Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Kristen og intolerant

«JESUITTER

må ikke tåles» står det i Stortingsprogrammet til KrF i 1945. I den tidlege etterkrigstida ville partiet tvinge kristendomsundervisning på ungdom som skulle lære seg praktiske fag i framhaldsskulen, partiet protesterer mot dans i skulen og mot forplantingslære. Tidlegare Dagblad-redaktør Helge Seip, som representerte Venstre på Stortinget i 20 år, åtvara tidleg på 1960-talet mot det han kalla «en ny apeprosess» då KrF ville at kristendommen skulle styre undervisninga i biologi og andre fag. KrF har på felt etter felt måtta skifta syn av den enkle grunnen at standpunkta partia har hatt, har vore så intolerante og direkte reaksjonære at det etterkvart vart uråd for representantane å framføre argument for standpunkta i nokolunde opplyste fora. Statsminister Kjell Magne Bondevik slo nyleg eit slag for å eksportere det særnorske faget Kristendomskunnskap med religions og livssynsorientering (KRL-faget) til andre land. For ein KrF-statsminister er jo dette faget ein suksess. Like etter slo FNs menneskerettskomité, som i praksis står over norske domstolar, fast at KRL-faget bryt med paragraf 18 i menneskerettskonvensjonen om sivile og politiske rettar. Faget statsministeren vil eksportere, er altså for intolerant til å vere lovleg i Noreg.

PROBLEMET

er sjølvsagt at vi enno i det norske samfunnet praktiserer ein kristen føremålsparagraf i skule og barnehage, ein paragraf som i eitkvart moderne samfunn er ein anakronisme. Det er ei klassiske liberal innsikt at staten ikkje bør fremje gudstru, -det får kyrkjene, moskeane, synagogane og søndagsskulane gjere. Når Utdanningsforbundet og Senter mot diskriminering påpeiker det diskriminerande i føremålsparagrafen, svarer KrF-leiar Dagfinn Høybråten at dette er eit «formidabelt angrep på vår kristne kulturarv». Men dersom vi ikkje, mot KrFs råd, hadde fornya kulturarven vår, ville vi ikkje hatt alle dei fridomane som gjer at vi ofte er stolte over dei skandinaviske landa når vi samanliknar oss med andre land. Dei politiske partia arbeider no med formuleringane i sine komande Stortingsprogram. Eg vil oppmode alle sosialliberale parti i Noreg om å ta inn programformuleringar som får fjerna dei kristne føremålsparagrafane i skule og barnehage. Det er Iran som bør likne meir på Noreg når det gjeld kulturell og politisk modernisering, - ikkje omvendt.

Utforsk andre nettsteder fra Aller Media