Krimjournalistikken må bli teken på alvor

Politiske journalistar, kulturjournalistar, gravande journalistar - ja vel, men kan verkeleg krimjournalistar seiast å spela ei viktig samfunnsrolle?, spør Lars Arve Røssland.

NOVEMBER 1999. Eit foreldrepar som berre tre månader tidlegare opplevde at yngste dottera vart drepen sit overfor meg på eit hotell i Sandefjord. Dei er sterkt kritiske til korleis pressefolk frå ei rekkje kriminalredaksjonar har oppført seg overfor dei og overfor familie, venner og naboar. Foreldra, og andre, fortel historier som forsterkar det sentrale spørsmålet: Kva er det dei eigentleg vil desse kriminaljournalistane?

Mange peikar på at norske pressefolk dei siste par tiåra har gjennomgått ein profesjonaliseringsprosess. Journalistar er blitt medvitne om at deira oppgåve ligg i sjølve journalistikken, på eit eller anna (mystisk) vis, og ikkje i bindinga til parti, til marknadskrefter eller anna.

Kor vidt dei lykkast i å vera lausrivne frå alle desse bindingane i den praktiske kvardagen, det er naturlegvis eit heilt anna spørsmål. Men innimellom gir politiske journalistar, kulturjournalistar og gravande journalistar som «går bak» aktuelle nyhendeoppslag prov på at journalistar kan spela ei viktig rolle - ei viktig samfunnsrolle. Dei grev opp alt frå urimelege forhold til skandalar.

Politiske journalistar, kulturjournalistar, gravande journalistar - ja vel, men kan verkeleg krimjournalistar seiast å spela ei viktig samfunnsrolle?

SEPTEMBER 1928. Under ei drapssak på Ringerike skildrar Aftenposten sin utsende si eiga rolle slik: «Døren var uskadd og der var intet iveien med nogen av vinduene. Foreløpig kan man gjette sig frem, og det er jo et spill, hvor også amatører kan leke med.» Aftenpostens utsende er fascinert av drapsgåta. Seinare jaktar han på «morderen» saman med politiet. Først er det den eine som er mordaren, sidan den andre.

Det er dette biletet folk flest gjerne har av kriminaljournalistikken og av krimjournalistar - at dei er overflatiske, spekulative, sensasjonshungrige, nært knytt til politiet, osb. Biletet gjeld ikkje berre krimjournalistar frå 1928, frå «gamle dagar». Det kjem opp igjen i den offentlege debatten kvar gong dekninga av ei kriminalsak blir sterkt kritisert i det offentlege rommet.

Er det så enkelt at kriminaljournalistar ikkje er påverka av den generelle profesjonaliseringa i pressa? Kan ein setja ein parentes rundt dei og seia at vel er det profesjonelle medvitet høgna i journalistikken elles, men i kriminaljournalistikken..., nei der...?

Nei. Så enkelt er det slett ikkje.

MAI 1999. Eit trippeldrap hadde skaka landet i pinsen. Krimjournalistane i avisene hadde arbeidd hardt i løpet av helga, men måtta venta til tirsdagen for å få sine oppslag og vinklingar om saka på trykk. Etermedia hadde rådd grunnen åleine. Første avisdagen knalla Dagbladet så til mot NRK i hovudleiaren sin. NRK hadde ikkje gjort jobben sin på trippeldrapet i pinsen, var Dagbladets syn. Dagbladet er det mediet her i landet som over lengst tid har hatt krim som prioritert nyhendestoff. I leiarartikkelen slår avisa fast: «Men publikum må ikke forledes til å tro at kriminaljournalistikk er en særlig utidig form for krenkelse av privatlivets fred. Lovbrudd som kvalifiserer til strenge straffer, både må og skal angå offentligheten.» (Dagbladet, 26.5.1999)

Dagbladet skammar seg ikkje over at det dekkar kriminaljournalistikk aktivt og med store typar. Tvert om. Dette stoffet er viktig. Av og til både må og skal det, altså, «angå offentligheten». Det er ei offensiv holdning som vitnar om eit utvikla medvit om kva ein vil med krimjournalistikken. Det er eit langt steg frå Aftenpostens amatørleik i 1928. Seinare i 1999, også det i ein kommentar til kritikk mot dekninga av Orderud-saka, slår dåverande krimreporter i VG, Lars-Erik Nygaard, fast den viktige - og seriøse, kunne ein seia - oppgåva til krimjournalistikken: «Et drap på andre samfunnsmedlemmer er av samfunnet definert som et av de groveste avvik, og en av de mest massive truslene mot fellesskapet av mennesker og verdier. [...] Kriminaljournalistikk er ikke underholdning i form av detaljer, som pirrer vår nysgjerrighet og kikkertrang. [...] Detaljene er informasjon om hva som har skjedd med et eller flere andre medlemmer av samfunnet vårt.» (Journalisten, 24.9.1999)

DET ER ALTSÅ SLIK at dei redaksjonane som satsar stort og tungt på kriminaldekning offensivt skildrar si satsing som viktig. Innimellom minnar argumentasjonen om måten journalistikken tradisjonelt har hevda sin positive plass som ei viktig makt, eller motmakt, i samfunnet. Det kjenner ein best frå korleis den politiske journalistikken har legitimert journalistisk verksemd. Det første punktet i Vær Varsom-plakaten slår dette fast. Der heiter det at ytringsfridom, informasjonsfridom og trykkefridom er grunnelement i eit demokrati, og at ei fri og uavhengig presse er mellom dei viktigaste institusjonane i eit demokratisk samfunn.

No hevdar krimjournalistar at også deira journalistiske verksemd kan spela ei viktig samfunnsrolle, og dei gjer det på ein heilt annan aktiv og offensiv måte enn for eit par tiår sidan.

Dette er bra - og skummelt.

Det er sjølvsagt bra når dette klare medvitet udiskutabelt fører til kritiske oppslag som får konsekvensar i ein rettsprosess. Bjugn-saka er i så måte norsk krimjournalistikks helteepos. I Bjugn-saka vart i alle fall delar av pressa eit viktig korrektiv til politiet og påtalemakta sitt arbeid. Ein av dei opphavleg sju sikta i saka var lensmannen i Bjugn. Han var før dette hende sterkt kritisk til media. I etterkant meiner han at media var med på å nyansera saka til beste for dei sikta i saka. Media fungerte som ein rettstryggleiksventil. Slik kan media driva med vaktbikkje-krim.

Men kor representativ er Bjugn-saka for norsk kriminaljournalistikk? I seg sjølv er det urovekkande at denne saka, frå 1993-94, framleis blir heva fram som det beste dømet på den kritiske kriminaljournalistikken. Kor lenge skal Bjugn-saka vera helteeposet for norsk kriminaljournalistikk?

Utøvarane av kriminaljournalistikken meiner i større og større grad sjølve at det dei driv med er viktig.

Dette er skummelt dersom denne journalistikken i praksis likevel framstår som uviktig, og som meir i slekt med Aftenpostens spekulasjonar i 1928 enn med lærebokoppskrifta frå Bjugn-saka.

Det er skummelt dersom dette nye medvitet om kriminaljournalistikkens rolle fører til at ein i media blir aktørar med eigne interesser, med kampanjar med krav om større innsats mot spesielle typar av kriminalitet framfor andre, og med medfølgjande konsekvensar for synet på straffemåtar og strafferammer.

Og det er skummelt dersom det er eit avvik mellom kor viktig kriminaljournalistar sjølve meiner deira verksemd er og fokuset i den offentlege debatten. Ein må sjå opp for dei kritikarane som vil avvisa kriminaljournalistikken som uinteressant, fordi den berre skal vera spekulativ og ha med jakta på inntening i media å gjera. På same måten må ein passa seg for dei som meiner all kriminaljournalistikk er interessant og viktig.

Innimellom kan ein heldigvis applaudera kriminaljournalistikken for udiskutabelt å ha spelt ei viktig rolle. Det er viktig at ein analyserer muleg makt og innverknad i straffeprosessen og i kriminalpolitikken, uavhengig av om ein vil omtala dette med positiv eller negativ klang.

Kriminaljournalistikken fortener sine dosar med kritikk, men framfor alt: Kriminaljournalistikken fortener å bli teken på alvor.