SAKNAR GOD DISKUSJON: «Fotball og sport har ein for dårleg utvikla diskusjonsoffentlegheit. Med meir opplyst diskusjon vil ikkje berre kommentatorane kunne bli korrigerte; det vil verke skjerpande og dei som les kan lære av diskusjonen.» Foto: Sjur Stølen / Dagbladet
SAKNAR GOD DISKUSJON: «Fotball og sport har ein for dårleg utvikla diskusjonsoffentlegheit. Med meir opplyst diskusjon vil ikkje berre kommentatorane kunne bli korrigerte; det vil verke skjerpande og dei som les kan lære av diskusjonen.» Foto: Sjur Stølen / DagbladetVis mer

Kuppet i NFF

Som trenar på grasrota i fotballen har eg alltid sett på NFF som mine folk, som nokon som forvalta fornuft og anstendigheit. Slik er det ikkje lenger.

Debattinnlegg

I staden for å vente i 14 dagar til etter VM-kvaliken var over, fjerna leiarskapen i NFF Drillo i eit slags palasskupp: Toppfotballsjefen vart behandla som luft, fleire styremedlemmer kjende seg i ettertid lurte, melde både TV2 og andre kjelder. Det enda dessutan med total fiasko. Stortap, velgrunna påstandar om løgn frå fotballpresidenten og ei utbreidd kjensle av at folkehelten Drillo vart ròtent behandla. Saka vert endå vanskelegare å tole når vi no veit at alle andre resultat gjekk Noregs veg; Drillo kunne fått tidenes revansj. Drillo sjølv kalla måten sparkinga av han gjekk føre seg på, som personalbehandling på neandertalarnivå (TV2 14.10). Med omsyn til leiarskap får trioen Hallén, Siem og Høgmo David Brent i The Office til å arte seg som ein ny Steve Jobs.

Som trenar på grasrota i fotballen har eg alltid sett på NFF som mine folk, som nokon som forvalta fornuft og anstendigheit. Slik er det ikkje lenger. Om det ikkje skulle vere slik at Ola Bye Riise, Drillo sjølv, Sigrun Vedelden og fleire NFF-styremedlemmer alle fører oss bak lyset, står fotballpresident Yngve Hallén tilbake med betydeleg svekkja truverde. Det er ein uhaldbar situasjon. Leiarskapen i NFF må oppfattast som organisatoriske førebilete, ikkje det motsette. Den beste måten å gjenopprette fotballens tapte ære på, er å finne nye kandidatar til stillingane som president og generalsekretær i Norsk fotballforbund.

Korleis kunne det skje? Ei nærliggjande forklaring er at leiinga i NFF har latt seg leie av kampanjejournalistikken til Dagbladets Morten Pedersen og VGs sportsredaksjon med sin årelange Drillo-hets. Problemet er at i motsetnad til i politikk- og kulturdekninga, eksisterer det ingen diskuterande avisoffentlegheit der sportskommentatorane kan verte korrigerte.

Eg meiner denne ulukkelege situasjonen er eit resultatet av at fotball og sport har ein for dårleg utvikla diskusjonsoffentlegheit. Med meir opplyst diskusjon vil ikkje berre kommentatorane kunne bli korrigerte; det vil verke skjerpande og dei som les kan lære av diskusjonen. Her har aviser som Dagbladet og VG eit ansvar. Og dei har ein sjanse til å gå føre.