Kringkastingsorkesteret - eit offentlig ansvar?

KULTURSJEFEN I NRK Nita Kapoor, har i Dagbladet 28. september ein kronikk der ho mellom anna skriv at «Gjennom årene har KORK utviklet et rikt og mangfoldig repertoar, både innen klassisk-, samtids- og lettere symfonisk musikk. KORK har blitt ett av Norges mest allsidige orkester, og en av NRKs sterkeste merkevarer, som organisasjonen er stolt av.» Dette er eg heilt einig i. Kringkastingsorkesteret er eit unikt orkester i Noreg. Difor vil eg i ekstraordinær generalforsamling 7. oktober fastsetja i vedtektene at NRK skal ha eit orkester som kan spela nettopp det repertoaret dei er kjende for og ekspertar i. Det meste av det andre Nita Kapoor skriv i artikkelen er eg grunnleggjande ueinig i. Ho insinuerer at staten har brote klare signal om at Kringkastingsorkesteret skulle kunna spela ei viktig rolle som turneorkester for barn og unge. Det er rett at det var samtalar om dette mellom NRK og Kultur- og kyrkjedepartementet for tre år sidan. Det er òg rett at departementet gav slike signal. Men - desse signala vart gitt med den klare føresetnaden at sentrale statlege institusjonar skulle kunna disponera midlar frå Den kulturelle skulesekken mellom anna til slike formål. Slik gjekk det ikkje då saka vart behandla i Stortinget. Stortinget vedtok at midlane skulle nyttast av fylkeskommunane og kommunane, og ikkje av statlege institusjonar. Dette kan ikkje Kultur- og kyrkjedepartementet klandrast for.Kapoor skriv vidare at «Spørsmålet blir da om det offentlige bør ta et større økonomisk ansvar. NRK står foran store utfordringer, og kan i dagens situasjon neppe forventes å subsidiere en virksomhet som ligger utenfor programvirksomheten.» Kapoor tar her utgangspunkt i at kringkastingsorkesteret kan spela ei viktig rolle i å produsera musikk også til andre formål enn kringkasting. NRK får gjennom lisensen om lag 3 500 millionar kroner årleg. Dette er om lag like mykje som løyvingane til kulturverksemd over statsbudsjettet. Det er uforståeleg for meg at NRK ikkje skulle kunna vera i stand til fullt ut å finansiera eit orkester innanfor desse rammene. Det gjer dei i mange andre europeiske land, til dømes i Sverige, Danmark, Finland, Storbritannia, Irland, Italia og Austerrike. Mange av desse allmennkringkastarane har fleire orkester. Eg kan nemne at Danmarks Radio har tre orkester og fem kor. La meg òg minna om at lisensen er ei offentleg avgift som NRK ikkje kan skalta og valta med utan å ta omsyn til overordna kulturpolitiske prioriteringar. Staten finansierer NRK gjennom lisensen. Å gi NRK ytterlegare midlar til Kringkastingsorkesteret over statsbudsjettet er heilt uaktuelt. Til slutt vil eg poengtera at NRK ikkje berre er ein kringkastar. NRK er kanskje den viktigaste kulturinstitusjonen vi har. Som kulturinstitusjon må NRK ta seg råd til også å driva verksemd som ikkje berre skal kapra mange lyttarar og sjåarar.