«Kunnskap skal styra ...»

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

MANGE VEIT at heile verselinja lyder: «Kunnskap skal styra rike og land». Somme veit at strofen held fram slik: «Og yrke skal båten bera. Og ingen må vera ein styresmann, som ikkje ein mann kan vera».

Kvifor står det «yrke» her? Fordi «yrke» i røynda er det same som «virke» (og «work»!). Dermed blir det god meining i linja, det er «arbeidet» og «innsatsen» som skal bera båten. Og kven skreiv? Aasmund Olavsson Vinje. Fødd 6. april 1818 i Vest-Telemark. Død 20. juli 1870 på Hadeland. Du finn det i bind 14 av Store norske leksikon frå 1995.

På side 22 i bind 14 står det under ordet tsunami at det er ei stor flodbølgje skapt av undersjøiske jordskjelv eller vulkanutbrot. «Over store havdyp er bølgehøydene små, men når de kommer inn over grunnere områder, kan de ved uheldige bunntopografiske forhold bli meget høye og forårsake katastrofale ødeleggelser.» Ordet tsunami er japansk og tyder «hamnebølgje», fordi desse bølgjene først viste kor mektige og farlege dei var når dei nådde inn i hamnene.

Dette veit alle i dag. Før 2. juledag visste berre få det, sjølv om det står ein liten artikkel om monsterbølgja i leksikon. No etter katastrofen veit me at kunnskapen om bølgja redda liv. Ei tiårig jente som hadde følgt ekstra godt med på skulen, redda både seg og mange andre frå ein viss død fordi ho tidsnok tolka oppførselen til havet. Ho hadde kunnskapen.

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer