Kulturkrise?

«Kulturkonsumet held ikkje tritt med det stadig aukande og varierte tilbodet. Vi har eit overskotstilbod på offentleg, særleg statleg, finansiert kultur.»

«Det fastslås at kulturtilbudet i dag vokser enormt og langt større enn etterspørselen,» skriv Kjell Bækkelund i Dagsavisen 2.11. Bækkelund har som vanleg ikkje funne på dette sjølv. Han har lese den danske avisa Politiken, som i haust m.a. har slått fast at dei tradisjonelle kulturtilboda ikkje lenger samlar store publikumsgrupper. Særleg gjeld dette teatret.

Slik er det i Danmark. Og slik er det også i Noreg. Kulturstatistikken talar sitt tydelege språk: I 1973 hadde vi her i landet 10 offentleg finansierte teaterinstitusjonar, inkl. Den Norske Opera. Det samla publikumsbesøket var 1364169. 25 år seinare, i 1998, hadde vi 20 teaterinstitusjonar. Men besøkstalet var nesten akkurat det same som 25 år tidlegare: 1366665. Talet på teaterforestillingar gjekk opp frå 4700 i 1973 til 6800 i 1998. Gjennomsnittsbesøket per forestilling blei redusert frå 290 til rundt 200. I 1973 var det tilsett 1261 personar ved dei profesjonelle teatra, i 1998 1655. Andelen kunstnarlege tilsette blei i perioden redusert frå 41 pst. til 32 pst. Statistikken viser altså at det trengst eit veksande byråkrati for å produsere stadig fleire teaterframsyningar som folk i minkande grad synest å bry seg om. Eit tankekors? Ikkje veit eg. Kan dette vere noko å sjå nærmare på for det nyss oppnemnde scenekunstutvalet til Kulturdepartementet?

Vi kan finne fleire indikasjonar. I 1973 brukte vi, altså forbrukarane, 2,6 pst. av våre inntekter til kulturgode som kino, teater, konsertar, idrettsarrangement, bøker, aviser osv. I 1997 var andelen akkurat den same, 2,6 pst. Inkluderer vi gode som fjernsynsapparat, videospelarar, musikkinstrument, tipping, sportsutstyr, heimedatamaskin osv., nytta vi i 1997 9,2 pst. av inntekta vår til dette. Andelen i 1978 var 9,1 pst. Uansett korleis vi definerer «kultur», vidt eller smalt, det meste er som det har vore dei siste 25 åra.

Sjølvsagt veks kulturforbruket. Vi vert stadig rikare, og kjøper meir av det meste. Målt i faste 1968-prisar konsumerte vi i 1968 kino, teater, konsertar, idrettsarrangement, bøker, aviser osv. for 825 mill. kroner, i 1973 for knapt 1000 mill. kroner og i 1996 for vel 1900 mill. kroner. Men poenget er at kulturforbruket ikkje er nokon «vinnar»; uansett kor rike vi vert, brukar vi om lag same del av inntektene våre til kulturgode. Ein forbausande stabilitet pregar utviklinga. Faktisk ser det ut som om det skjedde større endringar i kulturetterspørselen på slutten av 1960-talet og i byrjinga av 1970-talet enn det har gjort seinare. Utdanningsrevolusjonen har ikkje gitt seg synberre kulturutslag. Det er eit vedteke faktum at det er ein klar samanheng mellom utdanning og interesse for kunst og kultur. Jo høgare utdanning, jo relativt større konsum av kulturgode. I statistikken finn vi ingen indikasjonar på at det er slik over tid. Vi blir rikare og vi blir betre utdanna. Men kulturkonsumet synest å vere lite påverka både av aukande inntekt og av meir utdanning. Kanskje manglar dei nyutdanna og dei nyrike den nødvendige kulturelle kapitalen og den kulturelle kompetansen? Er klasse og klassisk danning viktigare enn utdanning?

Det står sjølvsagt ikkje like gale til på alle område som det gjer på det institusjonelle teaterfeltet. Dei klassiske symfoniorkestra har opplevd sterk vekst i publikumsbesøket. I 1973 var det 131000 tilhøyrarar på konsertane til dei då fire symfoniorkestra. I 1998 var tilhøyrartalet for seks orkester heile 321000. Gjennomsnittsbesøket per konsert gjekk opp frå 490 til 740. Det er særleg Oslo-Filharmonien som har fått fleire tilhøyrarar. Det lønnar seg å satse hardt. Talet på faste musikarar ved orkestra har gått opp frå 286 i 1987 til 357 i 1998.

Vi låner meir bøker på folkebiblioteket i dag enn for 25 år sidan. I 1998 19 millionar bøker mot 12 millionar i 1973. Men framleis er vi dei dårlegaste bibliotekbrukarane i Norden. Og vi låner stadig mindre skjønnlitteratur for vaksne. I perioden 1990- 98 gjekk dette utlånet tilbake med heile 25 pst., frå 7,7 til 5,8 millionar. Faglitteraturen auka med 15 pst. i same tidsrommet. Og faglitteratur er, som vi veit, så mangt. Omløpshastigheten for bøkene i biblioteka har gått betydeleg tilbake. I 1973 hadde folkebiblioteka 9,3 mill. bøker i magasina. I dag har dei opp mot 21 millionar bind. Kor mange av desse som aldri vert etterspurde, har biblioteka ikkje lov å fortelje oss.

Vi kjøper også meir bøker enn før, eller kanskje er det bøkene som vert dyrare? Frå 1989 til 1998 gjekk i alle fall utsalsverdien av boksalet i faste prisar opp med 34 prosent. Bokklubbane auka sin marknadsdel frå 14,8 til 21,2 pst. Talet på utgivne bøker aukar. I 1973 vart det i Noreg gitt ut 3923 bøker, 2516 av desse var førsteutgivingar. I 1998 var dei tilsvarande tala 4539 og 3696. Det er altså særleg talet på nye bokutgivingar som stig. «Vi har neppe tanker nok til alle disse ordene,» skreiv Arnhild Skre i Aftenposten 22.8. i år. Til og med frå bransjehald vert det hevda at vi gir ut for mange bøker, og for mange like bøker. Gjennomsnittssalet per nyutgiven bok har truleg gått sterkt tilbake på 1990-talet. Men dette er ein løyndom som bokbransjen vernar om med alle midlar. Risikoen for forlaga er liten. Innkjøpsordningane tek risikoen for skjønnlitteraturen. Og det store fleirtalet av fagbøker er godt førehandsfinansierte frå dei mest utrulege kjelder.

Det er i dag registrert rundt 800 museum og samlingar her i landet. I byrjinga av 1990-åra var talet 530. Musea hadde i 1998 8,8 millionar besøkande, men berre halvparten av desse betalte for seg. Besøkstalet i 1983 var 4,5 millionar. Men omlegging av statistikken og betra rapportering må ta mykje av æra for den sterke veksten. Talet på museum har vorte meir enn dobla sidan 1983.

Biletkunst er in. Vi kjøper meir kunst enn nokon gong, i 1998 for 460 millionar kroner. I faste prisar er dette ein auke på meir enn 100 pst. frå 1988. Auken frå 1973 har vore astronomisk. Betre registrering og kontroll forklarar mykje. Men trass sterk vekst, biletkunstnarane tener, relativt sett, ikkje særleg meir pengar enn dei gjorde for 25 år sidan. Dei fleste er fattige, og sel lite. Og talet på biletkunstnarar veks. I dag er dei om lag dobbelt så mange som dei var for 20 år sidan. Det er ikkje berre biletkunstnarane som vert fleire. Talet på yrkesaktive kunstnarar aukar innan dei fleste, for ikkje å seie alle, felt. I 1994 var det rundt 40 pst. fleire kunstnarar enn i 1980, og talet, særleg på yngre og kvinnelege kunstnarar, har gått sterkt opp også i siste halvpart av 1990-åra. Ein aukande del av desse er frilanskunstnarar utan tilknyting til institusjonar. Ungdom strøymer til kunstutdanningar både innanlands og i utlandet i større omfang enn nokon gong tidlegare. Vi har utan tvil eit tilbodspress på den kunstnarlege arbeidsmarknaden. På mange måtar kan det vere ein fordel. Men i stadig mindre grad kan ein rekne med at staten har eller tek ansvaret for å skaffe arbeid eller inntekt til dei mange kunstnarane.

Likevel er det slik at statens kulturpolitiske forpliktelsar har auka sterkt i 1990-åra. I faste prisar gjekk kulturutgiftene over Kulturdepartementets budsjett opp med nesten 50 pst. i perioden 1990- 98. Staten stod i 1990 for ca. 34 pst. av dei samla offentlege kulturutgiftene. I 1998 var denne andelen 41 pst. Samtidig har kommunane sin del gått tilbake frå 58 til 51 pst., medan den fylkeskommunale delen har vore stabil i perioden. Særleg det institusjonaliserte kulturtilbodet vert meir statleggjort.

Vi har inga kulturkrise i Noreg i dag. Tvert imot. Vi kan velje og vrake i eit mylder av kulturtilbod. Og det er nettopp det vi gjer. Vi, konsumentane, vel og vi vrakar. Prognosane har slått feil. Kulturetterspørselen veks ikkje, han er stabil. Konsumet held ikkje tritt med det stadig aukande og varierte tilbodet. Vi har eit overskotstilbod på offentleg, særleg statleg, finansiert kultur. Det er på tide med ein reduksjon eller ei vriding av tilbodet. Institusjonsteatret peikar seg ut som det området der ein bør begynne.