FORTEL OM NOREG:   «Dei 400 000 gjenstandane i slottet sine samlingar er interessante som kultur- og kunsthistoriske objekt. Størst verdi har dei likevel som bidrag til forteljinga om Noreg, monarkiet og medlemma av kongefamilien», skriv kronikkforfattarane. Biletet viser kroningsvogna til kong Haakon og dronning Maud frå 1906.  Foto: Lise Åserud / NTB Scanpix
FORTEL OM NOREG: «Dei 400 000 gjenstandane i slottet sine samlingar er interessante som kultur- og kunsthistoriske objekt. Størst verdi har dei likevel som bidrag til forteljinga om Noreg, monarkiet og medlemma av kongefamilien», skriv kronikkforfattarane. Biletet viser kroningsvogna til kong Haakon og dronning Maud frå 1906. Foto: Lise Åserud / NTB ScanpixVis mer

Kunsten å formidle levd liv

Eit slottsmuseum må formidle verdiar og roller, meir enn gamle pokalar og gåver frå fylkesturane.

Mange drøymer om eit eige museum for kongelege gjenstandar. Korleis skal framtidas slottsmuseum formidle levd liv, meir enn gamle kaffiservise, kjolar og ordensband?

Etter tronskiftet i 1991 opna kongeparet Det kongelege slott for folket. Sidan då har om lag 20 000 menneske kvart år besøkt den kongelege residensen. Men ynsket om openheit byr på utfordringar. Det kongelege slott er bustad for kongeparet og arbeidsplass for 150 tilsette. Her trengs omfattande logistikk og sikringstiltak. Eit eige slottsmuseum vil derfor vera eit svar på desse utfordringane.

Lokala for det framtidige slottsmuseet er av mange alt peika ut: Noregs Geografiske Oppmåling sine gamle lokale, eit steinkast frå Det kongelege slott. Men like viktig som spørsmålet om lokalitet: Kva skal eit slottsmuseum innehalde? Kva skal dei formidle? Kjolar, stolar, smykke og skåp. Dei 400 000 gjenstandane i slottet sine samlingar er interessante som kultur- og kunsthistoriske objekt. Størst verdi har dei likevel som bidrag til forteljinga om Noreg, monarkiet og medlemma av kongefamilien.

I slottets samlingar finst ein 200 år gamal langeleik. Instrumentet var gåve frå spelemannen Johannes Halden som i 1907 spelte for kong Haakon. Møtet gjorde nok inntrykk på Halden og var truleg ei kulturell openberring for kongen. Korleis kan møta mellom eit folk og ein monark i større grad prege framtidige temautstillingar?

Eller kva med ei utstilling om kongehusets kvinner? Kvinnene på slottet utfører meir enn sine offisielle pliktar. Dei er rollemodellar og representantar for si tid. Gjennom posisjonane sine har dei vore med på å skape rom for det samfunnet og dei verdiane vi har i dag: Likestilling, feminisme og kvinnekamp. Korleis kan eit slottsmuseum formidle verdiar og roller, meir enn gamle pokalar og gåver frå fylkesturane?

Minneutstillinga over kong Olav i 2003 greidde noko av dette: Presentasjonen av ein gamaldags monark - og på same tid - folkekongen som vi alle kunne identifisere oss med, gav oss eit minnerikt gjensyn med ein populær mann og ein akta monark.

Andre temautstillingar, seinast Den kongelige reise, har berre delvis fått til dette. For kva har kongefamilien sine reiser betydd for det breie lag av folket? Kvar vart det av reisa inn i hjarta våre? Utstillinga vart om ikkje anna ein endelaus parade av - ting.

Truleg vil det gå fleire år før dørene opnar til eit etterlengta museum. Innan den tid har slottsformidlarane fått høveleg tid til å førebu framtidige utstillingar - som skal røre og engasjere.

Følg oss på Twitter