Kringkastingslov tilpassa publikum

REGJERINGA har lagt fram forslag om endringar i kringkastingslova for Stortinget. I dag kan norske allmennkringkastarar bryta programlovnadene sine utan særleg risiko. Framlegget vil innføra fleksible reaksjonsformer mot slike brot og slik styrkja allmennkringkastinga i Noreg. Den teknologiske og kommersielle utviklinga gjer at skjult reklame truleg vil bli meir vanleg. Endringsforslaget presiserer forbodet mot skjult reklame og vil gi publikum eit betre vern mot slik påverknad. Måten kabelselskapa har gjennomført abonnentval på har møtt sterk kritikk dei seinare åra. Framlegget til nye lovreglar styrkjer sjåarane sine interesser overfor kabelselskapa ved slike val.

STYRESMAKTENE regulerer kringkastingsverksemd gjennom konsesjonar og lovgiving. P4, TV 2 og Kanal 24 har fått konsesjon på grunnlag av programlovnader. Det er avgjerande for publikum at kringkastarane oppfyller desse lovnadene. Dersom kringkastarane bryt lovnadene finst det ikkje alternativ mellom ei mild åtvaring og inndraging av konsesjonen.

Styresmaktene manglar i dag reaksjonsformer som står i forhold til brot på konsesjonsvilkår om programtilbodet. Dette opnar for å spekulera i at brot på regelverket ikkje får merkbare konsekvensar. Regjeringa gjer framlegg om å innføra eit nytt og meir fleksibelt system av reaksjonsformer for å motverka brot på regelverket. Heimel til å gi gebyr og åtvaring blir foreslått utvida og det blir foreslått å innføra ein ny heimel til å gi tvangsmulkt.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Samla sett gir dette etter mitt syn eit meir moderne og fleksibelt sanksjonssystem enn det noverande, utan at det går ut over rettstryggleiken.

Regjeringa legg stor vekt på at verkemidla ikkje skal vera i strid med prinsippa om redaksjonell fridom og ytringsfridom. Somme har kritisert forslaga om skjerpte sanksjonsreglar som eit inngrep i det redaksjonelle sjølvstendet. Etter mitt syn er dette ikkje riktig. Det må vera akseptabelt at styresmaktene nytter proporsjonale sanksjonar for å sikra vilkår som er lovleg fastsette.

Medietilsynet skal dessutan praktisera regelverket slik at berre klare brot på vilkåra vil resultera i pålegg om sanksjon. Kringkastarane har på vanleg måte også rett til å klaga vedtaket inn for departementet, som kan prøva både om vurderinga som ligg til grunn for sanksjonen og om sanksjonen i seg sjølv er rimeleg.

Departementet har dessutan sett nærmare på behovet for straff i lys av framlegga som gjeld gebyr og tvangsmulkt. Framlegget inneber ei avkriminalisering av 16 føresegner i lova.

DET ER AVGJERANDE at publikum enkelt kan skilja redaksjonelt stoff frå marknadsføring. Det er særleg viktig å sikra barn mot skjult reklame sidan denne gruppa ikkje alltid vil vera like merksame som vaksne på slike innslag. Dette er omsyn som står sentralt også i internasjonale regelverk som Noreg er bunde av. Digitalt mottakarutstyr som gjer det mogleg for sjåarane å «hoppe over» dei vanlege reklameinnslaga mellom programma, er alt tilgjengeleg i Noreg. Den teknologiske utviklinga kombinert med skjerpt konkurranse vil kunne føra til press i retning av å plassera marknadsførande bodskap i sjølve programma. Det er viktig at regelverket er tilpassa utviklinga slik at det kan hindra innslag som er gjort av marknadsføringsomsyn.

I kringkastingsregelverket er det i dag fleire reglar som skal sikra at innhaldet i program er basert på redaksjonelle prioriteringar og ikkje marknadsfører varer eller tenester t.d. frå dei som står bak programmet. Regelverket har på fleire punkt vore uklart og ope for mistolking. Regjeringa gjer derfor framlegg om å presisera forbodet mot skjult reklame.

REGULERING AV skjult reklame reiser viktige spørsmål knytte til redaksjonell integritet. Fleire av organisasjonane på presseområdet har i høyringa uttrykt uro over at framlegget vil setja styresmaktene i stand til å kontrollera dei redaksjonelle vurderingane som ligg til grunn for produksjonen av program. Somme har hevda at ei slik regulering er eit vesentleg inngrep i ytringsfridomen. Kommersielle ytringar har som mål å fremja økonomiske transaksjonar og er omfatta av vernet m.a. etter Grunnlova § 100. Vernet av kommersielle ytringar er likevel ikkje så sterkt som vernet av ytringar av meir allmenn interesse. Regulering av måten kommersielle ytringar blir presenterte på let seg forsvara i høve til grunnane for ytringsfridomen. Det er ikkje snakk om å forby ytringane i seg sjølv, men å regulera korleis marknadsførande presentasjon av varer og tenester skjer overfor publikum. Publikum skal gjerast merksame på innslag som ikkje er reint redaksjonelt grunna.

Regjeringa foreslår derfor ein definisjon av skjult reklame som byggjer på tre kriterium: framvisinga må vera tilsikta, framvisinga må ha ein marknadsførande effekt og ho må vera eigna til å villeia publikum med omsyn til om det er eit tilsikta marknadsførande innslag. Det er dessutan gitt presiseringar i forslaget til lovendring som sikrar at Medietilsynet tek nødvendig omsyn til kringkastaranes redaksjonelle integritet. Desse presiseringane er viktige mellom anna for å skjerma t.d. forbrukarprogram, som kan ha ein (utilsikta) salsfremjande effekt, men der «oppdragsgivar» er publikum. Det kan vera legitimt å produsera eit program om til dømes Kvikk Lunsj dersom det er sjølvstendige redaksjonelle vurderingar som ligg til grunn for avgjerda. Det er likevel ikkje akseptabelt dersom kringkastaren tek mot betaling frå Freia for å produsera programmet.

CANAL DIGITAL har nettopp gjennomført eit abonnentval som resulterte i at den nordiske musikkanalen «The Voice» erstattar MTV. Mange sjåarar har reagert på at MTV no ikkje lenger skal vera ein del av grunnpakka til Canal Digital. I dei seinare åra har det fleire gonger kome liknande kritikk mot måten kabelselskapa har organisert abonnentval på. Det er viktig å sikra sjåarane påverknad på tilbodet i kabelnetta. Reglane på området er mangelfulle og tilpassa ei tid då kabelnetta berre hadde eit fåtal kanalar.

Regjeringa ønskjer å styrkja stillinga til kabelabonnentane. Regjeringa gjer derfor framlegg om å erstatta ordninga med Medietilsynet som tvisteløysingsorgan med ei ordning der Medietilsynet får fullmakt til å krevja omval dersom abonnentvalet ikkje er i samsvar med reglane for slike val. Framlegget gir heimel til å krevja omval etter klager frå abonnentar eller etter undersøking på sjølvstendig grunnlag, dersom det ligg føre klare brot på reglane. Regjeringa har vidare tatt omsyn til kritikk frå kabelselskapa om at reglane for abonnementsval ikkje er tydelege nok. Reglane skal vera enkle å praktisera for kabeleigarane og gjera valet reelt og lettfatteleg for abonnentane. Omvalsregelen vil først bli sett i verk når reglane om abonnentval er blitt presiserte i forskrift til lova.