Kron og mynt

Utdrag fra boka Kapittel 7: Eit veddemål

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon

Ein komet er isklump, forureina av stein og støv, som streifar innover i solsystemet og rundar sola. Når kometen nærmar seg sola, riv solvinden laus støv og gassar som dannar komethalen.

Seinsommaren etter at orkanen bles himmelen rein for stjerner, vart ei kvinne funnen død på Likvoren på Gomalandet i Kristiansund, eller Kristiansund N(ord) som byen vart kalla før innføringa av firesifra postnummer. Eg nemner det kometære, og understrekar funnstaden, både fordi den er usannsynleg, og fordi mange slags rykte og teoriar har vore i omløp. Ikkje minst den at S. Avsenius sjølv var mor til barnet.

Kvinna, som var kledd i ei billig kåpe som likna på ein slags løveham eller tigerskinn, var ukjend i klippfiskbyen, hadde ingen personlege dokument på seg, og har aldri blitt sikkert identifisert.

Det næraste ein kom til identifisering, var derfor den slåande portrettlikskapen ho viste, særleg i venstre halvprofil, med eit promotionfotografi av den mde. Hennings, som vinteren 1916 framførte danske chansons på Kabaret Voltaire i Spiegelgasse i Zürich. Anna tilknyting enn ein viss ytre likskap har likevel aldri blitt fastslått mellom den dadaistiske songarinna og den døde kvinna på Likvoren. Andre fann også at ho likna endå meir på såkalla Rubens-englar eller barokkenglar på grunn av sin trinne kropp og yppige former.

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer