Kulturpolitikk for det 21. hundreåret

«Vi står i ein unik historisk situasjon for langsiktige investeringar i framtidig utvikling for landet vårt.»

Vi har gått inn i eit nytt årtusen og nærmar oss hundreårsjubileet for Noreg som sjølvstendig nasjon. Då den svensk-norske unionen gjekk i oppløysing i 1905, var Noreg ein av dei fattigaste statane i Europa. I dag er Noreg eit av verdas rikaste land. Vi står i ein unik historisk situasjon for langsiktige investeringar i framtidig utvikling for landet vårt.

Mennesket har meir enn materielle behov. Satsing på kultur er ei målretta investering i eit innhaldsrikt samfunn. Det er på tide å utfordra ideen om at utvikling berre dreiar seg om ein kontinuerleg vekst av pengar og produktivitet. På eit grunnleggjande nivå handlar det om «menneskeleg utvikling», i den tydning av omgrepet som er lagt til grunn i UNESCO-rapporten «Vårt kreative mangfald». Det handlar om å utvida fridommen til å velja eit meiningsfullt liv i sameksistens med andre menneske.

Eg ynskjer derfor å gi kulturpolitikken og dei sidene ved den politiske røyndommen som vedkjem mennesket som åndsvesen, større merksemd enn det som er tilfellet i dag. Trass i gryande verdimedvit og auka velstand har løyvingane til kulturformål nærmast stagnert etter ein sterk auke på 1970-talet.

For å få til ei reell satsing på kultur må vi lausriva oss frå ei umiddelbar nyttetenking og vera villige til å satsa på kultur med utgangspunkt i kulturen sin eigenverdi. Norsk politikk har etter mi vurdering i for høg grad vore prega av instrumentell kulturpolitisk tenking der kulturen berre blir eit verkemiddel for å oppnå ytre målsetjinger. Ein skal sjølvsagt ikkje sjå bort frå dei mange positive ringverknadene kulturen fører til. Men det må fyrst og fremst vera kulturens eigenverdi som skal stå i sentrum og vera utgangspunktet for ei langsiktig kulturpolitisk tenking.

Trekk ved samfunnsutviklinga som er knytte til auka globalisering og kommersialisering, fordrar nytenking og auka satsing på kunst og kultur. For å sikra ytringsfridommen og hindra einsretting er det viktigare enn nokon gong å regulera marknadskreftene gjennom offentlege støtteordningar for dei kulturuttrykka som sjeldan slepp til gjennom dei kommersielle formidlingskanalane.

Presset på nasjonale og lokale språk og kulturar frå ein global angloamerikanskdominert mediekultur fordrar auka kulturpolitisk merksemd både på internasjonalt og nasjonalt nivå. For å motverka dei homogeniserande verknadene av globaliseringa må vi auka innsatsen for å fremja minoritetskulturar. Dersom vi skal klara å halda oppe norskproduserte og norskspråklege kulturuttrykk, må vi også støtta ein omfattende og kvalitativt konkurransekraftig produksjon innan film, litteratur, musikk og fjernsyn.

I det viktige arbeidet for å fremja norsk språk og kultur må vi samtidig vakta oss for å bli nasjonalistiske og ekskluderande. Under siste delen av 1800-talet og i tida etter unionsoppløysinga var kulturen eit viktig verkemiddel i det nasjonale prosjektet som handla om å skapa ein felles norsk identitet, uavhengig av den dominerande danske og svenske kulturen. På grunn av denne kampen for sjølvstende har norsk kulturpolitikk i høg grad vore nasjonalt underbygt. Den fornya interessa for å halda ved lag norsk språk og kultur i globaliseringas tidsalder har ført til ei ny form for nasjonal legitimering av kulturpolitikken.

Men ei nasjonal grunngiving for å satsa på kultur kan lett verka ekskluderande i forhold til den nye multikulturelle situasjonen vi er i, og i forhold til radikale kulturuttrykk som oppstår i eit samfunn i rask endring. Å satsa på kultur handlar ikkje berre om å fremma «det norske» og gjera Noreg til ein kultureksportør. Det er like viktig å styrkja vår kulturkontakt med omverda og vera mottakelege for impulsar utanfrå. Samtidig med at vi set inn motstrategiar der det kulturelle mangfaldet er truga, må vi erkjenna og utnytta dei nye sjansene globalisering og internasjonalisering gir oss i eit opnare verdssamfunn.

Parallelt med den fornya interessa for nasjonale minoritetskulturar har globaliseringa medverka til eit sterkare fokus på lokale kulturar. For å motverka homogenisering må vi tenkja nytt i forhold til den regionale kulturpolitikken og satsa offensivt på regional kulturpolitisk utvikling. Dei sentrale institusjonane har eit ansvar for å formidla kulturuttrykk til folket gjennom turnéverksemd. Men vel så viktig er det å utnytta den lokale arrangørkompetansen og å stimulera lokal kulturproduksjon. Det må leggjast til rette for at kvalitativt gode og nyskapande miljø skal kunna utvikla seg i heile landet.

Eit aktivt lokalt kulturliv, der frivillige organisasjonar speler ei grunnleggjande rolle, er ikkje minst viktig for born og unge si kulturelle utfalding. Born og unge er kanskje den gruppa som er mest utsett for det kommersielle presset frå ein global medieindustri. Dei bør så tidleg som råd få eit alternativ gjennom eit mangfaldig kunst- og kulturtilbod, slik at dei kan få utforska ulike sider ved seg sjølve.

Kunsten utgjer ein sentral del av kulturen. Kulturpolitikken må vektleggja og ta utgangspunkt i kunsten sin eigenverdi. Det som er viktig, er korleis det enkelte mennesket finn meining og livskvalitet i kunsten. Samtidig er kunsten ei positiv drivkraft til å få fram opprøret i oss, skapa uro og gi oss innsikt til å iverksetja endringsprosessar i samfunnet. Vi treng eit blikk frå sida på oss sjølve og våre nedarva førestellingar. Eit slikt blikk kan koma fram i møtet mellom ulike kulturar, og det kan koma fram i kunsten. Kunsten kan få oss til å sjå røynda på radikalt nye måtar, og representerer ein nødvendig kritisk funksjon i eit demokratisk samfunn.

Å styrkja den internasjonale dialogen er ikkje minst viktig for nyskaping og kvalitet i kunsten. Import av kunst er like viktig som eksport dersom vi skal kunna halda oppe og stimulera til kvalitet på eit internasjonalt nivå. Internasjonaliseringa har medverka til å endra vilkåra for kunstnarleg produksjon og formidling i Noreg. Ekspertisen på samtidskunst er veksande, og ein ung generasjon internasjonalt orienterte kunstnarar er i ferd med å setja sitt preg på den norske samtidskunsten gjennom grensesprengjande uttrykksformer. Slike kunstuttrykk blir i stor grad produserte og formidla utanfor dei store institusjonane. Frie grupper innanfor scenekunst og musikk representerer verdifulle stimulansar i norsk kulturliv. For å fremja kunstnarleg utvikling og ekspertise er det særleg viktig å sikra rammevilkåra for det frie kunstfeltet og styrkja arenaene for internasjonal utveksling.

I ei global og multikulturell tid blir ikkje berre den nasjonalt forankra kunstinstitusjonen utfordra. I eit fleirkulturelt samfunn må ein også stilla spørsmål ved den dominerande vestlege forståinga av kunst, kvalitet og profesjonalitet. Det er eit problem at store delar av det norske kunst- og kulturfeltet synest å ekskludera ei stadig aukande gruppe potensielle utøvarar og publikum med minoritetsbakgrunn. Ambisiøse mål om full inkorporasjon, basert på gjensidig kulturutveksling, fordrar kritisk sjølvrefleksjon og langsiktig strategi og satsing.

Kultur- og kyrkjedepartementet er i ferd med å utarbeida ei ny kulturmelding. Siktemålet er å utforma ein langsiktig kulturpolitikk som tar omsyn til dei nye utfordringane vi står overfor i dagens samfunn. Det er heilt nødvendig at politikarar, kunstnarar og kulturarbeidarar engasjerer seg aktivt for å utvikla ein ny kulturpolitikk for eit moderne Noreg. Vi treng ein nasjonal debatt om kva kunst og kultur har å seia, og om kva rolle desse verdiane skal spela i framtida. Eg ser derfor fram til ein konstruktiv debatt fram til meldinga blir lagd fram våren 2003 og, ikkje minst, i tida etterpå.