KRL, politikk og pedagogikk

FNS MENNESKERETTSKOMITÉ kom i november fram til at den avgrensa fritaksretten i grunnskulefaget Kristendoms-, religions- og livsynskunnskap (KRL) er i strid med menneskerettane - så lenge faget er så sterkt prega av skulens kristne føremålsparagraf som komiteen meiner at det er. Departementet svarte fredag på kritikken.

Det faget som no står til vurdering, tar ikkje berre for seg dei religiøse tradisjonane - også livssynshumanismen, etikk og filosofi er sentrale undervisningsområde. Men KRL er ikkje tenkt som eit reint kunnskapsfag. Det er også meint som ein arena for personlig modning og dialogtrening. Læreplanen sine formuleringar om at kristendommen, andre religionar og livssyn skal få kome til orde som «levande kjelde til tru, moral og livstolking», viser at arkitektane bak faget også har sett for seg ein opplevingspedagogikk der religionane sine forteljingar og estetiske dimensjonar skal spele ei sentral rolle.

SJØLV OM MANGE lærarar og elevar har opplevd KRL-faget som pedagogisk stimulerande, har faget heilt frå starten skapt politisk strid, noko som kulminerte med at Islamsk Råd og Human-Etisk Forbund reiste sak mot staten for å ha tatt bort fritaksretten i eit fag dei meinte berre var eit «utvida kristendomsfag».

Samtidig har mange skular, gjennom pedagogisk kreativitet, lokal tilpassing og tillitsbygging, makta å gjere KRL-faget reelt inkluderande. Også på mange av dei fleirreligiøse skulane i Oslo har det nesten blitt slutt på søknadar om avgrensa fritak, kanskje fordi ein har tona ned kristendomsprofilen ein god del. Det vesle vi har av forsking på korleis faget fungerer, tyder på at mange muslimske elevar er positivt innstilt. Dei opplever at KRL-faget gir dei brei orientering i det religiøse landskapet og god hjelp til eige identitetsarbeid. Men andre stader har den politiske konflikten slått inn i klasserommet. Det er heller ingen tvil om at den kristendomsfaglege profilen som ein del lærarar gav KRL i innføringsfasen har blitt opplevd som sterkt problematisk av mange minoritetselevar (både jødar, muslimar og humanetikarar).

NÅR EIN NO SKAL prøve å finne farbare vegar framover, må ein skilje mellom politikk og pedagogikk. Politisk er det nødvendig å tone ned den sterke nasjonalreligiøse profilen på faget som Gudmund Hernes la føringar for i den generelle delen av læreplanen frå 1993, der han skreiv: «Den kristne tro og tradisjon utgjør en dyp strøm i vår historie - en arv som forener oss som folk på tvers av trosretninger.» Den norske konteksten tilseier at den kristne kulturarven får vesentleg meir plass i faget enn for eksempel hinduismen. Dette synest alle partar å vere einige om. Men overvekta av kristendomskunnskap i læreplanen (55% av det nasjonalt fastsette stoffet) er nok for sterk til at faget skal kunne vinne aksept hos minoritetane.

DET ER OGSÅ vanskeleg å kome unna ein revisjon av skulen sin føremålsparagraf, som KRL-faget gjennom Opplæringslova er uttrykkeleg kopla til. Mange kyrkjeleiarar har for lengst signalisert at dei er klare for å ta bort den noverande formuleringa om at skulen skal hjelpe heimen med å gi borna «ei kristen og moralsk oppseding.» Alt som manglar, er politisk mot hos dei politiske partia til å finne nye formuleringar som kan samle. Alternative ordlydar har alt vore prøvd ut i interreligiøse dialogprosjekt. Under Verdikommisjonen sin nasjonale dialog om tru og livssyn i 2000 samla ei gruppe av kristne, muslimar, buddhistar og humanetikarar seg om følgjande formulering: «Skolens opplæring skal bygge på den kristne og humanistiske kulturarven, gi rom for religiøst, livssynsmessig og kulturelt mangfold, og gjøre elevene fortrolige med fellesmenneskelige verdier.» Ingen var vel heilt nøgde med kompromisset, men alle signaliserte at dei kunne leve med denne typen formuleringar. Også namnet på faget kan med fordel endrast, til «Religion og etikk» som det tilsvarande faget i vidaregåande skule heiter.

Pedagogisk må ein unngå at ein no, for å kome ut av det politiske uføret som faget har hamna i, reduserer KRL til eit tørt kunnskapsfag. Ei slik utvikling ville bryte med allmenne ideal for undervisninga i skulen om at elevane skal engasjere seg i lærestoffet. Ei dialogisk undervisning om religion, livssyn og etikk føreset at elevane blir engasjerte aktørar, ikkje berre tilskodarar og tilhøyrarar.

SPØRSMÅLET BLIR dermed korleis ein kan utvikle faget vidare slik at det kan bli opplevd som etisk og eksistensielt engasjerande av alle elevgrupper. For å oppnå dette, har mange lærarar prøvd å slå bruer mellom religionane sin forteljingar og etikkundervisninga. Eit eksempel på ei forteljing med allmennetisk relevans er historia om Josef og brørne, som Bibelen og Koranen har til felles. Forteljinga kulminerer som kjent med at Josef vel å tilgi sine brør, i staden for å ta hemn for deira svik. Slike forteljingar kan bli utgangspunkt for ein allmennmenneskeleg samtale om tilgiving og medkjensle.

Samtidig må ein, både av faglege grunnar og i respekt for elevar frå ikkje-religiøse heimar, vere varsam med å gi dei religionspedagogiske tilnærmingsmåtane ein altfor dominerande plass. Eit pedagogisk konsept som også har blitt prøvd ut i KRL-faget, er den filosofiske samtalen. Konseptet inviterer borna til å sjølve å formulere dei store spørsmål i livet - og søkje svar i dialog med kvarandre og dei store livssynstradisjonane.

TRUSOPPLÆRING ER ei sak for trussamfunna, ikkje skulen. Det elevane får sjanse til i KRL-faget, er å lære om tru og livssyn i eit felles rom. Men dei blir også invitert til å lære av dei store tradisjonane - i open utforsking, etisk samtale og kritisk refleksjon. Dette er ein ny måte å undervise om religion og livssyn på i fleirreligiøse samfunn, og krev vidareutdanning av lærarane.

I ein refleksjon over KRL som dialogfag, skriv ein lærar: «KRL-timene har vært en virkelig god-stund i klassen, enten vi nå har sett på religiøse tekster eller diskutert begreper og situasjoner - Det ser ut som om elevene bruker disse samtalene til å utforske hvem de selv er, hva de selv gjør og hvordan de selv tenker.»

Det er denne pedagogiske kvaliteten ved KRL-faget som ein må ta vare på, når ein no gjer dei nødvendige politiske justeringane som må til for at alle skal kunne leve godt med faget. Kor vidt eit revidert religions- og etikkfag i grunnskulen kan gjerast obligatorisk, utan den problematiske ordninga med avgrensa fritak frå bestemte aktivitetar, må drøftast grundig med minoritetane. Utfordringa - og målet - må vere å få til eit kunnskaps- og dialogfag som nesten ingen ønskjer å velje bort.