NÆRVÆRENDE: Tross en ytterst skeptisk holdning er Agnes Ravatn svak for mindfulness-teknikker. Bildet er laget på www.keepcalm-o-matic.co.uk/.
NÆRVÆRENDE: Tross en ytterst skeptisk holdning er Agnes Ravatn svak for mindfulness-teknikker. Bildet er laget på www.keepcalm-o-matic.co.uk/.Vis mer

Kunsten å gjøre ingenting

Å, som eg hadde gledd meg til å skrive denne refsande teksten om mindfulness. Men så blei alt annleis.

SELVHJELP: For dei stakkars lesarane som framleis er lykkeleg uvitande om fenomenet: Mindfulness («medvite nærvære») er ei buddhistisk meditasjonsform utan buddhisme. Det vil seie: nokon har skore eit stykke av buddhismekaka, køyrt det gjennom ei sekulær kvern, og servert det til stressa folk i vesten som saknar balanse, klarheit og ro i liva sine, fortrinnsvis overarbeidde næringslivsleiarar, deira uproduktive tilsette, og småstressa, bloggande realityprogramleiarar. Det handlar om besinnelse, om å samle tankane, stenge ute støy, stresse ned, auke konsentrasjonen, dempe angst og negative tankar (allereie her begynner det å skurre - utan mine negative tankar er eg ingenting!).

Google, NASA og Apple bruker mindfulnessmeditasjon for å gjere folka sine meir produktive og meir kreative. I psykoterapien nyttar ein i aukande grad innslag av mindfulnessmeditasjon, særleg i samband med behandling av angst. Ein hær av glisande mindfulnesscoachar reiser rundt frå bedrift til bedrift for å heve effektiviteten. Og både i det amerikanske og i det norske forsvaret er mindfulnessmeditasjon integrert i treningsopplegget - som jo opnar for mange vinn-vinn-situasjonar. Skal ein først skyte nokon må det vere mykje betre å gjere det i ein tilstand av stor ro og klarheit enn i stress og kaos. Også for den som skal bli skoten: betre å få ei kule direkte mellom augo enn først i kneet, om ein likevel skal døy. 

Eg hadde bestemt meg for å gå grundig til verks. Tidleg i november las eg den grotesk pompøse boka til sjølve kongen av mindfulness, Jon Kabat-Zinn, og fekk absolutt alle fordommar stadfesta: det var som å lese ei kokebok forfatta av ein sukkerspinnseljar. Deretter prøvde eg å finne betre alternativ, men korleis finne ein god introduksjon til mindfulness utan dette ufatteleg irriterande, tomme, svevande nyreligiøse språket, denne businessifiseringa av «østens visdom»? Det gjekk så langt som til at eg måtte google «mindfulness for white supremacists», men også dét utan hell.

 Men sjølvhjelp kjem jo i så mange former, og då eg var i ferd med å gi opp det heile, kom eg over ein gratis iPhone-app («Headspace») med daglege ti minutts guida meditasjonsøkter i eit nesten påfallande kvardagsleg språk. Og dermed var eg i gang. Sitje rett og ned på ein stol, konsentrere seg om pusten, kjenne tyngda av kroppen på stolen, føtene mot golvet, hendene i fanget, vere til stades, ikkje la tankane vandre men halde merksemda retta mot pusten, brystet som hevar og seinkar seg... heilt ulideleg kjedeleg er det jo, og etter eit par dagar gjekk eg over til å bruke det som sovemiddel. Det er alltid når eg har lagt meg at stresset kjem byksande. Av og til held eg på å krakelere fullstendig i ein malstraum av oppkonstruert stress, bekymringar over uviktige gjeremål, kvernande tankar om alt som kan tenkast å gå gale i livet mitt og trivielle men like fullt viktige spørsmål som: «kan ein fryse fersk spinat, ja eller nei!?» (edit: ja). Men ved å samle alle desse sprikande tankane, gjennom å konsentrere seg om pusten, så blir eg alltid forbløffande roleg og sovnar fort inn.

Det kunne ha avgrensa seg til søvnen, og eg ville likevel vore fornøgd. Men utover desember oppdaga eg eit nytt bruksområde for mindfulnessmeditasjonen. Det er det same hjartesukket som dukkar opp kvar einaste adventstid: Om det berre fanst ein måte å stenge ute Harald Bredeli, utan å måtte slå av lyden på tv-en. I starten var det umuleg, men til slutt - eg svergar - lukkast det meg å mindfulnessmeditere stemma hans ut av heile sluttspelet i handball-EM.

Det planlagt flerrande, svovelspyttande åtaket på mindfulness-hysteriet fall altså i fisk. Kvar gong eg kjenner tilløp til irrasjonelt stress, dårleg begrunna irritasjon, hovudlaus multitasking og oppdemming av bekymringar - trekker eg pusten og lar det stå til. Eg er overtydd. Men overtydd om kva?

Her kjem nemleg den lykkelege konklusjonen: «Mindfulness» er ikkje så mykje anna enn eit oppblåst og sjølvhøgtideleg, kvasivitskapleg og new age-aktig «hallo, eg osar av mystisk visdom» - og eigentleg temmeleg synonymt med det folkelege fenomenet me kjenner som: avslapping. Ikkje avslapping framfor tv-en medan ein manisk les e-post, sjekkar twitter på telefonen og kjører i seg baconkrisp, men avslapping som i: no gjer eg absolutt ingenting. No hentar eg meg inn. No har eg augo lukka og det er stilt i rommet.

 Alle undersøkingar viser at dei som mindfulnessmediterer nokre minutt i løpet av arbeidsdagen, kjenner seg mindre stressa. Utruleg! Folk som tar seg ein liten pause frå arbeidet, blir meir avslappa! Dei ville mest sannsynleg fått akkurat same effekt av å lese Olav H. Hauge i nokre minutt, eller bygge korthus. Men det fine med mindfulnessmeditasjon er at det ikkje krev ekstrautstyr -  ein treng ein stol og knapt det. Det er heilt ukomplisert, det fungerer som det skal, det tar kort tid, og: det er heilt gratis. Du treng ingen kurshaldar for å lære deg å puste og seinke skuldrene. Du treng ikkje betale pengar for å skjøne at det i ein stressande situasjon er betre å besinne seg framfor å gi seg til å hyperventilere. Legg vekk telefonen, lukk nettavisene og deretter augo, trekk pusten djupt, og du vil truleg klare deg fint gjennom livet. Her er ingen grunn til å ruinere seg, lat lifecoachnæringa få segle nokon andre sin sjø. Ikkje eit vondt ord om ei veke mindfulness-retreat i flagrande klede i ein italiensk fjellandsby til 40000, men eg vil ikkje seie det er nokon naturleg stad å starte.

Derimot går det an å tenke seg ei lang rekke statlege mindfulnessbaserte tiltak for å seinke samfunnets høge skuldrer. Det følgjande forslaget skal helsestyresmaktene få heilt gratis: i staden for å rette skytset mot festrøykarane av alle personar, kva med å bruke pengane på ein storslått mindfulnesskampanje retta mot kommentarfeltskribentar?

Agnes Ravatn er journalist i Dag og Tid og forfatter. I denne serien i Dagbladet presenterer hun klassikere innen selvhjelpslitteraturen.

Agnes Ravatn skriver om selvhjelpsklassikerne i Dagbladet.
Agnes Ravatn skriver om selvhjelpsklassikerne i Dagbladet. Vis mer