Kritikken av kritikken

LITTERATURKRITIKK: «Hvilken verden er den virkelige?» Dette spørsmålet, som stod i filosofiboka mi til førebuande prøver, dukkar stadig opp under lesinga av debatten om kritikken av Jan Kjærstads siste roman «Kongen av Europa» som no går i Dagbladet. For denne debatten kjenner eg meg rett og slett ikkje att i. Etter Tore Rems gjennomgang av kritikken (28.11) får vi høyre at kritikarane melder forfattaren og ikkje boka, og at det går «en bølge av litteraturforakt over den norske kritikken» (Niels Fredrik Dahl 01.12). Svenska Dagbladets Magnus Persson følgjer opp med at norske kritikarar hyllar den psykologisk-realistiske normalprosaen og har ein motvilje mot formell fornying og eksperiment. Han meiner dessutan at vi lir av den han kallar «Høeg-syndromet» etter den danske forfattaren Peter Høeg som vart rost for «Frøken Smillas fornemmelse for snø» for deretter å oppleve ei nedovergåande popularitetskurve hjå kritikarane for dei to neste romanane sine. Underforstått: kritikarar berre må plukke ned dei som gjer det godt. ( 02.12)

TIL SLUTT toppar Thomas Hylland Eriksen kritikarkritikken over ei heilside 13.12 der han forklarer den negative kritikken av Kjærstad med at norske kritikarar er lite interessert i samfunnsmessige spørsmål, og at Kjærstads bøker får tyn fordi dei verken er «rotekte og jordnære, inderlige og romantiske eller modernitetskritiske og estetiserende».Kvar har Hylland Eriksen dette frå? I alle fall ikkje frå kritikken av romanen «Kongen av Europa». No har eg lese om att kritikkane i Dagnes Næringsliv, Vårt Land, Dagsavisen, Stavanger Aftenblad, Dagbladet, NRK (som eg sjøl har skrive), VG og Aftenposten, og ingen av desse krev romantiske og inderlege skildringar verken uttrykt eller underforstått. Ingen vil ha det rotekte og jordnære heller. Kritikken er nyansert og vitnar om stor kunnskap om Kjærstads forfattarskap. Det er heller ingen som slaktar romanen. Den som kjem nærmast eit slakt er Ane Farsethås i Dagens Næringsliv, men heller ikkje der finst det eit rop etter det rotekte og inderlege. Tvert i mot, nesten alle kritikarane, inkludert Farsethås, berømmer Kjærstads formgrep og hans storslåtte evne til å konstruere. Der kritikken er negativ, går det på at konstruksjonen ikkje er godt nok gjennomført; vi har lese dette betre tidlegare hjå, ja nettopp, Kjærstad. Dagbladets eigen kritikar, Trygve Riiser Gundersen formulerer det fleire etterlyser på denne måten: Han saknar «det aller mest overbevisende trekket ved Jan Kjærstads romanforfatterskap så langt: Perspektivismen, den kjølige og fascinerende flestemmigheten.» Vi er eit stykke unna inderligheten her.

INGEN SAKNAR den psykologisk-realistiske normalprosaen som Persson meiner vi ønskjer oss, heller. Igjen: Kvar tek han det frå? Igjen: i alle fall ikkje frå kritikken av «Kongen...»Og eg må vedgå at det undrar meg at kritikarane av kritikken i så liten grad går inn i argumentasjonen og vurderingane som faktisk finst i kritikken av denne romanen, men heller let seg rive med av ei diffus stemningsbølgje som seier at Kjærstad er ein forfattar som blir herja med av nisseluekledde heimfødingar som hatar andres suksess og som nærer djup mistru til verda utanfor skigarden.Slike påstandar om at kritikarane lir av eit Høeg-syndrom, foraktar litteratur og spesielt den litteraturen som har suksess, er det uråd å forsvare seg mot. Lat meg heller lansere ein mot-teori: kva om Høegs roman «Kvinnen og apen« rett og slett er ein svakare roman enn «Frøken Smilla...?» Kva om Kjærstad ikkje tangerer sine beste prestasjonar i «Kongen av Europa»? Det er faktisk ganske vanleg at eit forfattarskap går i bølgjer. Hjå Fløgstad er «Kniven på strupen» dårlegare enn «Fyr og flamme» som kom før, og «Kron og mynt» som kom seinare.Verken Lars Saabye Christensen eller Erlend Loe er på høgde med sine beste romanar i år. Men kanskje neste gong? Salman Rushdies roman av året er langt betre enn den svake «Vrede» og slik kunne eg halde fram.

MEN KVALITET er ein ful faen som ein ikkje kan proklamere, ein må argumentere for eller imot den for å synleggjere kvar den finst eller manglar. Det prøver mange kritikarar på, etter varierande evne og forstand. Dersom kritikarkritikarane tok utgangspunkt i dei reelt eksisterande kritikkane, så kunne vi kanskje lære noko av kritikken! Andre som vi sjekke sjøl kva kritikarane skreiv om «Kongen av Europa», kan td klikke seg inn på www.bokogsamfunn.no, der er kritikkane ferdig sortert og lett tilgjengelege.