge

er debattant, skribent og tidligere vinner av forteller-konkurransen «Storyslam». Foto: Sunniva Halvorsen

Siste publiserte innlegg

Dette har falle mørkemennene og -kvinnene i partiet tungt for brystet. Dei vil lenger til høgre i politikken. Definitivt ikkje lenger til venstre. Partifargen til KrF har lenge vore gul. No er det bare snakk om raudt og blått. Dei blå er klokkeklare på at dei vil i forhandlingar med noverande regjering der Erna Solberg er sjef.

Før helga heldt Rogaland KrF, det største fylkeslaget i Noreg, årsmøte i Stavanger. Der diskuterte dei vegval samstundes som dei valde delegatar til landsmøtet i november. Det er der partiet sitt regjeringsval skal avgjerast. Hareide tapte så det dundra. Nestleiar Olaug Bollestad og henner fraksjon kom sigrande ut av bataljen. Vi har sett bilde av henne der ho jublar over at dei blå skal sende femten delegatar og dei raude berre ein til landsmøtet. Det vil seie; femten delegatar som vil stemme for hennar syn.

Men så melder spørsmålet seg: Jubla Bollestad for tidleg? Kan sigeren bli malurt-bitter i staden for søt? Allereie no ser vi skjerpa motsetningar mellom dei to fløyane. Ca 30% av deltakarane i Stavanger støtta Hareide si linje, og når dei blir representerte med berre ein delegat på landsmøtet, er det ikkje til å undrast over at det kjem reakajonar. Partiveteran og æresmedlem, Einar Steensnæs, var ein av dei som var raskt ute og kalla avstemminga eit kupp. «15-1 er langt frå eit representativt utval og gjev eit skeivt bilde av stemninga i Rogaland,» hevdar mange.

Det som kan skape enda meir vondt blod i partiet, er om dei andre fylkesårsmøta nyttar same strategi som dei gjorde i Stavanger. Då kan ein brått oppleve at enkelte lag sender berre raude og andre berre blå utsendingar til landsmøtet. Noko som vil føre til at sers mange vil føle at dei ikkje blir representerte der. Resultatet av det vil bli eit enda djupare splitta parti. Skjer det, vil nok Bollestad fort måtte ta innover seg at ho vann ein Pyrrhossiger i Stavanger.

I går var det avstemming i tre nye fylkesårsmøte. Der fekk Hareide-fløyen flest delegatar, noko som gjer at partiet langt frå framstår som mindre splitta. Er det ein ting eit parti som ligg og vakar kring sperregrensa ikkje har råd til, er det fraksjonering. Ein treng ikkje å vere politisk kommentator for å spå at det kan bety slutten for Kristeleg Folkeparti.

Den andre nestleiaren til KrF, Kjell Ingolf Ropstad, har og bidratt til skjerpa debatt. Han tok til orde for at dei no har ei historisk mogelegheit til å få abortspørsmålet inn i regjeringsforhandlingane. Dette er ei viktig sak for KrF, men mange fekk hakeslepp då Erna Solberg sporenstreks la seg på rygg og sa at ho var viljug til å kaste dette spørsmålet i forhandlingspotten. Dermed klagar mange henne for å prøve å påverke den pågåande prosessen i partiet.

I Stavanger foreslo ein fylkespolitikar at dei ikkje bare skulle forhandle om abort, men også om ekteskapslova som tillet at personar av same kjønn giftar seg. Det er ei kjent sak at fundamentalistane i partiet vil reversere lova. I sigersrusen var det kanskje naturleg å kaste denne saka òg i forhandlingsgryta. Om Erna Solberg legg seg på rygg enda ein gong og vil forhandle om ekteskapslova i tillegg til abortlova, gjentar å sjå

Aldri har KrF vore skjørare enn no. Generalsekretær Hilde Frafjord Johnsen kalla allereie søndag sentralstyremedlema til telefonmøte der dei skal diskutere strategien framover for å hindre større sprekkdanning. Får dei fleire «kupp» på fylkesårsmøta, kan det føre til djupe sår som det kan ta årevis å lækje. Det vil ikkje forundre nokon om Hareide trekkjer seg som leiar om han går tapande ut av denne prosessen og landsmøtet stemmer for regjeringsforhandlingar med dei blåblå. Då vil dei kristenkonservative sitte att med all makt. Det vil truleg resultere i at mange forlet partiet. Kanskje til fordel for Arbeidarpartiet.

Går Hareide av, er det naturleg at Olaug Bollestad eller Kjell Ingolf Ropstad blir ny leiar for restane av eit skateskote parti. Det er å ta hardt i å påstå at dei har brei appell. Det sit heller ikkje hordar av konservative kristne på gjerdet klare til å masseinnmelde seg i partiet om Hareide takkar av.

Eit sterkt svekka parti vil sjølvsagt også stille langt svakare i eventuelle regjeringsforhandlingar med Høgre, Frp og Venstre. Eit KrF langt under sperregrensa på meiningsmålingar, vil ha elendige forhandlingskort på handa. Dei kan ikkje forvente å få gjennomslag verken når det gjeld abortspørsmål eller ekteskapslov. Og sjølv om Solberg skulle vise vilje til å forhandle om dette, vil dei nok få ei kald skulder både frå Frp og Venstre.

Den mektige, hellenistiske kongen, Pyrrhos, sigra i slag mot romarane, men han leid så store tap at han kom sterkt svekka ut av det. Noko som seinare fekk alvorlege konsekvensar for han.

Medan eg sit her og skriv, høyrer eg song. Men ikkje lovprising frå ei himmelsk hærskare. Det høyrest meir ut som Pyrrhos som syng Kristeleg Folkeparti sin svanesong.