DEBATT

Debatt: Sjukepleiarutdanning

Kunnskapslaust om sjukepleiarmangel

Medansvaret for utdannings-oppdraget i sjukepleiarfaget må bli meir presist formulert i lovverket under alle sektor-departement. Slik kan det leggast betre til rette for fagleg utvikling.

GRUNN TIL URO: Påstanden fra Frp's politiske talskvinne om at sjukepleiemangelen eine og aleine er universiteta og høgskulane sitt ansvar, og den uttrykte viljen til å bruke tvang i høgare utdanning, gir grunn til uro, skriv innsendarane. Foto: Tore Meek / NTB scanpix
GRUNN TIL URO: Påstanden fra Frp's politiske talskvinne om at sjukepleiemangelen eine og aleine er universiteta og høgskulane sitt ansvar, og den uttrykte viljen til å bruke tvang i høgare utdanning, gir grunn til uro, skriv innsendarane. Foto: Tore Meek / NTB scanpix Vis mer
Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Eksterne kommentarer: Dette er en debattartikkel. Analyse og standpunkt er skribentens egen.
Publisert
Sist oppdatert

Vi er glad for den politiske interessa for sjukepleieutdanninga frå Frp sin helsepolitiske talskvinne og stortingsrepresentant Åshild Bruun-Gundersen i Dagbladet 8.august. Men påstanden om at sjukepleiemangelen eine og aleine er universiteta og høgskulane sitt ansvar, og den uttrykte viljen til å bruke tvang i høgare utdanning, gir grunn til uro.

Med bakgrunn i samfunnsbehov og etterspurnad ser både Høgskulen på Vestlandet (HVL) og NTNU grunnlag for å utvide tilbod knytt til utdanning av sjukepleiarar. Dagens sjukepleieutdanning har gode søkjartal og vi oppfyller kandidatmåltalet gjett av Kunnskapsdepartementet. Ved Høgskulen på Vestlandet er det 773 studentar som har takka ja til å starte opp si sjukepleieutdanning dette studieåret og ved NTNU er det tilsvarande 640 som har takka ja.

Ventelistene er lange og vi skulle gjerne gjett fleire tilbod om tilhøva hadde lagt til rette for det.

Det som står heilt klart er at sjukepleieutdanninga sine faglege byggjesteinar må vera solide. Eit av dei viktige momenta som må vere på plass er tilgang av praksisplassar av god kvalitet. Dette er alfa og omega. Praksisdelen av sjukepleieutdanninga utgjer heile 50 prosent. Ein auke i talet sjukepleiestudentar må aldri gå på kostnad av kvalitet. Tvertom, med det utfordringsbildet som er i høve til folkehelse, bør norsk sjukepleieutdanning ta mål av seg til å utdanna stadig meir kompetente kandidatar. Dette talar for klokskap og plan ved ei eventuell oppgradering, ikkje brå og tvungen dirigering av fagfolk og studentar.

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer