Kulturens vekst og fall

Johs. Aanderaa forma norsk kulturpolitikk på 70-talet. Frå sin posisjon som ekspedisjonssjef i Kyrkjedepartementet var han den eigentlige kulturministeren, for dette var før departementet blei delt for å gje plass for katolikken Lars Roar Langslet. Aanderaa forfatta ei rad stortingsmeldingar som han sette i verk under ulike statsrådar. Han bygde det norske kulturhuset.

Dei fleste stortingsmeldingar er resultat av lange utgreiingar, komitéinnspel, høyringsrundar og lån frå Sverige. Aanderaa dikta sine sjøl og fekk dei politisk klarert av Bjartmar Gjerde. Han lente seg sterkt på landsgymnas-tradisjonen og trakk vekslar på samfunnsmessig nyorientering i mange land på begynnelsen av 70-talet, men han omforma tankegodset til operabel politikk.

Det er få stortingsmeldingar som har klare resultat, og endå færre som blir hugsa. Aanderaas stortingsmeldingar om kulturpolitikken set også i dag premissar og er direkte og indirekte referansegrunnlag for nye tiltak, skriv den kulturpolitiske kjentmannen Georg Arnestad. Fortsatt kan Aanderaas meldingar gje kultursjefar og andre apologetar klump i halsen.

Johs. Aanderaas grep var at han kopla målsettingar med gulrotpengar og organisasjon. Målsettinga var å skapa eit vern mot uheldig kommersialisering og sikra ein romslig kultur som tok opp i seg meir enn spreiing av profesjonell og høgverdig kunst. Kulturell eigenaktivitet - hvori opptatt idrett og nærmiljøaktivitetar - var kjernen i det utvida kulturbegrepet.

Staten skulle bidra med pengar som gjødsla den kulturelle distriktsutbygginga, men det skulle vera stor lokal sjølråderett utan strenge sentrale instruksar.

Den tredje berebjelken var å etablera kulturen som ein eigen kommunal og fylkeskommunal sektor - med eigen administrasjon og folkevald politisk utval. Bare på den måten kunne feltet sikrast varig plass i den byråkratiske kvardagen og på dei kommunale budsjetta. Mange kulturstyre fekk ein politisk status som gjorde at unge og ambisiøse politikarar søkte seg dit. Kultursekretærane blei kultursjefar og stadig meir profesjonelle og likestilte i den kommunale dragkampen om satsingsfelt og pengebruk.

Johs. Aanderaa leika seg også med tanken om ei eiga kulturlov. Den skulle binda kommunane til å sikra visse standardar i kulturen - på same måte som innan teknikk, undervisning og helse.

Det fekk han ikkje politisk gjennomslag for mens han var på sitt mest hektisk aktive. Han fann heller ikkje den rette formelen for balanse mellom sentrale ønske og lokale aktivitetar. Og utover på 80-talet var det for seint. Då var melodien desentralisering og større frihet for kommunane til å gjera sine eigne prioriteringar utan øyremerka pengar og pålegg frå Kongen i departementet.

På 90-talet har nye straumdrag dominert den kommunale forvaltninga. Ikkje noe felt er så massivt omorganisert som kultursektoren. Stadig færre kommunar har eige kulturstyre, og kulturen er svært mange stader blitt juniorpartnar i breie etatar der utdanning eller næring dominerer. Det har svekka rekrutteringa av dugande administratorar.

Johs. Aanderaa sa i sitt kulturpolitiske testament i 1990 at han såg med uro på ei slik utvikling ettersom kulturområdet i seg sjøl er ein svak sektor utan lovvern.

Mye tyder på at han er i ferd med å få rett. Ein rapport frå NIBR viser at kommunar som har organisert bort ein eigen kulturetat, bruker betydelig mindre pengar til kulturføremål. Politiske kulturentusiastar har vanskeligare for å vinna fram utan eige sektorutval og sektoradministrasjon. Samtidig har det blitt mindre øyremerka overføringar frå staten.

I knappe budsjett-tider vinn dei lovpålagde oppgavene. Likevel har det ennå ikkje vore store kutt på kulturbudsjetta i det store og heile, men det kan vera eit spørsmål om tid. Kulturfeltet har tapt sitt organisatoriske vern. Det huset Johs. Aanderaa bygde, er i ferd med å forvitra.