Kulturpolitikk og kulturmakt

Høgst sannsynleg har dei fleste skjønt at Knut Olav Åmås denne gongen slår inn dører som frå før er heilt vidopne.

KNUT OLAV ÅMÅS har i Aftenposten analysert det han kallar «Kultur-Norges nye maktstrukturer.» Den oppsiktsvekkjande konklusjonen hans er at makta sit hos byråkratane i Kulturdepartementet. Alle som gidd å følgje litt med i norsk kulturpolitikk, har visst dette i årevis.Idalou Larsen uttrykte det slik i Norsk kulturårbok 1999: «For den som i en årrekke har studert Kulturdepartementets budsjettforslag, virker det opplagt at en kulturministers makt er ytterst begrenset ... År etter år står de samme postene på budsjettet, og der står de trygt.» Det har lite å seie kva kulturministeren heiter. Byråkratane bestemmer det meste uansett. Det er dei som sit med trumfen. Og dei veit å utnytte kunnskapane sine. «Deres makt kommer sjeldent åpent til uttrykk, og kan iallfall aldri føres tilbake til opphavsmannen.»I Kulturdepartementet har det vore slik sidan den styringsglade Johs. Aanderaa ein novembermorgon i 1971 innleidde sin første arbeidsdag i statens hus. Men Aanderaa var ein uvanleg byråkrat. Han var også, heilt ulikt dagens embetsmenn i Kulturdepartementet, ein sterk tilhengjar av forandring. Og det var allment kjent at han var den personlege opphavsmannen bak kulturpolitikken. Dagens opphavsmenn, derimot, opererer i eller bak kulissane.

ÅMÅS SI avsløring har, i følgje han sjølv, «utløst svært mange reaksjoner, men de fleste av dem utenfor offentligheten.» Dei mange tale- og skriveføre folka i kunst- og kulturlivet torer visst ikkje kritisere kulturmakta, meir enn antyder Åmås. Men mest sannsynleg har dei fleste skjønt at Åmås denne gongen slår inn dører som frå før er heilt vidopne.Det er ingen grunn til å tru at maktstrukturen i det departementale Kultur-Noreg vil endre seg med det første. Eg skal nemne tre grunnar til det: For det første har dei borgarlege partia sett partileiarane sine til bijobben med å liksomstyre det vesle Kulturdepartementet, medan Arbeidarpartiet har betrakta departementet som så politisk uviktig, at dei har sett kulturkoryfear og politiske noksagtar som Ellen Horn til å vakte byråkratane. Det går ikkje særleg bra. For det andre er det nesten ingen av toppolitikarane våre, uansett parti, som bryr seg om eller med kulturpolitikk. Og som valkamptema er området heilt bortgøymd. Det same gjeld i dei dominerande norske media. Kulturpolitikken er i avisspaltene redusert til kjendiseri og reklamefjas, pluss litt Trond Giske. Han høyrer heime i den førstnemnde kategorien. For det tredje er det inga nemnande usemje om hovudtrekka i den norske kulturpolitikken. Dei 15 punkta til dei såkalla Kulturkameratane frå AP, SV og SP varslar overhovudet ingen ny kulturpolitisk kurs. Kameratane vil berre bruke litt meir oljepengar til alle gode kulturformål. Og mesteparten av gjennomføringa vil dei overlate til utarma kommunar.

Artikkelen fortsetter under annonsen

DET VESLE vi har hatt av meir overordna kulturpolitisk debatt dei siste par åra, er det Framstegspartiet som skal ha æra for. For det var Frp som gjennom eit privat lovframlegg i 2001, stod bak endringa av fordelingsnøkkelen for spelemidlar. Byråkratiet i Kulturdepartementet gjekk sjølvsagt sterk imot (også) denne endringa. Og uthalar etter beste evne, med statsrådens velsigning, iverksetjinga av vedtaket i Stortinget frå 2002.Ei ny raudgrøn regjering frå kommande haust vil her gjere lite frå eller til. Kulturbyråkratiet let seg ikkje påverke av regjeringsskifte. Derfor vil framleis 2/3 av spelemidlane til kulturformål forsvinne i det store budsjettsluket, utan at nokon skjønnar kvar dei tek vegen.Derfor vert det heller ikkje noka kulturlov, slik Kulturkameratane har lova. Eg har alt vedda ei kasse god raudvin med kulturkamerat Magnar Lund Bergo frå SV om at dei raudgrøne aldri får på plass ei slik lov. Eg utfordrar gjerne også Trond Giske. Om ikkje kulturbyråkratane aleine klarar å forhindre kulturlova, vil i alle fall embetsmennene i Finansdepartementet setje ein stoppar for dette. Det er nemleg her, i Finansdepartementet, Knut Olav Åmås, at den verkelege departementale kulturmakta sit.

FOR DET ER «i det skjulte, bak kulissene», som Idalou Larsen sa det, at den kulturpolitiske makta i dag vert utøvd, «med stort hell.» Den øvste embetsmannen i Kulturdepartementets kulturavdeling, ekspedisjonssjef Kjell Myhren, har då også sin yrkesbakgrunn frå nettopp Finansdepartementet. Mens hans forgjengar, Johs. Aanderaa, alltid var til stades, tydeleg, eksplisitt og svært medviten om si eiga kulturpolitiske rolle, er det knapt nokon i det norske kulturlivet som veit kven Kjell Myhren er. Han er ikkje i, «men bak kulissene».Det er fleire som kjenner den milde og omgjengelege departementsråden, Helge Sønneland. Men han har sitt hjerte i, og store kunnskapar om, mediepolitikk og opphavsrett, og er lite engasjert i kulturpolitikken. Det er den mektige, arbeidssame og kunnskapsrike «doldisen», avdelingsdirektør Stein Sægrov, som er Kulturdepartementets fremste kulturpolitikar. Vi finn han alltid to steg bak Valgjerd Svarstad Haugland. Han heldt seg derimot langt fleire steg bak den politiske noksagten Ellen Horn.Åmås sitt forslag til å styrkje kulturpolitikken på kostnad av kulturbyråkratiet er 1) å slå saman Kulturdepartementet med Utdannings- og forskingsdepartementet og 2) å få til ei tilsvarande endring av komitéstrukturen på Stortinget.Det var denne strukturen vi hadde då den nye kulturpolitikken vart utvikla og realisert på 1970- og delvis på 1980-talet. Men det hjelper lite å skru klokka tilbake. Dessutan er det svært sjeldan at i hovudsak organisatoriske grep får særleg store politiske konsekvensar.

EG HAR OGSÅ lita tru på behovet for ein «ny» kulturpolitikk som ikkje har anna innhald enn ein liten auke av alle postar på det statlege kulturbudsjettet. Framfor alt treng vi no ein politisk diskusjon om kulturpolitiske prioriteringar. Kva for kunst- og kulturformål skal innsatsen konsentrerast kring? Og kven klarar seg godt med det dei har i dag? Det er nemleg langtfrå tilfelle at tilskotsbehovet er umetteleg på alle felt. Slik alle våre avideologiserte kulturnaivistar har ein sterk trong til å hevde.Dersom kulturmakta skal tilbake til politikken, trengst det ein politisk-ideologisk og visjonær kulturminister som både kjenner kulturfeltet, og som, ikkje minst, kjenner dei politiske vegane for å realisere dei kulturpolitiske måla. Ein tydeleg kulturminister som ikkje vil prioritere alt. Om det er slik at byråkratiet i Kulturdepartementet står i vegen for dette, får ein skaffe seg eit nytt byråkrati. Verre er det ikkje, Knut Olav Åmås.