Kunsten å formidle kunst

NORSK FORFATTERSENTRUM: Trond Giske sitt mantra om å fjerne overflødig byråkrati i kulturlivet er naivt.

EIN TING KAN vi takke dei mange optimistiske lottospelarane for, og det er at dei kvart år genererer mange millionar kroner som Stortinget har løyvd til eit tiltak som er blitt døypt Den Kulturelle Skolesekken (DKS). Formålet med DKS er å sikre eit godt og omfattande kulturtilbod til landets skuleelevar, mellom anna i form av teaterframsyningar, konsertar og litterære produksjonar som skal besøke skulane og la elevane få nærkontakt med sjølve utøvinga av kunst og kultur. For skuleåret 2006/2007 vart det løyvd 161 millionar kronar til dette arbeidet. DKS er med andre ord ei skikkeleg storsatsing og eit tiltrengt handslag både til kulturlivet og til skulanes strev med å forme ungane våre til opplyste, kritisk reflekterande og gagns menneske. Så langt alt vel.

MEN DET ELEVANE og nokre politikarar ikkje ser, er at anten det er ein storproduksjon som engasjerer eit dusin skodespelarar og teknikarar eller ein einsleg forfattar som kjem tuslande med boka si under armen, så ligg det eit apparat bak. Kulturformidlinga i Noreg ville ha stått fast dersom det ikkje var for alle dei einskildpersonane og organisasjonane som brukar tid på å koordinere samarbeidet mellom kunstnarar frå ulike miljø, legge dei fysiske og økonomiske tilhøva til rette for prosjektutvikling, sette opp turnélister, løyse logistiske problem, fakturering og utbetaling av honorar, informere mottakarane om kva slag kulturelle tilbod som finst og i tillegg syte for kvalitetssikring og evaluering av dei kunstnarlege føretaka som er i sirkulasjon. Norsk Forfattersentrum gjer eit arbeid som i stor grad er usynleg for folk flest. Når ein ikkje ser eit arbeid, er ein heller ikkje i stand til å verdsette det arbeidet. Og det å verdsette, tyder nettopp å sette ein verdi på noko. Politikarane i Noreg har sett ein verdi på kunstformidlinga til skulen. For dette skuleåret avgjorde dei som nemnt at dei skulle bruke 161 millionar kroner. Og for at ingen av kronene skulle bli borte i unødig byråkrati, har ein avgjort at pengane skal gå direkte til brukarane, eller kundane, slik at dei sjølve kan avgjere kva slag kunst- og kulturopplevingar dei vil kjøpe for pengane. I tillegg har ein stadfesta at DKS-pengar ikkje kan bli brukte til å finansiere administrative oppgåver.

TROND GISKE har heilt sidan han kom til kulturministermakta hatt eit mantra: Overflødig byråkrati skal vekk, offentlege løyvingar skal gå direkte til kunstnarar og kunstbrukarar. Fordyrande mellomledd skal fjernast. Det høyrest så fornuftig og kjekt ut. Men har det slått Giske at prestar og biskopar er fordyrande mellomledd mellom menneske og gud? Ikkje at det har noko med saka å gjere, men skal ein først spare nokre kroner...Norsk Forfattarsentrum, som i ein liten notis i Morgenbladet i haust vart omtala som ein «gåtefull» organisasjon, er eitt av desse fordyrande mellomledda mellom kunstoppleving og publikum. Trass i nesten 40 års virke som formidlar av levande litteratur, er vi ein av dei mange usynlege organisasjonane som gjer det mogeleg for kulturen å møte sitt publikum. Nesten kvar gong ein forfattar les høgt frå boka si, held eit føredrag eller tek del i ein litterær produksjon, har Norsk Forfattarsentrum på eitt eller anna vis gjort sitt til at hendinga finn stad. Som så mange andre organisasjonar i kulturbransjen, er Norsk Forfattarsentrum ein ikkje-profittorganisasjon. Målet er at budsjettet skal gå i null kvart år. Det fordyrande ligg berre i det at oppgåver må administrerast og at dei som administrerer desse oppgåvene, skal ha betaling for arbeidet. Det er vel sjølvsagt? Av ei årsomsetting på kr. 21 902 562, gjekk kr. 5 591 032 til administrasjon, og det tilsvarar 25,5 prosent. Norsk Forfattarsentrum er ei administrativ lågkostnadsbedrift, men ingenting er gratis.

DEN KULTURELLE SKOLESEKKEN-ordninga har nyleg blitt evaluert. Litt flåsete formulert skjedde det på den måten at ein forskar ringte rundt til nokre av brukarane og spurde kva dei syntest. Så forfatta ho eit langt og nærast uleseleg dokument som konkluderte med at brukarane ikkje hadde nok eigarskapskjensle overfor DKS-pengane. Samstundes vart mange av dei høyrde instansane avfeia med at dei hadde eigeninteresse i saka(!) Logikken verkar lovleg tynn. Sjølve fordelinga av pengane var visst ikkje noko tema i evalueringa.Hadde vi som gjer mykje av rutinearbeidet blitt høyrde, ville vi ha bedt politikarane om å tenke litt nøyare gjennom nettopp den fordelinga. Kulturformidlinga i Noreg er sett saman av fleire ledd: kunstnar-formidlar-mottakar. Skal ein styrkje kjeda, er ein nøydd til å styrke alle ledda, også dei «fordyrande» mellomledda. Det å få den rette forfattaren på rett skulebesøk er jo også ein kunst.