Kurt Nilsens metode

Då Jesus frå Bergen frelste heile musikkbransjen utan å endre ein skit.

Det skjedde i dei dagar då TV2 let lysa ut at det skulle skapast eit idol i Noreg. Kurt Nilsen, vokalist i det ikkje akkurat marknadsleiande bandet Fenrik Lane, sist sett uti snøvêret på Bylarm fordi dei ikkje vart vurdert som gode nok til å spele innandørs, ramlar inn på audition i Bergen.

I det han opnar munnen oppstår det ein situasjon. Det ein ser, ein vanleg mann i batikkmønstra hettegenser og mosegrøne jeans, samsvarer ikkje med det ein høyrer, nemleg ei god stemme. Dette var i 2002. Verda låg i mørke. Songstjerna Paul Potts selde mobiltelefonar. Fenomenet Susan Boyle sat heime og strauk på katten sin. Og borti USA var popstjerna Kelly Clarkson trygg på at ho skulle vinne World Idol.

Korleis kunne ein sei dette på ein fin måte? «Det var noe med engelskuttalelsen din» sa jurymedlem Lena Midtveit. Kollega Ole Evenrud: «Jeg synes du synger jævlig bra, men at du skal synge i et band». Kan me klandre dei? Hadde ikkje oppveksten din, anten du blei oppdratt mellom nittitallets boyband eller som tilskodar til sekstitallets manneband lært deg at du måtte være dritfin for å være popstjerne? Perfekt popstjerne eller ruskete rockestjerne.

Eit halvår seinare skjer likevel det umoglege: Den lune Gaute Ormåsen frå Brumunddal, oppfostra på solmetta markjordbær og kortreist fløyte møter den flirande Kurt Nilsen, rørleggaren frå Bergens største burettslag, i finalen. I Dagbladet påpeiker journalist Magnus Rønningen at Kurt Nilsen er favoritt nettopp fordi han ikkje har den gylne huda til Gaute eller dei borande, seksuelle auga til tredjeplassvinnar David Pedersen.

Ingen har tid til å svare den einslege kritiske røysta. Me må fylle chips i skåler, sette brus på kjøling og invitere til tv-fest. Meisterskapsssuget, vanlegvis kun tilstades under Melodi Grand Prix og VM-finale, er komen til gards. Mellom tre- og fire tusen samlar seg på Torgallmenningen for å sjå på storskjerm. Pressetalsmann Bjarne Laastad har travle dagar på jobb. Stemmer det at Kurt Nilsen har blitt sjuk? Å nei! Skal draumen hans, vår kamp, knusast på grunn av halsbetennelse?

Oppkjøringa er med andre ord perfekt. TV2 er for lengst innarbeid på fjernkontrollen og 1,1 millionar tv-sjåarar vel denne kanalen 23.mai 2003. Det er ikkje berre dei med partall til slutt som kan ringe inn og stemme denne kvelden. Alle med mobil kan. Mor mi stemmer sympatisk nok på begge finalistane.

Denne kvelden var musikk- og tv-bransjen på veg til helvete i eskalerande tempo. Det var ikkje lenge sidan Napster og enno lenge til iTunes. Det var cd-rom, internett og heimebrenning. Internett, smale dvd-plater og Super Mario sneik seg under dørkarmen og fjetra ungdommen før dei rakk å bli hekta på reklameoppstykka tv-seriar. TV-bransjen skalv. Musikkbransjen beit negler.

Så løfta Kurt Nilsen frå Bergen begge hendene i veret og alt stoppa. Ingenting skulle lengre bli annleis. Alt skulle bli som det alltid hadde vore. Dei unge kom tilbake til TV2. Folket hadde funne noko dei kunne elske, noko dei var villige til å bruke pengar på. Kurt Nilsen vann Idol. Koden var knekt, kongen var komen. TV-skjermen virka igjen.

939.526 stemmer kom inn. Der har du ei historie til barnebarna: Me brukte 4,5 kroner kvar på å bestemme kven som skulle vinne. Kunne du vinne noko sjølv? Nei, men me kunne få kjøpe ein singel. Singel? Ja, ein enkeltsong. Kjøpe? Ja. Kunne du ikkje berre streame? Nei.

Kurt Nilsen sel over 100.000 singlar. Salet av cd-singlar i august 2003 vart sjudobla samanlikna med fjoråret. På VG-lista ligg Idol-Gaute, Idol-David og Idol-Kurt i topp. Det einaste ukjente bandet Kurt Nilsen hadde rørt, danske Saybia, suste inn på 9. plass på VG-lista med ei årsgammal debutplate. 3,3 millionar stemmer gir TV2 grovt rekna rundt 15 millionar kroner på ein og same programserie. I Stavanger må dei hyre inn seks vakter då Kurt Nilsen skal signere plata si.

Men fjernsynet sin magi høyrer til augeblikket. Same haust må Idolvinnaren flytte konsertane sine til mindre klubbar, før julesalet går han ut av VG-lista. Platesalet stuper igjen. Sjølv Saybia seier dei er leie av Kurt Nilsen.

I snart ti år har det dette augeblikket forma vår helgeunderhaldning. Forsøka på rekonstruksjon har vore mange. Me vil alle tilbake. Sjåarane vil ha gleden og kjensla av at ein har reell makt, bransjen vil ha håpet og ungdommen vil ha hovudrolla. Men kvar gong tekstmeldingane vert talde opp og konfettien haglar over ein Kjartan Salvesen, ein Sirius, ein Chand Torsvik så viser det seg at den allmenne ekstasen, dei imponerande tala og trua på endring er fråverande. For kvar gong dette skjer blir håpet om at 23.mai 2003 vil skje igjen litt mindre, og mistanken om at fjernsynet sin frelsar er å finne ein heilt annan stad, litt større.

Anne Gunn Halvorsen er journalist i Dagbladet og satt i tv-kåringens jury.

Les i morgen: Tv-historiens 11. viktigste øyeblikk: Dynen som ikke ble løftet.